Nightmare on Elm Street (2010) Foto: Warner Bros. / New Line Cinema

A Nightmare on Elm Street (2010)

Eg likar å sjå kjære skrekkfilmseriar i ny, oppdatert drakt, berre for å sjå korleis dei ville sett ut i det og det tiåret. Og ofte likar eg filmane, utruleg nok! Friday the 13th-remaken var knall, same var Evil Dead og Candyman frå same tiåret. Mest av alt er eg fan av Halloween-rebooten frå 2018 til 2022 – alle tre! Alle desse skal eg skrive om etter kvart.

No er det gjensyn av A Nightmare on Elm Streetrebootmaken som gjeld, som allereie er 16 år gammal.

Skrekkforteljinga

Filmen går ut ifrå at alle veit kven Freddy er, verkar det som. Ein overnaturleg skapning drep ungdommane éin etter éin i draumane deira. På grunn av Sins of the fathers – med andre ord: foreldra si skuld, akkurat slik som i fabelen om Rottefangaren frå Hameln.

Nightmare on Elm Street (2010) Foto: Warner Bros. / New Line Cinema
Kyle Gallner- A Nightmare on Elm Street (2010) Foto: Warner Bros. / New Line Cinema

Filmdisseksjonen

Han startar rett på sak i ein diner – rett inn i draumeverda der ein ungdom skjer over halsen sin rett framfor venninna si, Kris. Kris får mykje speletid. Er dette den nye hovudpersonen, tenkte eg. Men ho er jo blond!?

Innan tjuefem minutt blir ho òg teken ut av likninga, der ho flyg til vêrs opp i taket, som Tina i originalen, og SVUSJ – får buken spretta opp av Freddy sine knivar. Så filmskaparane prøvde seg på eit Hitchcock-grep frå Psycho der. Det funka ikkje.

Ganske snart er det tydeleg at denne rebootmaken er ein best of Elm Street og ikkje prøver å kome med noko nytt. Ein blir lei i lengda av å fundere på kva som er draum og kva som er ekte, heilt til grepet blir fullstendig oppbrukt.

Den ekte brunetta og hovudpersonen, Nancy, har hittil berre vore i bakgrunnen. Klart Nancy tek seg eit bad i badekaret der Freddy sin hanske dukkar opp mellom beina hennar medan ho ligg der med lukka augo. Dette er ikkje smart – for då vil eg heller sjå originalen, ekte Wes Craven-varer.

Kva med å kome på noko nytt? – A Nightmare on Elm Street (2010) Foto: Warner Bros. / New Line Cinema

Her er òg ei scene på eit soverom der Freddy kjem ut av ein vegg med ein fæl CGI-look. Dette blei løyst med lateks i dei gode, gamle, praktiske dagane!

Freddy Krueger er spelt av Jackie Earle Haley, kanskje mest kjend frå den filmen Watchmen. Eg synest han gjer ein god Freddy! Det var god å sjå eit steg tilbake til originalen, med litt mindre «humor». For heilt ærleg blei Robert Englund ein parodi på seg sjølv med all humoren som gjekk inn i Freddy. I ein slik grad at han blei ein klovn, og lite skremmande. Haley kunne ha blitt knall, OM han berre fekk eit skikkeleg manus.

Haley som Krueger – A Nightmare on Elm Street (2010) Foto: Warner Bros. / New Line Cinema

Slaktarbenken

2010-versjonen lener seg altfor hardt på originalen og prøver ikkje i det heile å kome med noko nytt. Manuset er eit mareritt – alt skjer altfor raskt, og vi får ikkje tid til å knyte oss til karakterane.

Filmen prøver halvhjarta å utforske Freddy Krueger som ein pedofil som lokka barn til seg. Eg kjende meg ganske ambivalent til akkurat det grepet. Var det eigentleg nødvendig? Og viss dei først skulle dra inn noko så mørkt, kvifor ikkje utforske det skikkeleg, i staden for å berre la det henge der som eit kjapt sidenotat?

I motsetnad til Friday the 13th, der karakterane berre er Jason-føde og sjølve Crystal Lake er hovudpersonen, har ikkje Elm Street ein slik type atmosfære eller uskuldig moro. Og draumar i film OG tv-seriar (som The Sopranos) er i utgangspunktet kjedeleg for meg. Det blir for enkelt å rote seg vekk i draumeland. A Nightmare on Elm Street 1 og 2 er unntak, og til dels den tredje.

Mykje drøyming – kva tid er det draum, og kva er ekte? Dette er plagsamt. Nancy er for det meste anonym. Eg får lyst til å ta den feitaste slaktarkniven min og sprette opp heile filmen!

A Nightmare on Elm Street (2010) Foto: Warner Bros. / New Line Cinema

Men eg likar Haley som Freddy. Clancy Brown er med her, noko som gir ein liten bonus. Kyle Gallner frå The Haunting in Connecticut og den knallgode perla frå i forfjor, Strange Darling, er eit godt bidrag. Eg har verkeleg fått sansen for han. Nokre scener er i tillegg tøffe og blodige. Og eg fekk jo sett filmserien i ein 2010-utsjånad – som var hovudgrunnen for gjensynet. Derfor er eg snill, legg vekk slaktarkniven, vel skalpellen og gir:

Øksekast: 2

Eg trur, for å få til ein skikkeleg Freddy-film att, må dei skrote absolutt alt, kome på noko heilt nytt og ta eit veldig kunstnarisk steg. Og aldri ansett ein regissør (Samuel Bayer) som aldri har laga skrekk før, men kun musikkvideoar og reklamer. Vel, he he. Ridley Scott, osv – ein plass må dei starte.

Meir SKREKK? Friday the 13th (1980)

A Nightmare on Elm Street (2010)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *