War Machine (2026)
Kunsten å lage ein teit og dum popcornfilm er tapt. Her er ein film om soldatar på trening som møter på noko uventa på eksamensdagen sin: ein UFO – rettare sagt, ein robot. Konseptet er urgammalt. Han har litt Predator i genane, litt Transformers. På mange måtar ein landleg bror av sjø-sci-fien Battleship – som kunne ha vore ein artig double feature, om ikkje War Machine (2026) hadde vore så fordømt seriøs. Denne filmomtalen har SPOILERS!
🪖 Målstreken og Mr. Reacher
Første halvtimen får vi eit set-up: Krig i Afghanistan, der to brør er medsoldatar. Dei køyrer i ein kolonne, og det eine køyretøyet har klikka. Medan dei avtalar å søkje på Ranger-opptaksprøva etter krigen, smell det, og broren (Jai Courtney) blir hardt skadd. Reacher-skodespelaren (som eg eigentleg ikkje kjenner noko til) ber broren på skuldrene gjennom ørkenen, på veg til målstreken.
To år har gått. Mr. Reacher har meldt seg på Ranger-programmet og befinn seg i Colorado. Han skal oppfylle den døde broren sitt siste ønske: å bli ranger. Eg veit at filmen handlar om aliens som invaderer, så eg sjekkar klokka. Det tek ein halvtime før vi er ferdige med filmens set-up og sender Reacher og troppen hans ut i skauen så dei kan møte desse utanomjordiske vesena. 30 minutt… Ein elendig halvtime, med fyll i form av trening i skauen, liksom-kul musikk og introduksjon av alle karakterane.

🤖 Helvetesløypa blir ekte
Så endeleg, på eksamensdagen – den såkalla helvetesløypa – møter dei på ein UFO som ligg halvvegs nede i jorda. Dei trur dette er the objective og plantar C4 på panseret, og lagar ein stor eksplosjon. Utan ei skramme reiser UFO-en seg opp og avslører at han eigentleg er ein krigsrobot – ein war machine – og helvetesløypa blir til eit ekte helvete. Då vakna eg litt.
Det beste med filmen er Colorado og naturen. Nydelege scener der soldatane marsjerer. Roboten er sint, og jaktar på troppen. Get to the choppa! Men filmen insisterer på å fokusere ALTFOR mykje på Mr. Reacher sine traume rundt broren. Han er besett av éin replikk: Get across the finish line, som blir gjenteken og gjenteken for dagens publikum som multitaskar medan dei ser film.
I staden for å gi oss god popcornverdi vil filmskaparane også gi oss den fulle emosjonelle pakka, der vi liksom skal bry oss om Reacher og medsoldatane hans. Vi får flashback til Afghanistan. Vi får Get across the finish line, og store smell der lyden blir dempa og alt går i svart: fade in, det gjekk bra. Mr. Reacher er besett av å frakte ein skadd medsoldat tilbake til HQ, tilbake til… målstreken. Kvifor? Fordi broren hans døydde då han kollapsa av utmatting berre 90 meter før the finish line. Noko som resulterte i brorens død.

🍿 Søtt popcorn og keisame karakterar
Kvifor kan dei ikkje berre lage moro, kva er vitsen med dette sentimentale våset rundt Mr. Reacher? Det minner meg om då eg kjøpte popcorn på kino i Chile og oppdaga at det var søtt. Ueteleg. Gode karakterar er det diverre stor mangel på i moderne filmar. Her er det ikkje éin einaste velskriven karakter. Ikkje Dennis Quaid (på tide å pensjonere seg), ikkje Reacher, og ikkje nokon av medsoldatane. Alle er keisame, tvers gjennom A4.
War Machine handlar om éin ting: Get across the finish line. Reacher mistar alle kollegaene sine; éin etter éin skyt roboten dei i filler. Dei blir jakta på. Og dei har ikkje våpen sjølve, for sidan det er trening har dei berre lausskot. Så jakta og målstreken, det er tingen her. Ein slik film treng krut, og ekte kuler. Men når dei omsider får tak i skikkelege våpen, så spelar det inga rolle, for panseret på roboten er naturlegvis laga av supertitan.

🎬 Terningkast og over målstreken
Eit heilt kvarter av filmen blir sett av til å få den skadde soldaten over ei elv. Reacher tek eit tau, hoppar i elva med sterk straum, og sym over. Han bind fast tauet og strammar det. Så skal alle over, men den skadde skal først. Tauet har sjølvsagt ein klump på midten, og dei sit fast. Reacher prøver å redde dei. Så kjem roboten og bles alle rett i elva. Altså, så mykje tid på å graute vekk ute i ei elv når vi veit roboten kjem. Og uansett: eg bryr meg ikkje. Hadde heile troppen blitt drepen det minuttet dei trefte roboten rundt det trettifemte minuttet, hadde eg hatt ein heil time meir av livet mitt.
Ja, eg kunne berre ha slått av – men eg ville over MÅLSTREKEN, eg òg. Samstundes hadde eg eit håp om at det låg noko moro ein eller annan stad, kanskje bak neste fjell eller skog. Men nei.
Konklusjon
Eg snakka med ein anonym ven, som er sivilist – altså ikkje filmnerd. Han elska filmen, og anbefalte han sterkt. Eg kjem aldri til å seie at eg har sett han. Altså, om eg hadde slått av kvart eit kammer inne i skallen, hadde eg sannsynlegvis likt filmen betre. Og her er det positive ting, som vakker natur og nokre kule scener. CGI-en er god, og skodespelarane er heilt greie. Vi får action og eksplosjonar, og så bortetter, som teknisk sett kunne vore verdt eit terningkast 3 eller 4.
Men eg ser ikkje film på denne måten lenger! Eg klarar ikkje å skru av. Eg ser eit dårleg resirkulert plott, utan gode karakterar (som slike filmar må ha!), og eg ser gjentakande dialogar for idiotar. Men det eg ikkje tilgir, den største synda – er at her er det overhovudet ikkje moro. Men eg kom meg over målstreken, slik at eg kunne gi:
Tommel ned: 👎
⚠️ DENNEHYS DOM ☢️
Fy faen i innerste helvete!
Kva faen var eg nettopp vitne til her no?!
Dette MÅ vere THE cake of all shitcakes!
Ikkje eingong dei mange prolapsane eg har hatt i korsryggen opp gjennom åra, har vore halvparten så smertefulle som dette anemiske kadaveret av ein såkalla «film»! Her har vi ein av samtidas «store action-heltar»… ja, stemmer… han dølle Reacher-dude’n. Can you believe it? Og ja, han er stor… nei, svær… reint fysisk, men faen… for eit enormt hulrom! Acting skills? None! Utstråling? Nada! Kul og tøff ala t.d. Schwarzenegger? Nei, ikkje eingong i same solsystem! Denne karen må vere ein av dei gørraste action-skodespelarane… EVER, ja, t.o.m. verre enn Dwayne «The Rock» Johnson, og det er ikkje berre berre!
Predator-type film?
Her er ingenting å like, snakke fram, eller juble over i denne blødande, pompøse blemma av ein film, som, uforståeleg for meg, mange omtalar som ein slags Predator-type film! FUCK OFF og DØY!! Predator hadde ALT! Denne har INGENTING! Den viktigaste ingrediensen i Predator, var den knalltøffe gjengen, der kvar karakter hadde si eiga personlegheit og sitt særpreg… også sjølve monsteret. I tillegg har du knallgode dialogar, fantastisk soundtrack, og ikkje minst… nokre av dei beste action-scenene ever!
I «Shit Machine» har vi ein tam flokk «puslingar», med sine meiningslause og klissete møkkadialogar, jakta på av ein klossete tørketrommel frå verdsrommet. Vi får generisk, dårleg komponert og tidstypisk action, tonesett… nærast utan føkkings stopp, av eit pompøst, uengasjerande og middelmådig soundtrack. Komboen er så jævla utmattande dårleg, at det einaste «imponerande» med dette makkverket, er at nokon har makta å samle så jævlig mange totalt uinteressante, talentlause og så inni helvete gørr kjedelege «karakterar» i ein og same «film»! Unholy shittballs!
Terningkast:: We’re all gonna die!
Yours truly Bjørn Dennehy
