Auteurane på loftet
-
Walter Hill – Den lakoniske actionmeisteren
Walter Hill er ein actionmeister, og her på Filmloftet skal han hyllast og skrivast om – så lenge eg lever! I motsetnad til karakterane han skaper, skal eg ikkje vere lakonisk, men heller bable i veg. Det er no eg…
-
Walter Hill og John Carpenter: To sider av same westernmynt
Desse to regissørane har vore med meg heile livet, og eg er ein enorm fan av begge. Begge er sjangerregissørar, men opererer i kvar si avdeling. No vil eg ta eit lite djupdykk i stilen og filmkatalogen deira, for eg…
Nyheit – ut med Gjestar inn med Regissørar
No fasar eg ut Gjester og erstattar sida med Regissørar. Du kan framleis finne alle gjesteinnlegga her: [Gjester].
Regissørar er viktige. Filmane eg likar best har eit tydeleg auteur-avtrykk. Ein distinkt stil frå ein regissør som gjer ting på sin heilt eigen måte. Som å oppdage eit nytt favorittband. At eg berre må sjekke ut resten av katalogen!










Det finst utruleg mange gode regissørar. Dei tronar øvst på filmpyramiden med skodespelarane like under. Sjølv om eg er delvis samd med Kael i at alle er like viktige og at film er teamwork (dette må eg skrive eit eige innlegg om!), er det regissørane eg har aller mest dilla på. I den fysiske filmsamlinga mi dominerer dei. Alt er fint organisert kronologisk etter årstal, og dei får alltid heidersplassen på den beste hylla – den hylla eg er mest stolt av å vise fram her i heimen.
Så eg kjem til å skrive MYKJE om regissørar her på Filmloftet. Første blir John Carpenter og Walter Hill.