Friday The 13th (1980)
Regi: Sean S. Cunningham
Norsk tittel: Fredag den trettande (1980)
Ki ki ki, ma ma ma – la det vere sagt ein gong for alle at Harry Manfredini, filmserien sin komponist, har sagt at det er ki ki ki, ma ma ma. Kvifor? Fordi det er stemma hans, og fordi ki står for kill, og ma står for mamma. Personleg, og uansett kva Manfredini meiner, høyrer eg berre ji ji ji som i: Jason, Jason, Jason.
Camp Crystal Lake er min feriedestinasjon nummer éin. Eg har reist dit fleire gongar i løpet av livet mitt, seinast for tre år sidan, og no var det på tide igjen. For meg er Fredag den trettande-filmane RELIGION, for eg er frelst og har vore det i førti år.
It’s got a death curse!
Slakteplanen 🪓🩸
Ein notorisk sommarleir blir klargjord av ei gruppe ungdommar for årets sommarsesong. Ein gammal skrulling, Crazy Ralph, prøver å åtvare dei! Dødsdømt, seier han. Men før det får vi ein intro: Nokre år tilbake er leiren i full drift. To tenåringar snik seg vekk frå å synge salmar rundt peisen, går opp på eit loft og blir drepne like før sexakta. Tilbake til notida. Medan dei dødsdømde klargjer leiren, blir dei drepne éin etter éin.
Ja, for det er akkurat det Fredag den trettande handlar om: slakt av ungdom, éin etter éin. ELLER to fluger i ein smekk! Men her er det reglar: Har du sex, er du død. Spesielt under akta. Går du åleine ein plass medan musikken til Manfredini ligg på lydsporet: garantert død. Mest sannsynleg fordi du høyrde ein lyd ute i skogen, eller under eit nakenbad. Men er du jomfru, eller ei aseksuell tenåringsjente, er sjansane store for at du overlever filmens standardlengde på 90 minuttar. Skadd for livet, ja, men med strupen bevart.

Nesten som ein prequel
Einaren er annleis. Her har det blitt gjort baklengs: DEI LAGA PREQUELEN FØRST. Og det er ein flott fabel, bibelsk sett: Det gamle testamentet, tida før skrekkens Kristus: Jason Voorhees. Eg var ikkje så begeistra for originalen i gamle dagar som eg er no. Alt er ikkje heilt på plass, men minst 70 % av Friday-tropane er her: musikken, POV-filming frå mordarens perspektiv, og til og med gory effektar signert Tom Savini. Dei er kjappe og gode, men ikkje så saftige som dei skulle bli gradvis utover i serien.
Men Friday the 13th har aldri handla om splattereffektane åleine, i alle fall ikkje for meg. For meg handlar han om ungdommane, Camp Crystal, naturen, dødsblikk og skrik, testosteron og østrogen – hormona i sving, sex og synd. Han handlar om kano. Pil og boge-blink. Dårlege spøkar, guten som ropte ulv. Og minimalismen!
Originalen har dette. Eg storkosar meg når ungdomen som skal styre leiren, driv og held på med oppussing og planlegging, samstundes som vi får sjå gruppedynamikken. Kven som er kåtpeisane, eller klassens klovn som er desperat etter jenter, men som aldri endar opp med å døy under to fluger i ein smekk, men heller åleine ein plass inne i eit skur. Ungdommane er veldig stereotype, men akkurat denne tida i livet er kanskje stereotyp.

Øksa i skallen
Eg blir like overraska kvar gong over kor fort vi blir kasta inn i slaktinga. Denne gongen tenkte eg: Ja, men ungane kjem vel snart. Det brukar å vere ti ansvarlege og femti ungar, men no blei eg faktisk usikker på om det nokon gong skjedde i dei andre filmane at ungane faktisk kom til leiren. Gullfiskhukommelse, sjølv om eg har sett desse filmane ein god del! Vel, elles er det strippemonopol, badescenar og vind, regn og uvêr på nattestid. Og eg har verkeleg storkosa meg!
TERNINGKAST 5
Skrekkfakta:
Kevin Bacon spelar her i ei tidleg rolle, det synest eg er kjekt!
Favorittkarakter:
Klassens klovn!
Beste scene:
Dels klimakset med den store avsløringa. Og ikkje minst, den nest siste scena.
🩸Totalt tal på drap/dødsfall🪓 : 10

NYHEIT: SKREKKFILM HAR FÅTT EIGA MENY!



