1922 (2017)
Eg held fram jakta på gode Netflix-produserte filmar. 1922 (2017) har eg kjent til i ni år, men inntil i går har han vore usett. Filmen er basert på ei Stephen King-historie, og vi veit alle at sjansane for ein vellykka filmadaptasjon er låge. Eg vil gledeleg seie at 1922 er vellykka.
Handling
Eit bondeektepar eig ein svær gard. Dei har ein son, og bur midt i øydemarka i Nebraska. Kona er lei av dette livet og vil selje parten ho arva frå far sin, for å flytte til Omaha og starte klesbutikk. Ho blir spela av ei knallgod Molly Parker, som eg hugsar best frå Deadwood.
Thomas Jane vil IKKJE selje, for han elskar å vere konge på eigen gard. Frå start ser vi at ekteparet hatar kvarandre. Store delar av filmen har ei forteljarstemme der vi høyrer kva Thomas Jane tenkjer – noko som faktisk fungerer for ein gongs skuld.
Karakteren hans er ei slags blanding av stemma til Daniel Day-Lewis i There Will Be Blood og Tom Hardy si mumlande stemme, og Jane liknar i grunnen veldig på Guy Pearce. Karakteren er litt overdriven – vi ser at tennene hans alltid er samanbitne når han pratar. Eg likte godt prestasjonen til Thomas Jane her, som er sentral gjennom heile filmen.

Kort sagt:
Filmen er psykologisk skrekk med ei frykteleg enkel historie om ein utspekulert mann som utfører DRAP. Nesten som The Shining, berre at maisåkeren er isødet og garden er hotellet. Kva som er overnaturleg eller ikkje, er heilt umogleg å vite. Eg likte at filmen unngår klisjear som jumpscares, og heller går for ein skummel og dyster atmosfære.
Nokre scener er grusame – utan at eg skal røpe for mykje er stikkordet: rotter. Her er få karakterar med god natur, berre nabojenta er snill tvers igjennom.
Den største stjerna i filmen er filmfotoet, levert av Ben Richardson. Han fangar innsida av huset, det barske trynet til Jane og den nydelege åkeren heilt perfekt.
Filmmusikken er laga av ein av mine favorittvokalistar, Mike Patton frå Faith No More, som har smekka til med eit atmosfærisk spor eg likte veldig godt.

Konklusjon
Til å vere ein Netflix-film tykte eg dette var ganske bra. Sidan historia er minimalistisk og veldig enkel, var det stemninga med filmfoto, lyd og musikk som gav meg ei cinematisk god oppleving (hugs høg surround!). Thomas Jane fascinerte meg – tydeleg inspirert av andre, men han såg ut til å STORTRIVAST i rolla, noko som smitta over på meg. Om ein likar denne filmen eller ikkje, er avhengig av om ein kjøper karakteren til Jane – og det gjorde eg!
Filmen på LETTERBOXD
Terningkast 4+
