Video Vest 1992

Video Vest i 1992

No var eg heldig. Eg har fått tak i ein videosnutt som viser Video Vest i all si prakt anno 1992. Eit enkelt glimt av korleis det faktisk såg ut å gå mellom hyllene. Mange av oss hugsar det jo. For det er eigentleg ikkje så frykteleg lenge sidan videoutleiga tok slutt – det var vel rundt 2012.

Åra fyk som alltid. Med tida vil kanskje heile denne æraen forsvinne, og nye generasjonar får berre høyre om glansdagane til videosjappa med eit snev av mytologisk mystikk; ei tid for dei å romantisere.

Kjem videoutleiga tilbake?

Vil videoutleige nokon gong kome tilbake? Ein veit aldri. Vinyl kom tilbake, kassettane òg. Ein skal slett ikkje undervurdere det fysiske formatet. Det ligg i vår natur å kunne halde på fysiske ting, som eit skikkeleg videoomslag. Og det er faktisk den yngre generasjonen som held det fysiske formatet i live, i alle fall slik eg har forstått det når eg har prata med dei bak skranken på den lokale musikkbutikken i Ålesund.

Eg har òg følgt godt med på Snips Movies i sosiale medium – ein kar som driv ei av dei få gjenlevande videosjappene i England, med 19 000 filmtitlar ein kan kike seg gjennom. Han fortel at tala peikar oppover, meir enn nokon gong. Så det skulle ikkje forundre meg om videoutleige kan få eit skikkeleg comeback i storbyane her til lands òg.

Video Vest kjem nok aldri tilbake – men igjen, never say never, og Goonies never say die! Men medan eg og vi ventar, kan vi nyte denne deilige videosnutten som gav meg himmelsk nostalgi.

Filmar eg oppdaga!

Eg hugsar godt 1991/1992 – her kunne vi sjå The Prince of Tides som var nominert til heile sju Oscar-prisar, men som ikkje vann ein einaste ein. Det var ein enorm film på den tida, og alle snakka om han. Og eg tippar Ben Affleck og Matt Damon lånte nokre element frå The Prince of Tides til filmen sin Good Will Hunting, utan at eg skal røpe noko meir der.

Der heng òg ein plakat av Carolina Skeletons (1991) med Louis Gossett Jr., men den har eg ikkje noko minne om. Det er klart det er ein film eg fekk lyst til å sjå NÅR DET HENG EIN PLAKAT DER!

Så heng det ein plakat med Demi Moore i hovudrolla: Farlig vennskap – som heitte Mortal Thoughts (1991) på engelsk. Har ikkje sett han sidan, men eg hugsar at eg likte han. Eg trur faktisk eg såg han på kino. Ein typisk psykologisk thriller som nittitalet spesialiserte seg på.

Like etter ser eg på thriller-hyllene ein annan thriller – Djevelsk spill (Final Analysis), med Kim Basinger og Richard Gere, som eg òg likte godt på den tida. Men han er frå 1992, så då er sannelig ikkje dette filma i 1991, men i 1992! Med litt detektivarbeid ser eg no at det er Kim Basinger og Uma Thurman som prydar filmomslaget på Video Vest. Det er slett ikkje enkelt å sjå detaljar på denne videosnutten. Uansett, nok ein film eg fekk lyst på eit gjensyn med!

Ved sidan av der plakaten av Carolina Skeletons heng, er det to andre filmar. Det er sju eksemplar av den same filmen, både oppe og under – klarer de å finne ut kva filmar dette er!? Bruk kommentarfeltet! 🙂

2 Comments

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *