Spoorloos (1988)
Spoorloos (1988) handlar om ekteparet Rex og Saskia frå Amsterdam, som reiser på ferie til Frankrike. Under eit bensinstasjonstopp à la Dombås forsvinn Saskia då ho skal kjøpe kaffi. Rex fortvilar, han finn henne ikkje. Ho er sporlaust forsvunnen.
Hollywood-remake vs. originalen
George Sluizer laga ein remake med Jeff Bridges nokre år seinare. Eg hugsar han så vidt, og eg tok aldri eit gjensyn med han. Om eg fekk valet mellom eit gjensyn med Hollywood-remaken og den originale Spoorloos; utan tvil Spoorloos. Eg får faktisk lyst på eit gjensyn allereie no!
Eg blei forbløffa over kor raskt eg fall for Rex og Saskia. Første akt er ei klassisk skrekkfilm-akt med scener frå innsida av bilen medan dei køyrer gjennom eit vakkert landskap. Saskia fortel om ein draum og eit gyllent egg – eit forvarsel om kva som kjem til å skje.

Uhygge i dagslys
Dei køyrer inn i ein tunnel, og bilen går tom for bensin. Det er ei fantastisk uhyggeleg scene. Filmfotoet imponerer meg stort. Det er annleis enn alt eg har sett før. På ein måte ser filmen så naturleg ut fordi Sluizer filma mykje av han i ekte dagslys. Det tek meg nesten med på ein norsk bilferie, med skog og fjell og ein grønfarge som formelt poppar ut av storskjermen.
Rex forlet Saskia i tunnelen då ho fortvila vil finne ei lommelykt. Han kjem tilbake seinare med ein bensinkanne, og ho er vekk. Han køyrer mot enden av tunnelen, og i lyset står Saskia. Sluizer har alt fortalt oss om draumen hennar, og sekvensen kjenst ut som ein draum. Ho kjem inn i bilen, og dei køyrer vidare. Ein tenkjer at Rex er ein dritsekk som forlét henne medan ho ropte etter han. Dette er beint fram knallgod karakterbygging.

Sosiopaten bak pappa-maska
No kjem det nokre spoilers. (EG KJEM IKKJE TIL Å AVSLØRE SLUTTEN!)
Saskia forsvinn på bensinstasjonen, spoorloos vekke. Filmen hoppar over til ein ny karakter: Raymond. Frå før fekk vi sjå scener med han på bensinstasjonen, der han går med falsk armstøtte og etterpå står og studerer turistar – tydeleg som eit rovdyr.
OG her kjem akt 2 inn som filmens meisterstrøk: Raymond er ein seriemordar, men Sluizer framstiller han ikkje berre som eit monster. Han er også eit menneske med familie, som likar å spøke, og som jobbar som lærar. Han reddar til og med ei jente som held på å drukne i ein kanal, og blir den modige pappahelten i familien – dog til ein pris: Om han kan redde liv, kan han også ta liv. For det sjarmerande ytre er berre ein fasade for ein kaldblodig sosiopat.

Ein av filmhistorias mest originale mordarar
Det er så fantastisk å sjå noko totalt annleis enn det eg er vand med frå Hollywood! Scenene der Raymond trenar på å bli ein effektiv kidnappar og drapsmann, er sjukt bra utført. Han dopar seg sjølv ned med eter på eit lommetørkle, og trykkjer på timeren – berre for å sjå kor lenge effekten varer. På handleddet har han ei fancy klokke med knappar, som kan måle puls. Når han trenar, sjekkar han pulsen og noterer nøye alle kroppslege reaksjonar. Eg får frysningar.
Raymond er ein av filmhistoria sine mest originale mordarar. Filmen framstiller han på ein kynisk og nøytral måte – det er rett og slett genialt. Eg får litt Michael Haneke– og Funny Games-kjensle av han. Dessutan er han ein klums. Hadde han ikkje vore seriemordar, hadde eg framleis mislikt karakteren. Det skjegget, og gliset. Måten han er på rundt familien sin. Men så er han intelligent – skremmande intelligent, med litt flaks attåt.
Drivkrafta: Å vite kva som skjedde
Spoorloos gjer nokre utrulege grep. Eg trudde tidslinja kom til å følgje Raymond vidare etter at han tok Saskia (medan Rex leitar etter henne), men nei. Vi hoppar tilbake i tid, og får sjå korleis monsteret blir til, heilt utan at det kjenst som eit påtvinga tidshopp. Og plutseleg, når Raymond går i gata og ser ein SAVNET-plakat av Saskia, er vi tre år fram i tid. MEISTERLEG! DET ER SÅ FORBANNA BRA.
Rex har ikkje gitt opp. Han har funne ei ny kjæraste, men han leitar framleis etter Saskia. Og for meg er dette kjernen i filmen: Kva skjedde med Saskia? Det er det filmen handlar om; å vite kva som skjedde. Når noko vondt har skjedd ein person i det verkelege livet, er ingenting meir grusomt enn å ikkje vite kva som skjedde. Det finst ingen fred før vi veit kva som skjedde. Og Sluizer brukar heile siste akt på nettopp dette.

Meisterverk vs. heismusikk
Heile filmen er eit meisterstrøk. Akt tre tek uante retningar. Raymond leikar seg med Rex. Han sender han postkort. Dei møter kvarandre. Og meir skal eg ikkje skrive om plottet, anna enn at siste akt, med slutten, er FANTASTISK.
Det er ikkje kvar dag eg ser filmar frå øvste hylle på denne måten. Like før eg såg Spoorloos, såg eg Apex (2026) på Netflix. Den handlar også om ei kvinne på ferie, og om ein psykopat som kidnappar folk. Der Spoorloos er eit meisterverk på lik linje med Best of Beethoven, er Apex tilsvarande, sjelelaus heismusikk.
Eit spørsmål dukka opp på Bluesky, stilt av Martebonaparte: Kva vel vi av å berre sjå filmar ein har sett før, eller berre sjå usette filmar resten av livet? Eg valde filmar eg har sett før. Men når eg ser Spoorloos, byrjar eg sanneleg å tvile på om det var eit smart val.
TERNINGKAST: 6/6

Jeg må innrømme at jeg ikke leste hele teksten, fordi jeg var redd for å bli spoila.
Du har en smittende entusiasme, Frank. Får lyst til å se nesten alt du skriver om fordi filmkjærligheten kommer så tydelig fram i tekstene dine. Så vet jeg at jeg sannsynligvis ikke kommer til å like alt like godt. Men jeg liker å tenke at du hjelper meg å åpne øynene for nye opplevelser. Som du for eksempel gjorde med Vagabond (som jeg kanskje aldri hadde funnet ut av uten #Mandagsfilmen).
Så kjør på. Fortsett å skrive.
Takk Leiv Magnus. Dette setter eg stor pris på