Onslaught (2026) – Blodig retro-action frå Adam Wingard
Med Onslaught (2026) har Adam Wingard laga ein film for ei spesiell målgruppe: oss videosjappegubbar! Vi som elskar John Carpenter, feite synthar, James Cameron og 80-talsaction. I forsøket syns eg Onslaught var inne på eit Rodriguez/Tarantino-territorium. Filmen kunne ha vore ein slags Grindhouse-film om her blei lagt på eit filter med riper.
Adria Arjona spelar ei badass heltinne av typen Sigourney Weaver og Linda Hamilton, som bur i ein trailerpark ute i ørkenen med dottera si. Ikkje langt ifrå trailerparken driv ein gammal nazi (Dan Stevens) og leikar Victor Frankenstein og skapar supersoldatar. Desse svære drapsmaskinene bryt seg sjølvsagt fri og set kursen i retning: trailerparken.
Ein retro-actionfilm med litt for mykje i sekken
Eg ser at Wingard prøvde å lage ein kompakt Carpenter-isolasjonsfilm med heltar som er fanga og blir angripne av eit onde utan like. Men med ei herleg speletid på berre 90 minutt burde Wingard ha gjort filmen meir minimalistisk.
Ingen får lov å lage film i desse dagar utan at «franchise» ligg i bakhovudet, så her peisast det inn for mykje plott og karakterar filmen godt kunne ha vore forutan. Regelen burde vere: lag først ein knallfilm før tanken på ein oppfølgjar får kome, for det er tydeleg at slutten legg til rette for etterfølgjarar.

Kvar blei det av karakterane – og Michael Biehn?
Eit anna problem er karakterane. For at ein sånn liten retro-actionfilm skal fungere, er det kritisk at vi bind oss til og diggar karakterane. I alle fall heltane. Ingen i denne trailerparken har nokon ekte karakter, og Arjona klarer ikkje å bere filmen aleine, sjølv om ho er god her.
Michael Biehn har ei lita gjesterolle, og det var høgdepunktet! Han spelar sjølvsagt ein skikkeleg dass som tullar og ler, men er underbrukt og burde ha fått ei meir sentral rolle. Dan Stevens er òg for lite brukt. Han har ei frykteleg dårleg skallaparykk som er falsk med vilje. Men all karismaen Stevens elles har, blir begravd i make-up.
Når Terminatorane slepp laus
Best er dei tre svære, dødelege drapsmaskinene! Dei går innom ein bensinstasjon og massakrerer alt og alle på brutale måtar. Dei nyttar motorsagar, kjøtøkser og maskingevær og går amok som ekte Terminatorar.
Eg følte at filmen var altfor kort til å ha ei så ambisiøs forteljing. Då desse Terminatorane endeleg kjem til trailerparken, var det berre 30 minutt att av filmen, og vi fekk knapt tid til å bli kjende med the good guys.

Er Onslaught verd tida for gamle actionfans?
Actionen, med alt sitt blod og gørr, var sjølvsagt moro. Synthmusikken var til tider knall, men her var litt for mange needle drops. Adam Wingard burde ha droppa daukjøt og franchisetankar, men eg var underhalden nok til at eg lét meg rive med av intensjonen til Wingard – at han ville lage ein god, gammaldags actionfilm med inspirasjonar frå Carpenter og Cameron, for oss gamlekarane. Så eg seier godkjent!
Terminal-pila: ▲
(Sett på Apple)

Liker filmen, men er enig med deg den føles litt som en halv film. Den kunne vært en pilot til en tvserie. Eller om de visste at de garantert skulle lage 3 filmer, som når P Jackson lagde Ringenes Herre. Men den hadde jo et skikkelig mageplask på box office, så tviler på om det kommer noen oppfølgere. Men Biehen og Wingard ble i det minste kompiser så han er castet i den nye filmen han lager nå.
Ja eg har mine tvil og. Med mindre den eksploderer på kjøp og leie – noko eg ikkje ser for meg. Ja! Det er kult, at Biehn og Wingard har blitt buddies. Eg ser kvar episode av Biehn sin podcast og no sparar han sjegg og hår for neste samarbeid – artig! Har sansen for Wingard, og eg digga The Guest som eg såg du gav full score!