Invasion U.S.A. (1985)
I ei lita stund på åttitalet var Invasion U.S.A. verdas beste film. Filmen handlar om Rostov, spelt av Richard Lynch. Det finst mange sadistar på film, men ingen er så vond og omsynslaus som Rostov.
🧨 Kokain og skot i skrittet
Filmen opnar med Rostov. Han utkledd som ein marinekaptein, og legg seg på sida ved ein flyktningbåt frå Cuba med skuta si. Han massakrerer både kvinner og barn – absolutt alle saman – og tek kokainen som ligg gøymd under alle kroppane.
For all kokainen han stal, kjøper han våpen frå ein narkotikahandlar spelt av Billy Drago – eit formidabelt skurkeandlet som vi hugsar best frå Brian De Palma-filmen The Untouchables. Når Rostov får stadfesta salet gjennom nestkommanderande sin, Nikko, blir vi vitne til kreative mord. Ei kvinne sniffar kokain, og Rostov slår hovudet hennar ned i røyret ho brukar til sniffinga, før han kastar henne ut vindauget. Så tek han pistolen sin og skyt fleire skot i skrittet til Billy Drago.
PROFIL: Rostov
- Høgd: 179 cm
- Vekt: 85 kg
- Hår: Blondt, tjukt
- Jobb: Terrorist
- Kjennemerke: Arr (brannsår)
- Favorittvåpen: Bazooka og pistol
- Favoritthenretting: Skot i ballane
- Nemesis: Matt Hunter

På ei strand kjem eit lukkeleg par ut av sjøen. Dei legg seg på sanden for å fullbyrde kjærleiken. Dei får ikkje med seg hæren som blir lasta av på stranda som om det var Normandie, fordi Nikko henrettar begge med skot i hovudet. På rekkje og rad står det store lastebilar som hæren fordeler seg i før dei reiser mot storbydestinasjonane sine.
Litt seinare sit Rostov på ein restaurant i Miami Beach i lag med Nikko. Han seier at Amerika ikkje har vorte invadert på to hundre år, og at innbyggjarane har blitt feite og late.
💥 Julefreden blir blåst til himmels
Det er jul. I ein typisk amerikansk forstad pyntar barna juletrea utanfor huset sitt. Eit par klinar i bilen sin. Julemusikk blir spelt, og alle i dette nabolaget er lukkelege. Ei mor ropar at det er tid for middag. Så kjem Rostov og Nikko køyrande i bilen sin. Dei står der på gata og ser på dei lukkelege A4-familiane. Rostov seier: Dei gjer det for enkelt. Nikko tek fram ein bazooka. Rostov tek han frå han, «Nei, eg vil!«, og han bles heile nabolaget tilbake til steinalderen i rein Trump-stil. Heile nabolaget blir sprengt i filler, inkludert barna.
Rostov sin hær kjem på plass. Nokre soldatar krasjar ein latinofest og skyt folka på festen. Dei herjar på kjøpesenter og i kyrkjer. Dei drep uskuldige på tivoli, og prøver å sprenge ein skulebuss med barn medan ungane syng «Row Row Your Boat«. Medan dette skjer, er Rostov sint på ein kollega og skyt han i skrittet med pistolen sin, fleire gongar. Så ond er Rostov at han heile tida skyt ballar.
🤠 Sumpar og bazooka-duellar
Planen til Rostov er effektiv og kalkulert – alt går på skjener. Men så dukkar Chuck Norris opp. Han heiter Matt Hunter, og er skriven av Norris-brørne.
Matt Hunter ville berre vere i fred i sumpen, i lag med indianarvenen sin og nokre alligatorar. Men når Rostov bles huset hans i sumpen til himmels og skyt venen hans, blir det personleg.
Han køyrer rundt i ein truck. Han har på seg dongeribukse, eit westernbelte og ei dongeriskjorte som er knappa opp. Målet er Rostov. Han har tidlegare sagt til sin nemesis: Det er tid for å døy, og Rostov har mareritt rundt hendinga. Når Hunter lèt seg bli teken til fange, seier han det igjen på riks-tv så Rostov får sjå det: Det er tid for å døy. Rostov klikkar, og samlar heile soldathæren som er spreidd rundt omkring i landet, for å ta Hunter éin gong for alle.
PROFIL: Hunter
- Høgd: 178 cm
- Vekt: 79 kg
- Hår: Blondt, tjukt
- Jobb: CIA-agent (pensjonert)
- Kjennemerke: Skjegg og dongeri
- Favorittvåpen: Uzi – 2 stk
- Favoritthenretting: Freestyle
- Nemesis: Rostov

Rostov og hæren stormar eit bygg i Atlanta som om det var storminga av den amerikanske kongressen 6. januar 2021. Dei spring inn i eit tomt bygg og skyt på alt dei ser. Nydeleg taktikk! Men så oppdagar soldatane at BYGGET er tomt. På utsida blir dei omringa av DEN AMERIKANSKE HÆREN. Rostov blei lurt, han tok agnet, og resultatet er eit 20 minuttars ACTIONKLIMAKS.
Kjapt oppsummert blir invasjonshæren skoten i filler. Rostov og Hunter duellerer med bazookaer, der førstnemnde er for treig og blir sprengd i tusen bitar.
Er dette moro? Ja. På lik linje med Death Wish 3 er dette Cannon-fun på sitt aller beste.
Nostalgisk terningkast: 💥 💥 💥 💥 (4 av 5 patronar – rett i skrittet!)
Invasion U.S.A. (1985) – Trailer
💬 Beste replikkar
- See you in hell! – Send me a postcard.
- It’s time to die.
- Come back here, and I’m gonna hit you with so many rights you’ll be begging for a left.
- Lose this?
- Didn’t work, huh? Now it will.
Baksida av VHS-coveret
- Regissør: Joseph Zito
- Produsentar: Menahem Golan og Yoram Globus
- Manus: James Bruner og Chuck Norris
- Musikk: Jay Chattaway
- Rolleliste: Chuck Norris, Richard Lynch, Melissa Prophet, Alexander Zale, Billy Drago
- Filmlengd: 107 minutt
- Årstal: 1985
- Filmen på LETTERBOXD
- Sett på norske PRIME

Kjekke fakta for filmnerdar
- Chuck Norris var misnøgd med fleire av manusutkasta, og enda opp med å skrive om mykje av filmen sjølv saman med broren sin, Aaron Norris.
- Filmen blei gjeven ut av det legendariske B-filmselskapet Cannon Films, leia av dei berykta fetterane Menahem Golan og Yoram Globus. Filmen var eit forsøk på å utnytte frykta for den kalde krigen.
- Under innspelinga av bazooka-scenane brukte dei faktisk ekte eksplosivar, og fleire av stuntdoblane fekk brannskadar under actionklimakset i Atlanta. Det brennande nabolaget var i røyndomen eit faktisk nabolag som skulle rivast for å byggje flyplass-rullebanar i Atlanta, så filmskaparane fekk løyve til å sprenge heile dritten på ekte!
- Der finst og ein 1952 raud-fare sci-fi med same filmtittel





