Siste nytt: Vegen vidare for Filmloftet
No er bloggen 14 månader gammal. I starten var eg berre interessert i å bable om film, uansett kva det måtte handle om. Men kvifor valde eg namnet Filmloftet? Det namnet ropar etter å bli brukt til det det eigentleg betyr: nedstøva film på loftet. Det har gått opp for meg at eit fokus er nødvendig, og at eg må slutte å vere ein «allrounder» som snakkar om alt frå nye filmar til kunstfilm og anna.
Farvel til det nye, velkomen til VHS-æraen
Derfor er Filmloftet ferdig med å blande seg inn i moderne filmar (med mindre det er 80-talsrelatert) og å lage «årets toppliste». Framover blir fokuset filmar som var å finne på sjappa, på video, på kassett – eg snakkar om VHS.
Då er det naturleg å snakke mest om 80-talet. Men òg 70- og 90-talet, og visse filmar frå slutten av 60-talet. For meg slutta VHS-æraen då eg skaffa meg LaserDisc i 1992. Eg kjøpte framleis VHS, men det naturlege året eg set grensa ved, er 1995 – året som gav oss Se7en, GoldenEye og Waterworld.
Ofte var filmane vi leigde på sjappa frå syttitalet, så dette tiåret er like viktig som åttitalet. Ein stad må eg setje grensa bakover i tid. Derfor vel eg 1964, av den enkle grunn at Goldfinger var min aller første film (sett på Betamax). Filmåret hadde nokre VHS-gull i Blake Edwards’ A Shot in the Dark og Sergio Leones A Fistful of Dollars. Så perioden eg vil dekkje startar i 1964 og sluttar i 1995, men med åttitalet som sentrum og fundament – det er her filmlidenskapen brenn sterkast.

Regissørane
Steven Spielberg er GOAT. Min største helt! Det blir naturleg å skrive mykje om han. Regissørar som Ridley Scott & Co. kjenner dei fleste til, men eg vil snakke meir om John Carpenter, Walter Hill, Jackie Chan, Peter Hyams, Mark L. Lester, John Frankenheimer, George P. Cosmatos, Steve Miner, Joseph Zito, Kathryn Bigelow og mange, mange fleire! Eg skal snekre saman ei favorittregissør-liste omsider, ei veldig lang ei.
Opprydding
Når bloggen har fått ei respektabel mengd med anmeldelsar og artiklar frå denne æraen, skal eg rense og fjerne alt innhald som er utanom 1964–1995. Eg har fått besøk på bloggen av «movie buffs» frå rundt om i Noreg, og desse skal ikkje fjernast. I spalta Film-Noreg Rundt! kjem eg til å stille spørsmål frå VHS-tida.
Filmloftets filosofi
Eg leikar meg med ein filosofi for bloggen:
«Dei beste filmane er som regel dei ein synest er ganske bra, men som ikkje er perfekte. Ikkje ein terningkast 6 som ligg på «1001 filmar du må sjå før du døyr» eller IMDB si topp 250-liste, men ein film som ligg ein stad mellom 4 og 5. Ein som kan sjåast om og om igjen fordi han er enkel å sjå, eller misforstått. Han ber ingen «perfekt 6-ar» på skuldrene sine og treng ikkje levere fantastisk kvar gong.»
Og eit motto:
Ein perfekt film er perfekt når han ikkje er perfekt.
Motto og filosofi skal utviklast meir utover i 2026, fordi eg synest det er kjekt, og det løner seg å ha noko konkret å styre etter.