Stranger Things: Sesong 1 (2016)
Regi: The Duffer Brothers
Handlinga i Stranger Things : I ein liten by på åttitalet skjer det mystiske ting: Ti år gamle Will forsvinn på veg heim etter leik med kameratar. Ut av det blå kjem ei snauklipt lita jente vandrande frå skogen, og det viser seg at ho har spesielle krefter. Ho blir på lag med venene til Will, og saman skal dei løyse mysteriet, medan eit monster og slemme statlege agentar arbeider mot dei. Pluss tusen andre spennande ting!
Eg vil skrive om kvifor Stranger Things er bra for meg. For heile reisa i denne serien er høgst personleg, fordi… Eg elskar åttitalet. (Vidare kjem det SPOILERS!)
VHS-barna sine kronjuvelar
Kanskje er det slik at serien fungerer best for «Generasjon X», eller endå meir konkret: vi som er fødde frå 1970 til 1979. Kanskje aller mest 1974–1976: alle vi som var mellom 9 og 12 år i perioden 1983–1986. VHS-barna!
Eg blir eit VHS-barn igjen når eg ser serien. Han lèt meg oppleve magien frå akkurat denne tida, ein siste gong, med moderne linser. Men serien er ein stor suksess og blir rekna som ein av tidenes beste. Eg undrar meg på kva for andre generasjonar som er mest fan av serien, utanom 1975-arar som meg? Kanskje barna til min generasjon, eller barna til «millennials». Kven mislikar serien mest? Eg tippar «90s-folka» – dei som var barn på nittitalet, som gjekk glipp av 80-talet og elskar 90-talet meir enn dei fleste, men Duffers er 90s barn. Og eg ser ikkje for meg at Baby Boomers er ville etter serien; nei, dei vil heller sjå Yellowstone. Dette er berre høgttenking og useriøs spekulering frå mi side.
Faktum er:
Om nokon spør kva filmtiår eg likar best, svarer eg enkelt åttitalet. Åttitalet og syttitalet. Når eit nytt medium kjem – eg tenkjer på reisa frå VHS, LaserDisc, DVD, Blu-ray og no seinast 4K – handlar det nesten alltid om å kjøpe om att filmfavorittane for å oppleve dei med betre bilete. Og kva filmar kjøper eg då? Er det Au hasard Balthazar, La Passion de Jeanne d’Arc, Beau travail eller Jeanne Dielman? Eller Se7en, Lord of the Rings og Interstellar?

Nei… Det første eg kjøper er Gremlins, The Goonies, Back to the Future, Indiana Jones, Star Wars, John Hughes-filmane, Witness. Ja, det beste frå åttitalet. For enkelt og greit er tiåret mitt favoritt-tiår, også innan popmusikk. Ingen popband har vore betre sidan; 80s er «peak pop». Eg veit ikkje kvifor eg tek meg bryet med å skrive om noko anna enn åttitalet, tenkjer eg iblant. Kanskje er det noko å vurdere!
Ein treig start, men så…
Okei, Stranger Things! Eg sleit i starten. Eg angra på at eg sette han på i det heile, redd for skuffelse; redd for at eg overvurderte serien i 2016. Men så hugsa eg at eg sleit i starten i 2016 òg. At første sesong er oppvarming, og at serien fanga meg gradvis. Dei første fire episodane var eg lite involvert i, og halvvegs med på notene.

Vi blir introduserte for mange karakterar, og mykje skjer på kort tid. Men så bremsar det opp, og lèt historia falde seg sakte ut. Det er her eg angrar.
Men angeren går raskt over. For The Duffer Brothers skrur på ein «Amblin Entertainment-brytar» inne i meg, og eg fell pladask.
Eg elskar verda
– Hawkins. Alle detaljar er finjusterte. Ting som fråverande foreldre, faren som er fullstendig «clueless», og mora som er full av kjærleik. 80-talet handla mykje om familie. Det var det siste tiåret før foreldra begynte å skilje seg i stor stil (mine skilte seg i 1992). Mange filmar frå 80-talet, spesielt innan Amblin-universet, hadde familie som noko sentralt. Familie var viktig på denne tida, i film og seriar.

Men også skilsmissebarna, som Steven Spielberg var oppteken av, t.d. i E.T.. Stranger Things fangar den ånda like bra som 80s-ånda generelt. Det er ei analog verd, fri for smarttelefonar, då elektriske apparat hadde leidningar.
Verda er éin ting, nydeleg utført. Men menneska i Stranger Things er fenomenale, og hovudårsaka til at eg har blitt FAN.
Det menneskelege hjartet
Éin ting må seiast: Millie Bobby Brown er fantastisk. Ho er eit stort funn; det er få barneskodespelarar som spelar så bra som ho gjer her. David Harbour er min favoritt nummer to: Han strålar i alle scener. Han er sheriff, og eit «dass», men eit varmt dass som lyttar til «kidsa», og tek dei på alvor. Han trur på dei når dei fortel han om «oppsida-ned» – ein sjeldan vaksen.

Men eg merkar òg at etter kvart blir eg glad i alle karakterane, også birollene. Det er så kritisk, for serien handlar om venskap og familie, kjærleik og forhold, sett opp mot dei slemme, egoistane og mobbarane. Og den handlar om sjølvoppofring – for sine vener. Will er mysteriet, guten som er fanga på den andre sida. Han er destinasjonen, og vegen dit er alt det andre i sesong 1.
Duffer Brothers: Åttitalets Tarantino
Duffer-brørne er dyktige, utan tvil. «Haters» av serien vil seie at dei har stole alt. Sludder! Det Duffer-brørne er flinke til, er å smelte saman eit heilt tiår, og gjere det «hot» igjen for ein ny generasjon som blir nysgjerrige og vil utforske åttitalets filmar og musikk.
Det finst ingen tvil om at Duffers elskar 80-talet 100 %. Det synest og høyrest i kvar scene. Måten dei vel å filme karakterar på – skurkane t.d., med utsnitt frå slipset og ned til beltet, slik Spielberg gjorde i E.T. – er ikkje tilfeldig. Dei slenger inn ein song her og der, som er perfekte «needledrops». Kven minner dette meg om? Jo, Quentin Tarantino – meisteren i needledrops og smelting av sjangrar; å hente fram det gløymte og gjere det «fresh» igjen for ein ny generasjon.

Duffer Brothers er 80-talets svar på Tarantinos 70-tal. Og det er artig å tenkje på at Tarantino hatar åttitalet; han har sagt det gong på gong at det er det verste tiåret. Men Duffer-brørne er heilt ueinige, og viser det med kjærleik i form av ein TV-serie. Og eg er heilt einig med Duffer-brørne: 80s er BEST.
Dixon og Stein
Når musikken på introen kjem i kvar episode, blir eg hypnotisert.
Kyle Dixon og Michael Stein set tonen frå start. Stranger Things hadde aldri blitt så bra utan dei. Retro er ikkje enkelt. Det er ikkje nok med 80-talssveisar, klede og analoge ting; difor har mange feila i forsøket. Men Duffer-brørne klarer å fange ei stemning og kjemi fordi dei har med dei rette folka på laget, i skodespel og filmscore, samstundes som dei skaper noko nytt og ei god historie.
«The Upside Down» er ei parallell verd, ein annan dimensjon. I 2016 var ikkje dette på moten. Men dæsken, det blei omsider populært, først med Into the Spider-Verse, og så slo Marvel på stortromma og dedikerte ein HEIL FASE til multivers, uheldigvis.

Mysteriet og karakterane
Første sesong tek for seg nokre mysterium: Kven er Eleven, og kvar er Will? Sheriffen går sin eigen veg for å finne ut av det, og finn raskt ut at noko ikkje stemmer. Nancy og bror til Will, Jonathan, jobbar for seg sjølve for å finne ut kvar Will og Barb er. Mora til Will, Joyce, blir sett på som paranoid, og er heilt åleine i leitinga etter sonen sin. Ho er som Jillian i Close Encounters of the Third Kind, der Jillian leitar etter sonen sin, og i lag med Dreyfuss oppfører seg heilt irrasjonelt i møte med fenomenet.

Så har vi «The Goonies»-gjengen: Mike, Dustin og Lucas, som i lag med E.T.-Eleven prøver å løyse heile mysteriet. Det er fire partar som jobbar for same sak, kvar for seg – og eg elskar når dei endeleg slår seg saman for å finne Will og Barb. Dei samlast på gymrommet på skulen for å byggje eit basseng som treng diverse utstyr; dette samarbeidet er ganske diggbart, og dei veks i lag og blir sterke. Det er veldig enkelt å bli storfan av dette showet!
Matthew Modine er antagonisten – skurk nummer éin eller to. Alt er i alle fall hans feil. Dette er ein genistrek av Duffers – også ei årsak til at dei er «Tarantino of the 80s»: dei løftar fram gamle heltar. Winona Ryder fekk eit comeback. Modine var stor i Birdy (1984), Full Metal Jacket (1987) og diverse andre 80- og 90-talsperler. Då han dukka opp her i serien i 2016, hadde eg nesten gløymt han. Og han spelar ein formidabel motstandar. Eg gler meg til å sjå vidare kven andre som dukkar opp, og som eg har gløymt.

Oppsummert:
Sesong 1 startar treigt, men tolmodet blir løna stort. Dette er ein forsiktig start – med introduksjon av karakterane og ikkje altfor mykje action og spesialeffektar. Klimakset er knall, og eg klarer ikkje å vente lenge før eg kastar meg over sesong 2.
Terningkast: 5

Jakta på referansar
Halve moroa med Stranger Things er å spotte referansar. Nokre er openberre, andre… ja, då må ein vere ein 80-talskjennar. Her i første sesong spotta eg følgjande:
Firestarter (1984) og The Dead Zone (1983): Stephen King begge to. Typografien i introteksten er henta frå The Dead Zone (bok og film). I Firestarter har vi eit statleg eksperiment der eit ungt barn (Drew Barrymore) flyktar med far sin frå dei slemme. Når ho bruker kreftene sine, blør ho naseblod.
Altered States (1980): Ein knall sci-fi av Ken Russell (hans beste), der William Hurt legg seg i ein tank med vatn for å få kontakt med det «hinsidige» – slik som Eleven gjer.
Poltergeist (1982): Carol Anne, yngste dotter i familien Freeling (beste familie på film!), forsvinn til ein annan dimensjon, slik som Will. Ho tek kontakt med mora gjennom TV-en når sendinga er ferdig og skjermen er dekt med snø. Will gjer det same med telefonen og lysa. I Poltergeist II blir Carol Anne teken igjen, og vi får sjå den andre sida – ho blir jaga av noko vondt, eit monster, slik som Will blir.
John Carpenters
The Thing (1982): Plakaten heng i kjellaren til Mike. Masse plakatar blir brukt i serien: Jaws, Evil Dead. I The Thing tek monsteret ein interessant vri: eit hovud opnar seg og blir brukt som munn, slik som monsteret (Demogorgon) her. Monsteret blir sett fyr på, og sløkt like etterpå med brannsløkkingsapparat – ei direkte kopling.
Witness (1985): Eleven er hos Mike, i stova. Ho ser eit bilete av Will, der han står i lag med alle venene. Ei stille scene der Eleven peikar sakte på Will, og vi får sjå augekontakt og felles forståing, slik som guten i Witness og Harrison Ford. (Beste filmreferanse!).
Alien (1979) / Aliens (1986): Her er mange referansar: Eit egg ikkje ulikt Alien-egget, og befruktning ned i halsen der Will er fanga i noko slimete, som i Aliens. Når monsteret blir skada av bjørnefella, etsar blodet. Når Joyce og Jim går inn i portalen, har dei hjelm og drakt, og utforskar «underverda» som i Alien.
Stand By Me (1986): Dei går på togskjener, og når Mike og Dustin blir trua med sprettkniv, er det som Kiefer Sutherland i denne 80-talsperla. Dynamikken i barnegjengen er ei blanding av denne, The Goonies, The Lost Boys og Monster Squad.
E.T. (1982): Eleven i blond parykk, sykklescener med BMX, og evna til å få ting til å fly.

Kåringar
- Beste needledrops: «Atmosphere» av Joy Division og «Sunglasses at Night» av Corey Hart.
- Beste filmreferanse: Witness (1985). Eg fekk lyst til å gjensjå han sporenstreks. Nydeleg hyllest her.
- Beste karakterutvikling: Steve (Joe Keery). Steve kjem rett frå John Hughes si verd; guten med dei rike foreldra og eige badebasseng. Han omgir seg med idiotar og er «halvt god, halvt dritsekk», så ikkje så håplaust vond som James Spader i Pretty in Pink. Det er Nancy (Natalia Dyer) som får han over på rett side moralsk, og han går frå å vere ein håplaus dust til ein ekte baseballkølle-svingande helt. Nancy sjølv går frå å vere typisk storesøster til «badass monsterkiller».
- Mest trist: Barb. Barb var Nancy si nære venninne. Ho ser rett gjennom Steve og hans like. Ho får ein forferdeleg lagnad, og eg syntest veldig synd på henne. Ho er offeret, som John Hurt i Alien eller heile kolonien på LV-426 i Aliens.
- Mest tragisk: Will. Han forsvinn i første episode og måtte overleve i «oppsida-ned» heilt åleine, der han spring i skuggeverda av si eiga verd og prøver håplaust å få kontakt med mora. Han blir jaga konstant av monsteret og må gøyme seg, slik som Carol Anne måtte i Poltergeist. Han blir omsider teken, og får ein Alien-slange ned i svelget. Fanga i eit mareritt ein heil sesong. Han er som Frodo når han blir stukken av Heksekongen av Angmar og etterlèt eit mørkt spor.