The Outfit (1973)

The Outfit (1973)

Eg er glad i Parker-filmane. Ofte er det same konseptet (ikkje ulikt John Wick) der Parker blir utsett for noko som gjer at han går etter mafiaringen – The Outfit – og terroriserer dei inntil han får rettferd. Ofte undervurderer mafiasjefane Parker, og lyt svi kraftig for det! Filmane er baserte på bøkene av Richard Stark.

Forteljinga er litt annleis denne gong. Her får Parker (Robert Duvall) hjelp av ein forbrytarvenn, Cody (Joe Don Baker). Saman er dei dynamitt, og dei er veldig synkroniserte på same sak. The Outfit startar med at leiemordarar skyt broren til Parker, og han er neste på lista. Parker blir forbanna og får med seg Cody, og dei ranar alle Outfit-bedrifter heilt til sjefen går med på å gje ein fin og rettferdig sum – noko han sjølvsagt ikkje gjer.

The Outfit (1973)
The Outfit (1973) Foto: Metro-Goldwyn-Mayer

🎷 Trommer, jazz og knallhard action

Frå start er det rett på sak, no nonsense action og eit enkelt mål. Det fantastiske med denne Parker-filmen er å sjå Robert Duvall og Joe Don Baker i lag; måten dei pratar til kvarandre på og den heile tida liggjande småkøddinga. Eg diggar når dei skal rane og vi får eit herleg musikkspor med trommer og jazz (ELSKAR 70-talet). Her er intenst foto og klipping. Men for meg er denne filmen Baker og Duvall, som er ein herleg duo.

Andre herlege skodespelarar er Karen Black som kjærasten til Parker. Robert Ryan spelar mafiasjefen, i ei av sine aller siste roller. Ryan har spelt i mykje knall, frå The Dirty Dozen og The Wild Bunch, til andre krigs- og westernfilmar. Joanna Cassidy har ei lita rolle, og elles er filmen stappa med barske andlet eg elskar å sjå.

Robert Duvall, Joe Don Baker og Karen Black – Foto: Metro-Goldwyn-Mayer

🎬 Tarantino-favoritt

John Flynn regisserte filmen – ein Tarantino-favoritt. Eg kjende litt av den same stilen Flynn hadde i Rolling Thunder; to karar som hjelper kvarandre. Han regisserte òg Best Seller, Lock Up og Out for Justice. Min store helt Walter Hill var med på manuset.

Eg har blitt veldig glad i Parker-karakteren. Det er noko Conan-aktig med han; han føretrekkjer handling i staden for prat. Og han har faste prinsipp: ein viss sum, aldri under eller over. I tillegg er han ikkje berre kaldblodig, og han kan la fiendane sine leve. FILMEN PÅ LETTERBOXD

TERNINGKAST 5

The Outfit (1973)
The Outfit (1973) Foto: Metro-Goldwyn-Mayer

🔫 Mi rangering av Parker-filmane:

  1. Point Blank (1967) med Lee Marvin
  2. Payback (1999) med Mel Gibson
  3. The Outfit (1973) med Robert Duvall
  4. Parker (2013) med Jason Statham
  5. Play Dirty (2025) med Mark Wahlberg

Eg har enno ikkje sett The Split (1968) eller Slayground (1983) – men det skal eg!

2 Comments

  1. Denne har jeg fortsatt ikke sett. Selv om jeg føler at jeg har gjort det, eller i hvert fall har følt at jeg burde ha gjort det en årrekke. Mye på grunn av Quentin Tarantino. Nå minner du meg også på det. Liker tross alt VELDIG godt Point Blank, og har også alltid tenkt på Payback som sterkt undervurdert siden jeg så den på kino i 1999. (Det minnet meg dermed også på at jeg bør ha et gjensyn med den snart, har samlet nok støv i DVD-hylla).

    1. Har eit veldig nært forhold til Point Blank. Tok han opp på VHS på nittitalet og såg han fleire gongar. Har ikkje sett sidan, og eg berre må skaffe meg den nye Criterion 4K-versjonen som blir sluppen no i mai ( https://www.platekompaniet.no/film-tv/4k-ultra-hd/thriller/point-blank-1967-pa-kloss-hold-the-criterion-collection-uk-import-4k-ultra-hd-blu-ray ) Payback tok meg med storm då han kom. Er usikker om eg har sett directors cut, trur eg skal bestille den i same slengen, 199,-

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *