Filmro

Tankar om filmro

No sit eg på filmrommet, der eg held på å lage eit slags filmtempel. På vinylspelaren rullar Vangelis sitt Blade Runner-album; dette er filmmusikk som gir meg meditativ ro. Og filmro treng eg, for hovudet mitt svingar hyppig.

Etter at eg byrja å planleggje podkast med kamera – full pakke – skaut det eit mektig stress gjennom kroppen. Kva er det eg driv på med, tenkte eg. Eg skreiv innlegg her om alt mogleg, og nok ein gong glapp fokuset på film frå videosjappe-dagane.

Ergo: Å sitje på filmrommet, lytte til Vangelis og kome heim til meg sjølv, er noko eg stadig må gjere. Kva er det eg driv på med… Sinnet mitt spinn i alle filmretningar, og eg kjenner på eit behov for å trappe ned. Det behovet har berre blitt sterkare for kvar dag det siste året.

For eg har vore overalt: på Blåskya, Instagram, Letterboxd, bloggen, dei siste åra, på eit jag som eg ikkje heilt forstår. Tida nærmar seg, kjenner eg, for å gå i ei meir analog retning. Tre år med intens filmprat overalt på internett er krevjande.

Den beste medisinen for meg då, er å bryte ut, anten gradvis eller brått. Det vil seie at eg kuttar alle sosiale medium, og lèt Filmloftet vere den einaste staden min på nettet. Mitt filmvindauge til verda. Med kommentarar endeleg slått på, er det eigentleg alt eg treng.

Filmro med Vangelis sitt Blade Runner-filmscore

Åttitalskongen

Med meg på Filmloftet har eg den eldste filmkompisen min (sidan 1982!), Thor. Han er kongen av åttitalet og VHS. Vi har prata film i lag gjennom heile livet, i over førti år. Eg sa til han: «Om du vil skrive om noko filmrelatert, så publiserer eg det på Filmloftet.» Sidan har han sendt meg mykje åttitalsgull, og meir kjem. Dette synest eg er knall.

Fokuset framover blir 70-, 80- og 90-talsfilm – men regelen kan brytast innimellom om det er nødvendig. Eg har gamle filmdagbøker frå barne- og ungdomstida mi som fungerer som ein inspirasjon for meg i dag, og eg prøver å vere tru mot den yngre utgåva av meg sjølv, som var filmfrelst til grader eg aldri kan kome nær i dag som femtiåring.

Dette var berre ei lita oppdatering.

Andre filmtankar: Å skrive om film

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *