Outland (1981)

Outland (1981)

Sean Connery spelar ein marshal på ein gruvebase på Io, ein måne som høyrer til Jupiter. Kona stakk av heim til jorda med sonen og forlét ektemannen fordi ho ikkje lenger takla livsstilen hans. Så byrjar arbeidarar å døy under heilt mystiske omstende: Dei tek sitt eige liv på yttarst grotesk vis. Connery granskar saka og oppdagar at nokon driv med sal av eit syntetisk narkotikum som gjer at arbeidarane kan køyre seg ekstra hardt, men som også gjer dei totalt psykotiske i same slengen. Marshalen får klar beskjed om å ikkje blande seg, men Connery spelar ein hardbarka sheriff med solide autoritetsproblem. Dette er ein rein western i sci-fi-drakt, og meisterverket High Noon (1952) med Gary Cooper er den heilt tydelege inspirasjonen.

Outland (1981) Foto: The Ladd Company / Warner Bros.

Meir Alien enn Aliens

Eg elskar Alien (1979), og Outland er faktisk meir Alien enn Aliens er i rein stil og i det å skape eit innlevd univers. Heile universet regissør Peter Hyams byggjer opp i Outland, verkar som om det alltid har vore der, akkurat som i Star Wars og Alien. Gangane og byggverka kring gruvebasen ser fantastiske ut, nettopp fordi dei praktiske effektane med old school-modellar er fullstendig spektakulære. Eg synest sci-fi-stemninga frå filmar som Alien, Star Wars, Blade Runner og Outland verkar meir realistisk enn dei aller fleste sci-fi-filmar som har kome sidan. Med andre ord: Dei er CGI-frie, og det kjenst ekte fordi det er ekte, praktiske effektar.

Sean Connery er suveren i rolla som marshal. Her er han barsk, finn seg ikkje i noko som helst form for ulovlegheiter, og står knallhardt imot den korrupte stasjonssjefen, spela av Peter Boyle. Vi får tilbringe mykje tid inne i leilegheita hans. Setdesignet er formidabelt – eg kunne nesten tenkt meg å bu slik! Han har skjermar som gjev han spesialinnsyn over stasjonen, og eit massivt arsenal av pumpehagler i skapet.

Outland (1981) Foto: The Ladd Company / Warner Bros.

Nedteljing til High Noon

Når han hamnar i alvorleg trøbbel, blir spesialsoldatar kalla inn. Dei kjem med den neste romferja, og den siste halvtimen av filmen er kliss lik High Noon, med intenst fokus på nedteljing og feige medarbeidarar som nektar å hjelpe marshalen. Med eit strålande unntak av ein modig, eldre lege spela av Frances Sternhagen, som endar opp som hans einaste ven på stasjonen.

Klimakset er roleg, men nervepirrande. Spesialsoldatane jaktar på Sean Connery, medan arbeidarane og stasjonssjefen sit oppe på klubben og ventar på at oppdraget skal bli utført. Eg elskar denne iskalde roa, den sakte og metodiske leitinga i ein heilt forlaten del av romstasjonen.

Frityrlukt og videosjappesjarm

Her snakkar vi skyhøg nostalgifaktor, med ei eiga lukt av frityr og god, gamaldags videosjappesjarm. Eg hugsar VHS-coveret frå Warner Home Video utruleg godt. Då vi var desperate etter meir sci-fi fordi Star Wars og Alien allereie hadde erobra hjarta våre, var Outland ein perfekt medisin. Sidan den gong har eg sett filmen to-tre gongar.

Dette gjensynet var knallgodt. Det er kvalitet over heile linja, og så nært Alien i design som det er mogleg å kome. Ikkje minst på grunn av den fantastiske filmmusikken til maestro Jerry Goldsmith. Faktisk tenkte eg ein god del på Total Recall også, så Outland følest nesten som ein fabelaktig hybrid av dei to klassikarane. Den enkle bodskapen om at rike konglomerat utnyttar arbeidarane sine til beinet, vil vel dessutan alltid vere aktuell.

Historia er velkjend, og i grunn lett å føresjå. Men med Peter Hyams, Connery, Goldsmith og ein enormt habil filmfotograf i Stephen Goldblatt (Lethal Weapon), er handverket så bunnsolid at det er alt eg treng. Handverket og den tjukke stemninga; ei atmosfære av kassett-futurisme som eg rett og slett DIGGAR, der datamaskinane har grøn skrift på tjukke skjermar og alt ser skite, slite og innlevd ut. Korleis dei klarte dette i denne filmen og dei andre nemnde, forstår eg nesten ikkje, men for ein slik eminent stil og eit slikt handverk må eg berre gje full pott.

Filmen på Letterboxd

TERNINGKAST: 6

  • Originaltittel: Outland
  • Premiereår: 1981
  • Speletid: 1 time og 49 minutt
  • Regi og manus: Peter Hyams
  • Filmmusikk: Jerry Goldsmith
  • I rollene: Sean Connery (O’Niel), Peter Boyle (Sheppard), Frances Sternhagen (Dr. Lazarus), James B. Sikking (Montone).
  • Ikkje døypt Outland: Arbeidstittelen på filmen var lenge berre Io, oppkalla etter månen han går føre seg på.
  • High Noon: Regissør Peter Hyams ville eigentleg lage ein klassisk western. Filmselskapa nekta, og sa at western-sjangeren var heilt død og ikkje ville tene pengar. Hyams tenkte smart, tok handlinga og dynamikken frå klassikaren High Noon, og plasserte alt saman ute i verdsrommet i staden!
  • Introvision-magi: Filmen var ein av dei aller første som nytta eit banebrytande praktisk effektsystem kalla Introvision. Dette var eit ekstremt avansert frontprojiseringssystem som let skodespelarane bevege seg «inne i» og bak miniatyr-modellar i sanntid. Dette sparte selskapa for millionar i setbygging, og såg utruleg ekte ut (same teknikk blei seinare brukt til det legendariske togkrasjet i The Fugitive).
  • Eit ekte arbeidsmiljø: kostymane og miljøet skreddarsydde for å sjå brukte ut. Kostymedesignaren var John Mollo, den same mannen som vann Oscar for arbeidet sitt på både Star Wars: A New Hope og nettopp Alien. Det er difor alt ser så slite, industrielt og deilig ut!
Outland (1981) Foto: The Ladd Company / Warner Bros.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *