Kvifor eg logga av for godt: Eit endeleg farvel til Letterboxd
Eg blei aktiv i 2023. Kontoen oppretta eg eigentleg i 2017, men han blei lite brukt. Og noko filmloggar har eg aldri vore, heller ikkje på IMDb (bortsett frå fysisk filmdagbok). I 2023 var eg nyfiken på mediet. Eg såg at fleire brukte det på Filmtwitter, så eg byrja sjølv å logge, lage lister, og følgje diverse folk. Det var absolutt kjekkast det første året.
Dette var før eg byrja å blogge om film. Planen min var å skrive om kvar einaste film eg såg, slik at eg fekk bygd meg opp litt erfaring rundt filmkritisk analyse. I starten testa eg ut mykje – haiku-filmmeldingar og liknande. Men sjølve skrivinga fekk først testa seg skikkeleg då eg starta den første bloggen. Det er annleis å drive blogg og styre kva ein legg ut, merka eg.
Så starta eg Filmloftet. Eg fekk domene og måtte lære meg på nytt korleis WordPress fungerte. Då det var gjort, kom det eit endå større press på skrivinga. Men skreiv, det gjorde eg. Det blei lengre ting å skrive om på bloggen, og på Letterboxd skreiv eg kort om filmar som eg ikkje orka å skrive lange artiklar om.
Så tenkte eg: Kva med å leggje ut det eg skriv her på Filmloftet, direkte på Letterboxd òg? Det gjorde eg, og snøballen byrja å rulle. Enda ein konto blei laga. Brått sat eg der med to Letterboxd-kontoar, og eg var stressa.
SPOILER-ÅTVARING: Nedanfor kjem sanninga om kva filmlogging gjer med hjernen din.

Stress og digital avhengigheit
Første grunn til at eg sletta alt: stress. Og avhengigheit. Letterboxd, som alt anna i sosiale medium, er designa for å trigge avhengigheit – for å syte for at vi heng der mest mogeleg. Har du merka kva som skjer når Letterboxd er nede? Det oppstår totalt kaos på Reddit. «Kva? Nede? Kva skjer? Når er det oppe igjen?!» Avhengigheit. Når produktet ikkje er der, kjem skjelven.
Kjemiske hjernereaksjonar
Eg merka at noko skjedde med meg i samband med sjåinga av film – både før, under og etter filmen. Om ein tenkjer – I DET HEILE TEKE – på Letterboxd under ein film, er det eit stort, raudt flagg. Slik skal ikkje film opplevast. Men det gjorde eg, nesten kvar film den siste tida.
Og før filmen: «Kanskje dette er ein kul film å logge?» eller «Kanskje eg skal velje ein ny film i dag for å vise at eg heng med i tida?». Letterboxd låg der i lufta, faktisk heile dagen, kvar einaste dag. For når vi har følgarar, har vi eit publikum, og undermedvite står vi på ei scene à la Facebook. Folk følgjer med.
Etter filmen handla alt om å logge snarast mogeleg. Få den kjappe analysen ut! Og gjere han morosam eller følsam, i det minste noko underhaldande. Eller skrive noko kort – ein smart og artig one-liner som tek Letterboxd med storm, slik at skummet fresar ut av kjeften når likes haglar inn, og du for første gong opplever å gå VIRALT! Det er den nye, moderne orgasmen alle jaktar på.
Slik er det. Før, under og etter filmen. Så er det vidare til neste film, og repeat. «Likes» er skadeleg for dei av oss som likar løn for strevet. Inst inne vil vi alle bli likte, slik at vi kjenner at vi betyr noko for samfunnet. Likes er noko drit.
Filmsjåing som ekstremsport
Letterboxd har også forandra filmsjåing til noko fælt: sport. Akkurat som i ein konkurranse skal ein logge filmar. Der finst veteranar som har sett 15 000 filmar. Sjølv låg eg på cirka 6000 sette filmar. Mange veteranar loggar kvar minste kortfilm, dokumentar og miniserie – alt berre for å få opp talet.
Når ein fersking kjem inn i gamet med 500 stadfesta sette filmar, føler denne ferskingen seg kanskje som ein noob, og byrjar å sjå film som ein galning for å få opp talet sitt til eit respektert nivå. Nei, då handlar det ikkje lenger om film.
Heile tida er det nye konkurransar på Letterboxd: sjå filmar frå ein spesiell verdsdel, Junesploitation, Spooktober, klassiske filmar, kunstfilmar, B-filmar. Heile tida er det noko – ein indre og ytre konkurranse om å sjå film. Mest mogeleg. Det blir som å kaste kol i elden på ei dampmaskin berre for å halde seg sjølv og Letterboxd gåande på maks fart. Det er ikkje slik filmglede skal vere, der alt handlar om tal og rangering.
Alle er ikkje like. Nokre klarar å halde seg edruelege og bruke appen med fornuft. Eg er ikkje slik, men eg veit at eg heller ikkje er åleine. Eg såg mange som meg på Letterboxd. Hadde eg det kjekt under Junesploitation og Spooktober? Ja. Men eg blei øydelagd kvar bidige gong, og eg merka at noko ikkje stemte. Noko var feil.

Gratis arbeid og rettar
Alt vi skriv på Letterboxd, eig vi ikkje sjølve. Det er som med alt anna Big Tech – vi kundane er dei som jobbar for sosiale medium, slik at dei på toppen blir rike. Om du jobbar knallhardt, skriv gode filmomtalar og skaper stort engasjement på Letterboxd som trekkjer endå fleire folk dit, er det rett og slett gratis arbeid for dei som eig plattforma.
Og tenk på makta dei sit med. Når som helst kan ein Elon Musk-type kjøpe Letterboxd – men for å kome til det punktet, må dei auke verdien i selskapet. Det betyr forandringar, konstant. Veteranar på Letterboxd, som var der frå starten av, fortel meg om ei vidunderleg verd med eit fantastisk miljø. Heilt til dei gjekk kommersielt. Sjå på IMDb, det same skjedde der. Og det same kjem til å skje med Letterboxd, tippar eg.
Det einaste eg kjem til å sakne
Det beste med Letterboxd, var folka. Det er det einaste eg kjem til å sakne – visse folk som veit kven dei er. Hadde eg kunna gjort Letterboxd-reisa på nytt, reist tilbake i tid (før eg blei misbrukar), så hadde eg gjort følgjande: Eg ville KUN følgt folk eg kjenner, og halde den lista kompakt med maks 30–40 vener. Det er som med Facebook; alt over det rotar berre til alt. Og så hadde eg berre logga film, utan stress.
Men no er pølsa kokt, og ei kokt pølse er det berre å kaste. Eg sletta Letterboxd-kontoane mine for 24 timar sidan, og det kjennest veldig bra.

Jeg forstår godt hva du skriver. Det virker som Letterboxd tapper deg for (film)glede og energi. Da er det antagelig riktig for deg at du slutter å bruke det, noe som selvsagt er synd for oss andre. Men det er veldig fint at du fortsetter å skrive om film på Filmloftet! Det er i det store bildet viktigere.
Selv tok jeg LB i bruk sent i 2023, og jeg ser for meg at jeg kommer til å bruke det så lenge det er mulig.
Synes rett og slett at LB er et helt fantastisk godt og nyttig verktøy. Jeg har ikke verdens beste hukommelse, og LB «tvinger meg» (på en positiv måte) til å formulere noen ord om filmene, noe som på sikt gir meg en systematisert oversikt over alt jeg har sett og hvordan jeg vurderte det. For meg gir særlig det en stor merverdi.
Jeg lar meg også begeistre over den personlige statistikken LB kan tilby. I tillegg oppdager jeg jo flere filmer takket være LB som jeg ellers aldri ville oppdaget, og bruker nå aktivt funksjonen watchlist-funksjonen for ikke å glemme filmene jeg vet at jeg vil se senere. Et annet personlig gull er listene. Aller mest benytter jeg private lister rent praktisk, bl.a. har jeg private lister for ulike strømmetjenester (f.eks. «filmer jeg skal se på Criterion Channel» osv.). Dette kan man selvsagt ha på de ulike strømmeplattformene, men det er mye bedre å ha listeoversikten samlet på LB, særlig fordi jeg på LB kan sortere helst spesifikt etter nyttige parametere som eksempelvis spilletid, årstall, sjanger, nasjonalitet når jeg skal velge film for kvelden. Opp gjennom årene har jeg også prøvd flere apper/nettsider som er lagd spesifikt for å holde orden på fysisk format-samlinger av film, men nå bruker jeg kun listefunksjonen i LB, rett og slett fordi den tilbyr overlegent best på funksjonalitet.
Jeg bruker LB tett på daglig og kanskje litt for mye, men heldigvis føler jeg meg ikke som en slave. For meg blir LB en tilførsel av entusiasme for film, ikke det motsatte, og derfor velger jeg definitivt å bli værende (selv om det blir litt fattigere uten dine oppdateringer i feeden).
Takk for eit godt, opplysande svar, Trond. Det viser den positive sida av Letterboxd som eg ikkje laga plass til her. Bruk av databasen og listene med eit eige system er utan tvil gull for filmglade folk. Om eg nokon gong kjem til å lage meg ein konto der igjen, blir det for å nytte desse verktøya (men i skjul og privat). Inntil vidare klarar eg meg utan.
For meg, diverre, blei Letterboxd så altoppslukande – nesten synonymt med filmsjåing, som om eg levde i ein symbiose av eit slag. Og den siste tida merka eg at aktiviteten på Filmskya og her på bloggen gjekk ned, og eg slo på den raude naudbrytaren og gjorde effektivt slutt på heile Letterboxd-eventyret. No blir Filmloftet hovudfokuset mitt. Og personleg lærdom: aldri gå over til engelsk 🙂
Kjem til å sakne dokke – den harde kjernen. Men følgjer med på speilet, og filmskya!
Blir gøy å følge deg her på bloggen, kul look har den også fått!
Takk Julian! 🙂 Skal omsider kome sterkt tilbake, her på bloggen! Skal også jobbe endå meir med «looken» på bloggen, som for min del er halve morroa 😀
Kjipt å miste en positiv, dyktig og bra person på LB. Du er en av de få som jeg alltid leste filmreviewsene (på godt norsk) til på filmene du logget. Du har en utrolig god formidlingsevne og du er kjempeflink til å skrive interessante og gøye innlegg. LB blir garantert fattigere uten deg der. Men… da får jeg i det minste anledning til å bruke bloggen din flittigere! Den blir kjekk å følge fremover. Lykke til og god sommer Frank
Kjem til å savne deg, bror og far din! Var utruleg kjekt å følge med på dokkar filmreise – hels så mykje! Eg skal prøve å mekke ei side som eg kan skrive kortare reviews a`la Letterboxd her ein plass. Men først skal eg avruse meg på film. Det har vore intense tre år med ufatteleg mykje film, så no måtte eg berre ta ei pause, og så skal eg slå på tromma og ro tilbake etter sommaren med lada batteri. Takk Stig, dette setter eg stor pris på! God sommer! 🙂 🙂