Siskel og Ebert

Tommel opp og tommel ned

Nyheiter: frå no av gjev eg tommel opp eller ned. Ikkje at nokon bryr seg i dette vidstrakte landet, eller ute på bøljan blå, om kva ratingsystem eg brukar. Eg har i alle fall lang erfaring i veging av film, å sjå film med lupe og nøyaktig vite kva som er bra eller dårleg, for så å gje den karakteren filmen fortener.

Seksstjernersystem og Letterboxd-utmatting

I ungdommen skreiv eg filmdagbøker med seksstjernersystem. Dei siste tre åra har eg gått amok med karaktergjeving på Letterboxd. Eg må ærleg innrømme: eg er dritlei av det, heile prosessen! Kvifor i all verda skal eg sitje og tenkje: «Den fortener 3.5… hmm, nei kanskje 4», eller «For ein elendig film, eg gjev 2, nei vent, 1,5, fuck it, 1», og så vidare.

Kvifor halde på slik? Kvifor bruke krefter på det!? Film er kunst og underhaldning, ikkje noko sånn der tentamensretting eller tung vitskap.

Filmsjåing er enkel matematikk. Likte du filmen? Likte du han ikkje? Tommel opp for bra. Tommel ned for dårleg. Anten er han verdt å sjå, eller så er han ikkje det.

Arne Skouen og terningkastet

Eg måtte innom Wikipedia (som eg no sverga til) for å sjekke kva tid terningkastet blei innført i dette landet: 1952! 31. mars 1952!! Av Arne Skouen (1913–2003), ein norsk regissør, journalist og skribent. Ja, han som var Oscar-nominert for filmen Ni liv (1957), men som tapte for Fellini, ifølgje Wikipedia. Han innførte denne lange tradisjonen som fleste aviser framleis brukar.

Men eg les at han angra, og at han i ettertid var «sterkt kritisk til bruken av terningkast». Det står ikkje noko meir. Skal tru kvifor? Kanskje eg har kome til det same punktet!?

Roger Ebert var òg litt ambivalent til heile stjernesystemet; frå eit kunstnarisk perspektiv var det rett og slett rart å gje stjerner. Men Ebert hadde ikkje noko val fordi han jobba for ei avis. Ein interessant artikkel om dette kan ein lese her på ReelViews (av James Berardinelli).

Eg har kasta nok terning i mitt liv!

Ein enklare kvardag

Men eg har fått nok! Tommel opp eller ned er no min veg, og kanskje ein gyllen-neonfarga tommel opp for noko som er eksepsjonelt bra – men ikkje meir!

Eg held uansett på å reinske heile Filmloftet for alt mogleg rusk og gamal kode i databasen for å gjere sida lettare og mindre stressande å drive, så eg skal innføre dette tommelstyret samstundes. Dette har eg trua på at kjem til å bli sunt for meg.

Så no må eg teste: eg gjev dette innlegget ein tommel opp! 👍

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *