What’s New Pussycat? (1965)

What’s New Pussycat? (1965) – Videosjappa

Omslaget til denne sexkomedien hugsar eg godt. Når eg granskar filmomslag på NorskVHS, blir eg ti år igjen, og bølgja av nostalgi er så stor at eg kjenner frityrlukta med ein gong. Denne lukta knyter eg direkte til VHS. Rundt om i Noreg på sytti- og åttitalet spratt den eine videosjappa etter den andre opp i kvar einaste kommune. Nokre heldt til på bensinstasjonar, medan andre var reine filmbutikkar. Men videosjappa vår var ei gatekjøken-videosjappe. Ergo festa lukta frå frityren på kjøkenet seg til plastomslaget på VHS-kassetten. Vi brukte å sniffe på omslaga – det lukta heilt nydeleg. Og lukta virka å vere festa til plasten for evig tid. For nokre år sidan helt eg i hendene mine ein VHS frå den gamle sjappa vår. Tru det eller ei, eg kunne framleis kjenne lukta.

What’s New Pussycat?… eg veit eigentleg ikkje kor eg skal starte. Filmen er riv ruskande galen og veldig forførande.

What’s New Pussycat?
What’s New Pussycat? (1965)

🎬 Galskap i the swinging sixties

Han handlar om ein ungkar, spelt av Peter O’Toole, som er sexavhengig. Han går til psykolog for å kurere lysta. Peter Sellers spelar psykologen, og eg har ikkje sett maken til galskap på skjermen sidan førre gong eg såg ein Sellers-film. O’Toole er i eit ope forhold med Romy Schneider og vil eigentleg bli trufast, hadde det berre ikkje vore for den gnagande frykta for ekteskap!

Filmen går føre seg under the swinging sixties. Ei tid der alt handla om sex og champagne. Det var ein seksuell revolusjon der hedonisme blei dyrka. Det er tydeleg kvar Mike Myers fekk inspirasjon til Austin Powers. What’s New Pussycat? kjennest autentisk, smidd då tida stod på sitt aller høgaste.

🎭 Barnsleg humor og stjernelag

Woody Allen skreiv manuset, og han spelar sjølv ei rolle her. Humoren er så barnsleg og useriøs at eg trur dei fleste som ser han no, seksti år seinare, berre vil slå av. Det var ikkje ofte eg lo høgt; eg sat meir forbausa og såg på. Likevel var filmen så full av liv og røre at eg likte han godt. Peter O’Toole spelar så sjarmerande – det gjer damene òg. Faktisk er det Woody Allen og Peter Sellers som er dei minst morosame her, men når det er sagt, har dei absolutt sine augneblinkar.

Rollelista er knallsterk og stappa med kjende, vakre kvinner: Ursula Andress, Romy Schneider, Capucine og Paula Prentiss.

What’s New Pussycat?
Peter Sellers og Capucine – Foto: United Artists.

🍟 Frityrlukt og videosjappesjarm

Som eg skreiv i innleiinga: denne filmen luktar godt. Warner Home Video og United Artists var for meg nummer ein av VHS-distributørane (med Esselte og Mayco like under). Filmen blei sett på Prime (U.K.) via VPN. Skulle ønskje eg hadde eit gammalt fjernsyn med videospelar så eg fekk sett han skikkeleg, men eg kosa meg stort likevel. Klimakset var heilt framifrå!

Terningkast: 4


Baksida av VHS-coveret

Kjekke fakta for filmnerdar

  • Dette var filmdebuten til Woody Allen, både som manusforfattar og skodespelar. Han var visstnok så misnøgd med korleis manuset hans blei endra under innspelinga at det var dette som fekk han til å bestemme seg for å regissere alle sine framtidige filmar sjølv.
  • Rollen som Michael James var opphavleg skriven for Warren Beatty. Han trekte seg frå prosjektet, noko som førte til at Peter O’Toole fekk hovudrolla og Woody Allen fekk utvida si eiga rolle betrakteleg.
  • Tittelsporet, sunge av Tom Jones, blei ein enorm hit og blei til og med nominert til ein Oscar for beste originale song.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *