Personlege Filmar

Personlege filmar

I mitt liv med dedikert filmsjåing har eg sett mykje film av ymse slag.

Det eg no vil snakke om, er filmar som er høgst personlege. Dette kan vere mangt – frå gløymde perler til filmar folk flest ikkje bryr seg om, men som ein gong i tida hadde stor verdi, har klistra seg til «sjela» di og er med deg resten av livet.

Så eg vil skrive litt om kvar film på denne lista.

Mickey Rourke hadde stor betydning for meg på tidleg nittital. Det var spesielt tre filmar eg var oppslukt av. Den første var:

9 ½ Weeks (1986)

Personlege filmar
9 ½ Weeks (1986)

Eg lånte han på VHS av ein ven av den eldste broren min. Eg var femten år. Eg hugsar alt som om det var i går. Alle hadde lagt seg i heimen. Oppe i stova sette eg inn kassetten, heilt åleine seint på kveld i mørkret. Korkje tid eller omverd eksisterte; eg forsvann hundre prosent inn i filmen, inn i verda til Adrian Lyne med sin fantastiske stil og estetikk, og til karakterane Elisabeth og John, spelt så overbevisande av Kim Basinger og Mickey Rourke.

Erotiske kjærleiksdrama var aldri interessant for meg før, men eg fall pladask.

Folk som leiger han, trur ofte at det er ein romantisk film. Eg synest òg han var romantisk den gongen, men forstod ikkje «konsekvensane» i eit slikt vaksent forhold. Filmen handlar om to personar som møtest ei helg, på ein føremiddag medan dei shoppar i ei koseleg gate i New York. Dei får augekontakt og er tiltrekte på sekundet. Dei byrjar å date, og alt verkar så spennande og leikent.

Etter kvart viser John ei merkeleg side; at han likar å pushe grenser, å få med Elisabeth i ein slags pirrande erotisk leik. Ho er motvillig, men går med på det. Midtvegs går filmen over til noko mørkare – leiken har gått over styr, og begge er som eit tog utan sjåfør på veg mot eit smell. Då slutten kom, var eg så lei meg! Eg var så sint på John: Kvifor kunne han ikkje vere normal!? Kvifor kunne dei ikkje vere NORMALE!

Men eg var femten.

Eg forstod ikkje korleis verda fungerte. Då eg las boka om den verkelege Elisabeth, forstod eg alt. For dette var basert på ei sann historie, ei verre ei, der Elisabeth blei slaven til John i eit ekstremt lidenskapeleg og seksuelt forhold, avhengig av sex og grensesprenging. I dag er filmen framleis veldig bra. Som sagt: Personlege filmar blir med deg heile vegen ut livet. Han er fascinerande. Utdatert? Nei, altså, han viser korleis det er utan å pynte på det. Det einaste som blir pynta på, er den fantastiske estetikken i filmfotoet, men dette gjer filmen berre meir mystisk og forførande. Anbefalast på det sterkaste, sjølv om du kan kome til å eksplodere i sinne. Les boka, seier eg berre.

Johnny Handsome (1989)

Johnny Handsome (1989)

Ein Louisiana-actionthriller med sci-fi-element. Johnny blei fødd vansira, med ein slags «elefantmannen-sjukdom» som gjer utsjånaden hans vond å sjå på. Han er ranar av yrke og blir med på den store planen til bestevenen om å rane ein gullsmed. Dei får med seg Lance Henriksen og Ellen Barkin (dei er så gode her!), som etter ranet forråder Johnny og bestevenen. Dei skyt og drep venen, men Johnny overlever og blir teken av politiet.

Ja, dette er ein hemnfilm.

I fengselet kjem ein doktor, Forest Whitaker, som kan operere Johnny og gjere han normal, med ny identitet og eit nytt liv med blanke ark. Sheriffen (Morgan Freeman) er skeptisk; han kjenner Johnny godt. Som vi alle veit, er det ingenting som heiter blanke ark. Johnny blir operert, og voilà: Han blir Johnny Handsome. Ikkje lenger eit ironisk namn, men vakker som Mickey Rourke var på denne tida. Han får seg jobb, han finn seg kjæraste, og han finn dei som lurte og drap venen hans.

Eg var seksten då eg såg denne.

Eg såg han så mange gonger at eg kunne dialogane utanåt. Eg byrja å spare til langt hår, drog til frisøren og spurte om eg kunne få ein slik sveis som Johnny Handsome. Mamma lo! Eg brukte mykje brylkrem.

Filmen har god stemning frå New Orleans og eit herleg filmfoto, typisk for Walter Hill (ein av mine favorittar). Musikken er laga av Ry Cooder, eit kritisk lydspor som gjer stemninga endå betre. Det som eg likte, men ikkje forstod (igjen), var det nye livet til Johnny – at han fekk ein ny sjanse, blanke ark. Han hadde den vakraste kjærasten og ein jobb. Folk og legen var så snille med han, for han hadde hatt eit tøft liv.

Men dette med kven vi er… Sjølv om ein får nytt ansikt i form av Rourke, hjelper det ikkje, for innsida er sett. Statisk. Johnny må ha hemnen sin, koste kva det koste vil. Eg elskar Johnny Handsome. Han har perfekt balanse mellom drama og action. Sci-fi-biten rundt operasjonen er kanskje utdatert, men naturen til ein person går aldri ut på dato.

Barfly (1987)

Barfly (1987)

Mickey Rourke hadde nokre perler på rad. Angel Heart er òg verkeleg anbefalt, men som tredje film i den personlege favoritt-rekka går eg for Barfly. Eg var rundt 18 då eg såg han. På denne tida var eg oppteken av filosofi og Jens Bjørneboe og alt mogleg om livet som er typisk for alderen – altså eit søk etter KVEN EG ER. Barfly trefte meg hardt.

Han handlar om Henry Chinaski, som er arbeidslaus og bruker tida på å drikke seg full så ofte han kan. Filmen har ikkje noko treaktsstruktur eller typisk måte å fortelje historia på. Han er minimalistisk. Vi følgjer Henry frå bar til bar, der han slåst mot bartenderar og treffer andre alkoholikarar – og spesielt ei: Wanda, spelt nydeleg av Faye Dunaway, som er like glad i å drikke. Det kan verke som om filmen handlar om INGENTING. Men det gjer han ikkje; han handlar om éin viktig ting: livet.

Filmen er basert på forfattaren Charles Bukowski,

som også skreiv manuset. Han skreiv òg ein semifiksjonell roman som heiter Hollywood, basert på alle hendingane under laginga av filmen, og han tek med alt! Med namna endra, sjølvsagt. Bukowski er ikkje Guds beste barn, og han er definitivt ikkje alle sin kopp te. Men han var midt i blinken for meg, fordi han set spørsmålsteikn ved det banale kvardagslivet. At folk berre fyk gjennom livet utan å stille spørsmål ved ting, der ein lege er ein lege til han går i grava og får «lege» skrive på gravsteinen. Han nekta å vere med på «rotteracet», som han kalla det.

Charles Bukowski

Han hata mennesket, intenst.

Og han likte seg aller best åleine, med ei flaske whisky for å drikke seg sanselaus. Det som gjer han fascinerande, er at han òg er varm. Han var ein poet som skreiv om livet sitt på gata som boms. Og han elska klassisk musikk, noko som alltid er sentralt i bøkene, der radioen alltid stod på med klassisk musikk. I ungdommen budde han på biblioteket og las alt som var å lese. Då han blei spurt kven som var favorittforfattaren hans, sa han «Knut Hamsun». Det kan eg godt forstå, for eg har lese Sult og Pan, og karakterane der er veldig «Bukowski-aktige».

Ein annan viktig ting med Bukowski er at han hadde god humor. Alle bøkene han skreiv, har humor i seg, og eg har ledd mykje av dei. Det merkast i filmen òg; denne sære humoren inne i dei rare karakterane som finst i verda til Chinaski.

Stroszek (1977)

Stroszek (1977)

Neste film, med Barfly i tankane, er Stroszek. Regissør Werner Herzog er min type regissør. Eg har lese fleire av bøkene hans, og han er ein eg ser opp til, filosofisk sett. Dette er ein veldig rar film, som òg handlar om ein karakter som har fall utanfor samfunnet. Dette er ikkje ein nostalgisk film, for eg såg han for første gong då eg var tretti.

Stroszek (1977) Bruno S.

Stroszek er ein gatemusikar som er glad i alkohol og prostituerte.

Dette er litt som Bukowski: denne underverda som vi vanlege ikkje ser eller deltek i, men som eksisterer i skjul, og som Tom Waits var oppteken av tidleg i karrieren. Stroszek og dama hamnar i trøbbel i Berlin. Dei stikk til USA, Wisconsin, for å bu med ein fjern slektning. Der får vi oppdage eit USA som ikkje er pynta på, frå eit tysk perspektiv, og eit kulturkrasj oppstår. Nok ein gong er temaet: Ein kan reise til andre sida av kloden, men uansett kvar ein reiser, tek ein seg sjølv med på lasset. Filmen er morosam og skikkeleg sær.

Det som gjer filmen så spesiell, er Bruno S.

– som på ein måte spelar seg sjølv. Ein skikkeleg fascinerande karakter på ekte. Herzog casta han i The Enigma of Kaspar Hauser (1974), og Bruno S. hadde null skodespelarerfaring. Herzog blei så glad i Bruno at han skreiv Stroszek med han i tankane, og i ettertid har han sagt at av alle skodespelarar i filmane hans, er Bruno favoritten. Filmen Stroszek er ein personleg favoritt på grunn av Herzog sin gerilja-filmlagingsstil, men mest av alt på grunn av Bruno S., som er eit unikt individ. Rar er KNALL!