Alien vs. Predator (2004): Anmeldelse
Eg hadde ikkje noko val; eg måtte ta eit gjensyn med Alien vs. Predator og den notoriske oppfølgjaren Requiem, slakta så nådelaust av gjesteskribenten Pønkefjes. (kan lesast her).
Og det er ikkje lenge sidan sist heller, for to-tre år sidan sat eg og såg desse to forhatte filmane og blei forbausa over at eg faktisk likte dei! (likte dei ikkje då dei kom!) Men eg skreiv ikkje om dei eller laga noka stor melding. No skal eg det, og så skal eg sjå på Pønkefjes si analyse, ikkje for å seie imot, men for å skjøne kva som fekk meg til å like spesielt den siste, i det heile teke!
B-film-landskapet
Eg skal ikkje gå like djupt som min ærverdige gjest. Det første eg merka no når eg sette dei på, er forventningsnivået. Dette er viktig. Eg har null forventningar når det kjem til desse Alien vs. Predator-filmane. Det som skil desse to frå resten av filmseriane Alien og Predator, er at desse høyrer heime i B-film-landskapet.
Det er eit ganske naturleg landskap for desse monstera. Tingen er at Alien, Aliens og Predator var så sjukt bra at dei braut gjennom B og hamna i A. Alle oppfølgjarar sidan har hatt ei umogleg oppgåve med å kome nær denne stordomen. Dei har rett og slett ikkje ein sjanse i havet! Men no, skal eg kike på AvP 1.
Lovecraft-vibbar i isen
Eg elskar første halvdel av filmen! Det skjer så mykje, i eit forrykande Paul W.S. Anderson-tempo. Noko blir oppdaga i Antarktis. Milliardæren Weyland (Lance Henriksen) samlar eit team med ekspertar for å reise dit og forske på ein pyramide gravlagd langt under isen.
Ekspertteamet reiser med båt gjennom eit islandskap. Vinterstemninga er på topp! Eg får The Thing-vibbar. Men mest av alt er dette så nært som det er mogleg å kome At the Mountains of Madness – den knallgode boka av H.P. Lovecraft som eg las og digga i forfjor. Ho handlar om eit team som oppdagar noko urgammalt i Antarktis. Ja, Anderson må ha lese boka då han skreiv manuset. Diverre har ingen laga ein film av boka, enno. Men vi har denne!

Nøytrale heltar og legendariske monster
Så kjem teamet til øya i Antarktis, som er ekstremt isolert, langt, langt vekke frå sivilisasjonen. Dette er fasen for etablering av karakterane. Filmen har ikkje nokre supersterke karakterar, slik Alien, Aliens og Predator har. Lyspunkta er Lance Henriksen, som her er Bishop-originalen – Weyland skapte Bishop i sitt eige bilete. Skotske Ewen «Spud» Bremner frå Trainspotting er god, og gjev ei fin dose humor. Tommy Flanagan har eit fjes som gjev litt liv. Colin Salmon er solid.
Hovudpersonane, spelte av Sanaa Lathan (fjellklatrar og teamleiar) og Raoul Bova (arkeolog), er veldig nøytrale. Dei stikk seg ikkje ut, men dei plagar meg heller ikkje.
Medan heltane våre reiser til denne øya, får vi sjå at nokre andre er på veg: FRÅ VERDSROMMET. Ja, det er tida sine nest beste filmmonster: Predatorane. Og dei har full kontroll med high tech, og følgjer godt med på menneska. Spoilers vidare….

Eventyr, pyramide og popcorn
Eg likar det eg ser, eg kosar meg med popkorn og nudlar. Første del av filmen er som Stargate og Indiana Jones; eit eventyr. Og eventyrfaktoren blir endå større når dei først går ned i kanalen til pyramiden som har loge under is i tusenvis av år. Som i Event Horizon er det her mykje lekre detaljar i set-designet.
Og vi blir forklarte i ein eksposisjonsscene at Predatorane kom til jordkloten for lenge, lenge sidan. Dei lærte menneskja å byggje pyramidar, å ta det neste steget i evolusjonen, og ikkje minst: å bli brukte som offerdyr til Aliens slik at Predatorane kunne jakte på nyfødde monster frå brysta til slavane. Leiken gjekk for langt, og sjefane frå verdsrommet mista kontrollen over sine små aliens, så dei trykte inn koden på atombomba på armen og sprengde heile øya i Antarktis. Dette diggar eg!
Men eg vil ikkje skrive for langt! Eg har bestemt meg for at alt eg skriv skal vere på maks to sider, så eg tek ein Paul W.S. Anderson og peisar opp tempoet.
Escape Room og slakt
Bortsett frå ei lita stund cirka éin time inn i filmen, storkosa eg meg rett og slett. Anderson berre leikar seg stort her. Det er mykje gode praktiske effektar og action. Eg elskar at han tok med sjølve Alien-dronninga! Og peisar ho inn i klimakset heilt til slutt. CGI-en er slett ikkje verst, og eit stort steg opp frå Event Horizon.
Inne i pyramiden fungerer filmen som ein «escape room»-skrekkfilm, der romma forandrar seg kvart tiande minutt og skil teamet slik at dei blir klare for slakt av anten monster A eller B. Dette er rein og uskyldig B-film-moro som ikkje er meint å leve opp til originalane. Eg måtte le av hovudpersonen, fjellklatrar Sanaa, som var veldig oppteken av teamet sitt og tryggleiken deira; alle døydde jo, bortsett frå ho! Haha. Ho slår seg saman med den gjenlevande Predatoren, og dei blir kompisar som skal møte final-boss: dronninga. Knall!
Konklusjon
Som alltid kosar eg meg mest med leiketøya til Predatorane; sylskarpe instrument som kappar Alien-hovud eller menneskekroppar. Favoritten her er garnet! Alienane er godt laga og effektane er knall. Den store svakheita til filmen er karakterane, fordi vi er vane med så sterke karakterar. Og logiske bristar er ikkje viktig for meg i slike type filmar.
Men likevel: Eg kosar meg meir med Paul W.S. Anderson sin AvP enn eg gjorde med Alien 3 og 4, Prey, Predator: Badlands (den einaste eg ikkje likte i det heile teke) og Alien: Romulus. Av den enkle grunnen: eg forventar ikkje magien frå originalane, og desse monstera passar dritgodt inn i B-film-verda. Så neste blir AvP: Requiem, for å sjå om den er så ille som Pønkefjes vil ha det til i sin knallgode analyse.
Eg gjev 👍 TOMMEL OPP
(filmane ligg forresten til sal på apple tv til 49 kr,-)


