The Directors

  • Directors

    Walter Hill – Den lakoniske actionmeisteren

    Walter Hill er ein actionmeister, og her på Filmloftet skal han hyllast og skrivast om – så lenge eg lever! I motsetnad til karakterane han skaper, skal eg ikkje vere lakonisk, men heller bable i veg. Det er no eg kjenner behovet for Filmloftet sin podkast! Mitt første filmmøte med Walter Hill, om eg skal grave i minnebanken, var filmen 48 Hrs. (1982) ein gong på midten av åttitalet. Det var tida sin aller beste laurdagsfilm! Vi fekk action, biljaktscenar, komedie i form av Eddie Murphy, og brutal videovald. Gradvis byrja vi å sjå etter fleire filmar av regissøren…

  • Directors

    Walter Hill og John Carpenter: To sider av same westernmynt

    Desse to regissørane har vore med meg heile livet, og eg er ein enorm fan av begge. Begge er sjangerregissørar, men opererer i kvar si avdeling. No vil eg ta eit lite djupdykk i stilen og filmkatalogen deira, for eg synest dei er to like barn av same ulla. Er dei eigentleg western-regissørar? Eg har sett intervju, og dette har dei absolutt til felles: Begge to elskar westernsjangeren, og dei har teke han med seg inn i sine eigne filmar. Walter Hill sine favorittar er som følgjer: John Ford, Raoul Walsh, John Huston, Sam Peckinpah og Sergio Leone. John…

Nyheit – ut med Gjestar inn med Regissørar

No fasar eg ut Gjester og erstattar sida med Regissørar. Du kan framleis finne alle gjesteinnlegga her: [Gjester].

Regissørar er viktige. Filmane eg likar best har eit tydeleg auteur-avtrykk. Ein distinkt stil frå ein regissør som gjer ting på sin heilt eigen måte. Som å oppdage eit nytt favorittband. At eg berre må sjekke ut resten av katalogen!

1. John Carpenter

For første gong tek Carpenter førsteplassen frå Spielberg. Dei to har kniva i årevis, men no kjenner eg faktisk at det er på tide. Carpenter er kongen!

2. Steven Spielberg

Han har vore på topp i heile mitt liv. Det var han som vekte filmlidenskapen i meg. Jakten på den forsvunne skatten har alltid vore min absolutte favorittfilm (kanskje litt av vane).

3. David Lynch

Alt han lagar, er fantastisk. Eg elskar til og med den utskjelte Dune, som Lynch sjølv hatar. Alle som elskar Twin Peaks, veit kva eg meiner om denne mannen. Han representerer det annleise og rare i livet. Han er heilt unik.

4. Walter Hill

Han liknar Carpenter på mange måtar. Der Carpenter var meisteren av skrekk og sci fi, regjerte Hill i action. Og det tøffaste? Begge har slått fast at det eigentleg er westernfilmar dei lagar!

5. John Hughes

The Breakfast Club er ein av mine aller største favorittar. Hughes laga dei beste ungdomsfilmane nokosinne. Eg er evig takksam for at eg fekk oppleve filmane hans då eg sjølv var ung.

6. Mel Brooks

Å le er kanskje det viktigaste vi gjer. Av alle komediar er det Brooks sine eg har ledd aller mest av. Dei er ikkje berre fantastisk morosame, dei er eit solid stykke ekte filmhandverk!

7. Joe Dante

Dante er eit unikum! Ein type regissør som berre kunne slå gjennom på 80-talet. Hans sort får ikkje lov til å lage film lenger, dei er rett og slett for rare! Ein meister i B-film-inspirert sci-fi, skrekk og komedie. Alle er Dante-rare, og rart er fantastisk bra!

8. Martin Scorsese

Taxi Driver, Raging Bull, Cape Fear … så utruleg mykje gull! Dette er filmar eg har sett gong på gong. Kanskje er han filmhistorias aller beste regissør.

9. James Cameron

Gløym blå figurar i fjerne galaksar! Terminator og Aliens er av verdas beste filmar og Cameron er heilt uslåeleg som teknisk action-geni!

10. Brian De Palma

Ein meister på alle moglege måtar!

John Carpenter

  1. The Thing
  2. Big Trouble in Little China
  3. Escape from New York
  4. Halloween
  5. They Live

Steven Spielberg

  1. Raiders of the Lost Ark
  2. Jaws
  3. E.T.
  4. Close Encounters of the Third Kind
  5. Indiana Jones and the Temple of Doom

David Lynch

  1. Blue Velvet
  2. Mulholland Dr.
  3. Twin Peaks: Fire Walk with Me
  4. Wild at Heart
  5. Lost Highway

Walter Hill

  1. Johnny Handsome
  2. 48 HRS.
  3. The Warriors
  4. Streets of Fire
  5. Southern Comfort

John Hughes

  1. The Breakfast Club
  2. Planes, Trains and Automobiles
  3. Ferris Bueller’s Day Off
  4. Sixteen Candles
  5. Weird Science

Mel Brooks

  1. Blazing Saddles
  2. Young Frankenstein
  3. Spaceballs
  4. Silent Movie
  5. The Producers

Joe Dante

  1. Gremlins
  2. The «Burbs
  3. Innerspace
  4. Explorers
  5. Matinee

Martin Scorsese

  1. Taxi Driver
  2. Raging Bull
  3. Goodfellas
  4. Cape Fear
  5. Mean Streets

James Cameron

  1. The Terminator
  2. Aliens
  3. Terminator 2
  4. The Abyss
  5. True Lies

Brian De Palma

  1. Scarface
  2. Blow Out
  3. The Untouchables
  4. Body Double
  5. Dressed to Kill

Det finst utruleg mange gode regissørar. Dei tronar øvst på filmpyramiden med skodespelarane like under. Sjølv om eg er delvis samd med Kael i at alle er like viktige og at film er teamwork (dette må eg skrive eit eige innlegg om!), er det regissørane eg har aller mest dilla på. I den fysiske filmsamlinga mi dominerer dei. Alt er fint organisert kronologisk etter årstal, og dei får alltid heidersplassen på den beste hylla – den hylla eg er mest stolt av å vise fram her i heimen.

Så eg kjem til å skrive MYKJE om regissørar her på Filmloftet. Første blir John Carpenter og Walter Hill.