DARK (2017–2020)
Dei første episodane av Dark (2017-2020) var ikkje så enkle å kome inn i. Kanskje var det fordi eg allereie visste at dette kom til å bli tunge kjekke saker. Eg hugsa nemleg dei to første episodane frå eit gammalt forsøk på å sjå serien. Likevel kom eg meg over kneika denne gongen, og gradvis slukte den solide serieskapinga meg heilt.
Alt skjer i den tyske småbyen Winden. Mange påstår at Dark liknar på Stranger Things, men eg meiner at han minner mykje meir om Twin Peaks. Winden er ein klassisk, inneslutta stad med eit hotell, ein skule og ein djup skog. Serien tek på ein måte det mørke frå Twin Peaks, men han droppar humoren heilt. Dark er kort sagt fullstendig blotta for humor.
Det aller beste med første sesong er kvaliteten. Vi får sterke skodespelarar og eit utruleg godt filmfoto, samtidig som musikken set ei knallgod, tung atmosfære.
I starten trudde eg Dark var mykje enklare. Men opplevinga var som å sjå ein edderkopp spinne eit enormt spindelvev som berre blei større og større. Det dukka opp så mange detaljar at eg miste oversikta. Eg forstod fort eit tips eg hadde fått tidlegare: «Skriv ned detaljar!». Sjølvsagt har eg ikkje gjort det, for eg satsa blindt på at mitt skarpe intellekt ville hugse alt. Eg har faktisk ikkje skrive eit einaste ord.
(ÅTVARING: SPOILARAR UNDER)

🕰️ Sesong 1: Mystikk og 80-tals moro
Eg likte verkeleg ungdommane i Dark. Då tidsreisene plutseleg slo inn og vi hamna på åttitalet, var eg spent på korleis serieskaparane kom til å løyse det visuelle. Faktisk gjorde dei ein utruleg god jobb! Ta til dømes skulen, politistasjonen eller sjukehuset i Winden – det ser heilt likt ut!
Og det er jo akkurat slik det fungerer i røynda; bygga vi vaks opp med, står som regel framleis. Når eg reiser heim, ser eg at plassane vi leika på, står der enno. Borga – den gamle barneskulen står der framleis (kanskje nyleg nedstengt på grunn av asbest), men Borga har i alle fall stått der sidan 1957. Ho har same maling og ser heilt lik ut. Det som endrar seg med åra, er derimot kleda, hårfrisyrene, syklane og bilane. Eg elskar at Dark fokuserer på desse små tinga, i staden for å gå heilt bananas og «fleske på» med overdriven neon-åttitalsstil i filmfotoet. Serien bevarer heller den same mørke stilen uansett kva tidslinje vi befinn oss i.
I tillegg har manusforfattarane laga trådar og plott så valdsamt at eg heile tida kjenner på frykta for at Dark skal ramle saman under si eiga vekt – OM dei ikkje klarer å nøste opp trådane til slutt. Difor følgjer eg intenst med.
Det er ei umogleg oppgåve å skildre kvar episode. I botn og grunn handlar serien om born som forsvinn, og born som folk finn drepne på mystiske måtar. Dei vaksne jobbar som politi, lærarar og andre vanlege yrke i Winden. Alt er tett, og alle kjenner alle. Dette skapar naturlegvis enormt med godt drama.
Konstabel Tiedemann og Charlotte
Vidare er folk i Winden utru og forelskar seg på kryss og tvers, midt i all jævelskapen. Det var spesielt ungdommane som trekte meg tilbake til Twin Peaks-kjensla, når dei vandrar åleine i skogen eller følgjer togskinnene. Vi får trekantdrama som viser at ungdomen alltid vil vere ungdom. Eg likar dei vaksne òg, særleg politikvinna Charlotte og kollegaen hennar. På åttitalet finn vi min absolutte politifavoritt: konstabel Tiedemann. Det er ei rein fryd å lytte til dialogen frå denne skodespelaren.

Samstundes elskar eg mystikken, og gjettinga på kven som er gode eller vonde. At det lurer noko ute i skauen som ingen kan forklare, er knalltøft. At den lokale presten kjem rett ut av ei Stephen King-verd, skadar heller ikkje! Dessutan dukkar det opp ein framand fyr som ser ut til å vite alt. Han gjev inntrykk av å vere helten, men ber på mykje mystikk.
Akkurat då eg trudde alt var komplisert nok, kastar serien inn ei tredje tidslinje: 1953. Wow, tenkte eg! Å balansere hendingar i tre ulike tidslinjer med 33 års mellomrom, der vi ser alle karakterane i ulik alder medan fleire og fleire reiser i tid – det er KOMPLISERT, men eg LIKAR DET.
PS: Eg elskar dei små hyllestane til Twin Peaks. Ein politikonstabel i Dark har skada auget og går med solbriller der det eine glaset er tildekka – akkurat som Dr. Jacoby. I ein annan dimensjon manglar den same karakteren ei arm (The One-Armed Man). Og kva med auga til Claudia? Nøyaktig same greia som David Bowie, som òg dukka opp i TW. Tilfeldig?

⏳ Sesong 2: Tida tek over
Sesong 2 held fram med konseptet, men utvidar det ytterlegare med fleire tidslinjer, både lenger inn i framtida og djupare i fortida. Eg trudde opphavleg at sesong 2 skulle gå føre seg mest i framtida, men der tok eg kraftig feil. Her får vi MYKJE tidsreiser. Fleire og fleire karakterar går inn i grotta og reiser til ulike tiår. Nokre blir til og med verande der!
Då forstod eg at sjølve konseptet rundt tidsreiser stel hovudfokuset. Mysteriet med morda og dei forsvunne barna frå første sesong, er brått ikkje så viktig lenger. Likevel held sesong 2 oppe den knallgode kvaliteten frå første runde, med sterke skodespelarar og nydeleg filmfoto. Serieskaparane pøser på med plott og leikar seg stort med paradoks og tidskomplikasjonar.
Så kjem sesong 3…

🌌 Sesong 3: Multivers-marerittet
Akkurat når eg trudde at ting umogleg kunne bli meir komplisert, dreg dei inn eit heilt nytt konsept: Multivers. Eg hatar multivers. Hadde eg sett Dark då han var heilt ny, hadde opplevinga vore ei heilt anna, for dette var før eg fekk totalt avsmak på det verste konseptet NOKON SINNE: Alternative verder.
Likevel heldt eg fram med å sjå. Problemet no er at vi har Winden, som først starta i «notida». Deretter fekk vi 33 år fram og 33 år tilbake. I sesong 2 fekk vi sirkus seks tidslinjer av Winden. Så kjem sesong tre med ei alternativ Winden-verd – med 8 nye tidslinjer! Det gjev oss heile 16 tidslinjer. MEN STOPPAR DEI DER!? Nei, dei kastar inn ei TREDJE Winden-verd. Eg trur Dark glatt tek Guinness-rekorden i talet på plott!
Årsak og verknad
Sidan eg hatar multivers, fanst det lite håp for meg i sesong tre. Serien miste grepet på meg. Eg fekk den same skuffande kjensla som då eg såg The Matrix 2 og 3; det blei rett og slett for mykje metafilosofisk prat om årsak og verknad, byrjing og slutt, evige sirklar og anna tungt metasnakk. Med multiverset startar historia i praksis på nytt igjen, noko eg absolutt ikkje takla.
Dessutan blei det plagsamt at alle karakterane konstant lyg til kvarandre og ber på løyndomar. Eg miste tellinga på kor mange gongar ein mystisk karakter gjorde ein mystisk entré og dramatisk tok av seg ei hette. På toppen av dette er serien dønn seriøs tvers igjennom, utan eit einaste snev av lett humor.
Serien flørta rett nok med mykje kult, som framtida etter apokalypsen. Men korkje apokalypsen eller framtida leverte varene. Kven var eigentleg soldatane i framtida? Kva slags fartøy flaug rundt? Kva skjedde med resten av verda? Det fekk aldri fokus, noko som for så vidt er forståeleg sidan dei hadde meir enn nok plott frå før.
Når alt det negative er sagt, likar eg faktisk mykje av filosofien! Særleg tankane rundt livet og døden. Serien fortel oss at ingen eigentleg døyr, for vi lever evig i dei åra vi faktisk levde! Vi får servert tunge sitat frå tyske filosofar som Nietzsche og Schopenhauer. Det diggar eg!

Dark er ein herleg miks av Back to the Future, Twin Peaks, Stranger Things, The Matrix og Outlander. Om du er ein person som elskar mikrodetaljar og vil leike detektiv ved å notere familietre for å knekke nøtta, er Dark midt i blinken for deg. Sett på Netflix.
🩸 DOMMEN
- Sesong 1: 👍
- Sesong 2: 👍
- Sesong 3: 👎
Totalt for heile serien: 👍

Gøy at du fikk deg gjennom, og på så kort tid også! vi så vel denne over en hel høst, men elska den! Legger den lett på min netflix topp-3, og kanskje topp 1!
Brukte cirka ti dagar (lenge til å vere meg!) – ja forstår all elsk rundt seria. Diverre var ses3 ikkje for meg 🙁