Butcher Bob (1999)
Dette er den siste filmen til Fearbank Productions. Han blei filma sommaren og hausten 1999 – for 27 år sidan. På denne tida var vi alle i arbeid, og eg var i Geiranger og jobba på hotell. Eg brukte ferievekene på å reise heim for å vere med på filminga. Som med alle filmane vi laga heilt sidan 1985, var vi ein god gjeng som samarbeidde.
Eg laga effektar i lag med dei andre. Og eg spelte i han – Leifmar er min karakter. Dette var den siste filmen eg spelte i. Blodoppskrifta blei raffinert med åra, frå ketchup til solbærsirup. Regissøren filma og klipte heile filmen sjølv. Alle jobba hardt og med stor glede for å lage norskskrekk nøyaktig slik vi ville, ut frå eit brennande ønske om å SJOKKERE.
🩸 Ekte tarmar og bluescreen-øks
Butcher Bob kan verke harmlaus – med tanke på at han er heimelaga – men ver åtvara, nokre scener er sterke den dag i dag. Eg har sett folk bli kvalme! I denne filmen brukte vi sjølvsagt mykje praktiske effektar. Sam Raimi hadde vore stolt! Men vi tok steget endå lenger: Vi stakk til slaktaren og fekk tak i ekte tarmar og hovud frå sauer!
Og i éin effekt brukte vi faktisk bluescreen, rundt ei øks! Eg diggar korleis det ser ut. Vi jobba i mange år med å skape skrekkelege illusjonar av mordscener. Den aller første skrekkfilmen vi laga var ein ekte kortfilm på tre minutt, som blei filma på 8mm ekte film. The Midnight Stalker heitte han. Han fekk to oppfølgarar. Målet vårt var å lage lengre og betre skrekkfilmar for kvar einaste gong. Dialog blei òg introdusert, men på engelsk.
📼 Ut av dvalen
Då Butcher Bob blei laga, brukte vi alle triksa vi hadde lært sidan 1985. Sidan den gong har filmen lege i dvale, men no kan han endeleg sjåast her på Filmloftet. Eg har laga ein eigen meny som heiter FEARBANK PRODUCTIONS, gøymt i undermenyen. Kanskje kjem det fleire godsaker og heimelaga filmar der etter kvart.
Det skal vere sagt at korkje eg eller dei andre ønskjer noko oppstyr rundt dei filmane vi laga. Vi held oss i det skjulte, og har absolutt ingen ønske om å få noko spotlight på oss. Men mange har vore nysgjerrige på Butcher Bob, så etter ønske frå fleire legg eg han ut her.
Som eg sa: Filmen INNEHELD STERKE SCENER. Lukke til!
«YouTube torer ikkje å vise denne filmen direkte på bloggen! Du må trykkje på ‘Se på YouTube’-lenkja i den svarte boksen under for å bevise at du er over 18 år. Vi sa jo at det var sterke scener!»
Butcher Bob har blitt anmeldt her:
Filmklikk
Filmjunkiene