Å Skrive om Film

Det har gått to år sidan eg begynte å skrive om film og “anmeldelser” på Letterboxd. Eg har prøvd korte, hyperkorte, medium og nokre få lange. Har også skrive filmanmeldelser i Haiku-form, noko eg gav opp rimeleg kjapt. Letterboxd blei fyrst brukt til rein filmdagbok-notater, så mine meninger til den som gadd  å lese. Det utvikla seg til eit kompromiss der eg skriv for meg sjølv og den som er interessert. Har blitt veldig glad i Letterboxd, for det er kjekt å vere med på fellesskapet og lage lister, og bedrive hardcore nerding. 

I starten tenkte eg å skrive som om eg var Ebert eller ein anmelder for ei avis (høge ambisjoner). Problema var mange.

 Nr 1. Eg manglar kunnskap i skrivekunsten. Har ikkje skrive noko særleg sidan allmenne fag og der fekk eg 3 i norsk(begge måla). Så min norsk er svak. Men eg tenkte at å skrive og skrive og skrive ville gjere meg sterke i språket. Har ikkje merka særleg framgang, så kanskje treng eg å studere litt grammatikk. Eg kan jukse og køyre teksta gjennom Open AI, NRK gjer det trass alt – MEN då lærer eg ikkje ein skit. Samtidig vil eg skrive nynorsk, men er sterkare i bokmål (alle filmer var tekstet på bokmål på åttitallet). Derfor skriv eg ein hybrid variant som garantert vil bli landets hovedmål i år 2100.

Nr 2. Tålmodighet. Når eg skriv ein liten anmeldelse eller ein post på bloggen, ønsker eg å poste asap etter skriving, istaden for å jobbe med manuskript med stor innsats og bruke tid. For å skrive slik må ein vere disiplinert, ein dyd eg mangler. Jobber med saka. Nokre ganger føler eg å køyre på passer bra for meg, men meir og meir blir eg tålmodig. 

Nr 3. Kva pokker skal ein skrive!? Eg har googlet og studerte andre sine anmeldelser på profesjonelt nivå. Det ser så enkelt ut slik Ebert skriver, inntil ein sitt der sjøl og innser dette er slettens ikkje enkelt. 

Så i starten skreiv eg slik:

  1. Ein intro om filmen, skuffelse eller entusiasme. 
  2. Handlingen. 
  3. Korleis eg opplevde filmen. 
  4. Konklusjon 

Men kven gidder å lese slik lang anmeldelse på Letterboxd? Der er tusenvis av andre som skriv slik og dei har sine faste kritikere dei les uansett. På Letterboxd les eg no for det meste av dei eg følgjer og kjenner frå filmskya på Bluesky. 

Haiku filmanmeldelse.
Eit forsøk på Haiku-filmanmeldelse!

Nr 4. Gjentagelse. Når ein har skrevet anmeldelser ei stund ser man eit gjentagende mønster, som ein blir fryktelig lei av. For eksempel : “nydelig kamerabruk og god lyd” eller “veldig bra skuespel, Oscar neste” eller “veldig overfladisk film – meir stil enn substans” eller “dette var ein generisk film” etc. Og det er berre ikkje eg som skriv slikt, også dei tusen andre. Her er det fleire personlege problem eg har erfart:

“Generisk” blir brukt ein del, og den blir brukt som oftast for å beskrive ei historie vi har sett mange ganger før og som om det var kunstig intelligens som skreiv manus. Men film er uansett resirkulering av det som blei laga før. Ingen historier er originale, men kokt opp på same bein sidan Hollywood blei oppfunnet. Film er ikkje oppfinnelse, heller ein raffinering. Eg føler dei fleste anmeldelser er generisk, eg syns dei fleste folk er generisk, eg er generisk! – men eg skjønner teikninga når “generisk” blir brukt. Eg prøva å unngå det. 

“Stil over substans” – ein overfladisk men vakker film utan dybde. Filmen ser knall ut, men eg (sjåaren) føler ingenting. Veldig veldig mange bruker omgrepet. Men er ikkje film eit visuelt medium? Kor mange filmar ser flott ut, men manglar dybde? Blade Runner, Avatar, osv. Då vil andre sei at stil over substans er kor bra historia er formidlet, at manus fungerer etc – men dette punktet er innvikla og krev sin eigen artikkel. 

Blade Runner -stil over substans?
Blade Runner – Stil over substans?

“Godt skuespel, nydelig kamerateknikk” osv… Ein beskrivelse av kor bra det tekniske i filmen er. Dette blei eg raskt lei av, til det punktet det gjer vondt å skrive. Problemet er at dei aller fleste filmar i dag er teknisk knallbra , alle skuespillere er gode (nok) og det er vel ikkje anna å vente sidan verda er stappa med ivrige filmstudentar som er flinke og gamle veteranar frå celluloidfilm-tida. Det tekniske er det mest kjedelige eg les av det eg skriv ,og av absolutt alle andre. Samtidig må jo det til? Her må koden knekkes. 

Så då har eg dempa meg på det område inntil vidare, fordi eg er lei gjentakelsen. Andre problem?

Kva med ein skuffelse eller positiv opplevelse? Filmen var elendig. Filmen var fantastisk. Det er ikkje enkelt å kome med eit originalt språk som beskriv ein oppleving av film. Eg kan bruke store ord “FANTASTISK” og “MESTERVERK” – det siste ordet hater dei fleste proffe å bruke for ofte. Om negative opplevelser: eg skreiv i ein kritikk: “Filmskaperne kan tørke seg i ræva med den Palme d’or prisen” – kvifor gjorde eg det? For å vere sarkastisk (noke folk hater) og morsom (folk hater) og rope høgt for å få merksemd i eit hav av anmeldarar og influensarar. Seinare sletta eg det, følte eg sank litt for langt. Med mindre ein studerer flotte adjektiver i framandordboka er man stuck med klassisk skryt eller slakt. Men det lønner seg å ha mange verktøy i kassa – i mi kasse er det få. 

Men ja, problema er mange. To år inn og eg har testa alt mogleg, så no skriv eg kortare og har slutta å late som eg er avis-anmelder. Korleis klare å skrive kritikk år for år og 700-1000 filmer i året utan å bli lei av det ein skriv og lei av å sjå film, forstår eg ikkje. Kanskje er det berre å skrive vidare inntil den dagen ein plutseleg høyrer si eiga indre stemme – først då blir det moro. 

Roger Ebert var profesjonell journalist utan filmutdanning, og lærte seg film underveis. Han var så dyktig på å skrive lidenskapleg og subjektivt – altså han brukte alle sine erfaringer utanfor film og sprøyta det inn i anmeldelsene, og  på den måten var han alltid fresh. Viktigste var hans ærlighet, som er sikkert grunnen til at han er universalt elsket, oppå eller under sin eminente prosa. 

Roger Ebert vinner Pulitzer.
Roger Ebert vinner Pulitzer.

Den moderne filmkritikar skal liksom vere objektiv og unngå subjektive meiningar – ikkje samd her. Då endar alle med relativt like anmeldelser og kven gidder å lese objektive anmeldelser utan snev av personlighet. Gi meg din meining, ikkje kva som er korrekt og kva andre proffe kritikere meinar – eg forlanger ærlighet! Digga du filmen, ja eller nei. Aldri sei du likte filmen, men som kritiker var den dårlig. Roger Ebert var høgst subjektiv og han var den første filmkritiker som vant Pulitzer. Dog er dette min personlige mening og beklager på forhånd om nokon blei fornærma. 

Så her sit eg, prøver å finne min stil, min stemme, og er lei av å sjå stemma mi som gjentek seg sjølv. Eg har kome til ei sunn og kritisk tid som Letterboxd “anmelder” og det er fordi eg ser alle gjentakelser hos meg sjølv og andre. Derimot har eg oppdaga ein veldig viktig ting: eg syns det er kjekt å skrive og dele det. For to år siden kunne eg aldri ha forestilt meg det, så alt eg treng er å skrive, skrive, skrive.