Filmplakat for Alexander (2004) med Colin Farrell i rolla som Aleksander den store i rustning, regissert av Oliver Stone.

Alexander (2004): Ein vidunderleg og episk fiasko

Eg blir sveitt i fingrane berre av tanken på å skrive om Alexander (2004). Dette er ein film av Oliver Stone som er sterkt mislikt av dei fleste filmelskarane eg kjenner. Heile vegen har eg forsvart han og sagt at han er undervurdert. No er det over ti år sidan sist, så eg tok eit gjensyn for å sjekke kvifor filmen er så slakta som han er – og om han faktisk fortener det.

Leiv Magnus og Asle, de har rett. Når eg ser filmen reint objektivt, er Alexander ei episk katastrofe. Likevel gir eg tommel opp. Så her må eg forklare meg sjølv kvifor!

Historia som trefte på perfekt tidspunkt

Tilbake i 2004, då filmen kom, var eg inne i ein periode der eg las mykje historie. Eg hadde ei komplett boksamling av Alexander Bugge: ni bind av Illustreret verdenshistorie, skrive av Bugge frå 1920 til 1929.

Eg blei heilt oppslukt av desse bøkene. Bugge skreiv i ein personleg tone, og verdshistoria har aldri vore meir spennande. Av forteljingane frå oldtida var det spesielt historia kring Aleksander den store som begeistra meg. På same tid laga Oliver Stone ein film om han, og eg følte at dette var meint å vere – perfekt timing!

Kontroversar, kjærleik og ein feig Oliver Stone

Alexander startar med ein eldre Anthony Hopkins som mimrar om sin gamle venn Alexander – om kor mektig og fantastisk han var. Det er masse eksposisjon her for å varme oss opp med ein historieleksjon. Vi får sjå Alexander som ung, der han bryt med venene sine, og Aristoteles som lærer kidsa om verda på ein dels rasistisk måte. Mest artig er leksjonane hans om menn som har sex med menn og fordelane med det i kamp og kultur – servert til ein gjeng tiåringar!

Oliver Stone sin store kontrovers med Alexander var å gjere han bifil. Filmen er rett og slett stappa med homoerotiske vibbar! Kvifor dette var så kontroversielt, forstår eg ikkje. Eg syns tvert imot at det gav filmen ein positiv energi. På denne tida i 2004 var ikkje dette vanleg i slike storfilmar, og Stone var litt føre si tid. Ja, Philadelphia (1993) tok for seg homoseksuelle, men med fokus på aids. Stone kom med Alexander ÅRET FØR Brokeback Mountain, som var med på å normalisere homoseksualitet i Hollywood.

Problemet med framstillinga av Alexander sin biseksuelle natur i filmen var at Oliver Stone blei litt for feig. Ja, her viser menn kjærleiken sin til kvarandre, men Stone unngjekk å vise scener med sex eller kyssing. I staden lada han filmen med ein homoseksuell atmosfære. Dette likar eg, til trass for feigheita!

Jared Leto og Colin Farrell som venner og elskarar i filmen Alexander (2004).
Colin Farrell og Jared Leto i Alexander (2004)

Colin Farrell og ein gjeng 80-talsrockarar på bærtur

Filmen hoppar så fram i tid, og Colin Farrell er no Alexander som rundt 17–18 år gammal. Farrell kastar seg djupt inn i rolla. Problemet er berre at han har blondt hår og store, mørke augebryn. Alexander og venene hans ser ut som ein gjeng hair metal-rockarar frå åttitalet. Nokre gonger har Farrell til og med ein Jim Morrison-aura rundt seg (Stone sin store favoritt). Her blir Alexander veldig komisk, nesten som om det var ein Mel Brooks-komedie.

Colin Farrell er likevel ein av grunnane til at eg likar Alexander. Han grin. Han brøler. Han er ofte full, sint, glad, ler, har smerter, er sjalu, skuffa, fornærma, vonbroten, stolt og inspirerande – så og seie alle menneskelege kjensler i éin karakter i éin og same film. Og Farrell gir alt; han er ute etter Oscar. Men med det lange, blonde håret, dei rare kostyma og måten Stone har laga filmen på, raknar alle sjansar til Oscar, for Alexander er ein så oppblåst film. Stone sine ambisjonar er å knuse James Cameron sin Titanic og lage den største filmen verda har sett, og i forsøket bles han heile filmen rett i lufta. Alexander er ein vidunderleg fiasko – a wonder to be seen! Det einaste som kan samanliknast, er Brian De Palma sin The Bonfire of the Vanities (1990), som eg likar på eksakt same måte – ein vidunderleg fiasko! Og Ridley Scott sin 1492 (1992). Titanic var nær denne grensa, men klarte å balansere absolutt heile skipet på lina over stupet!

Alexander (2004) med Val Kilmer og Colin Farrell i rolla som Aleksander den store, regissert av Oliver Stone.
Val Kilmer og Colin Farrell i Alexander (2004).

Galningen Val Kilmer og den sjenerte Jared Leto

Eg blei godt underhalden av Colin Farrell sin flamboyante prestasjon. Og han er ikkje aleine. Val Kilmer som far til Alexander er riv ruskande galen; han slepp seg heilt laus for regissøren sin store, episke ambisjon, og feilar totalt. Angelina Jolie brukar aust-europeisk aksent – ho òg, det er så moro! Jared Leto er ein bakgrunnsfigur, som Alexander sin næraste venn og elskar. Han ser ut som ein ekte boyband-medlem og gjer seg sexy med auga gjennom heile filmen. Ja, eg forstår godt kvifor filmen ikkje blei godt teken imot!

Slaget ved Gaugamela og reisa mot aust

Ein time ut i filmen kjem eit stort slag, og HER er Oliver Stone god. Eg syns dette er eit av dei store episke slaga på film: slaget ved Gaugamela. 250 000 persiske soldatar mot Alexander sin hær på 40 000. Eg har lese mykje om dette slaget – om korleis Alexander lurte Darius III, fann ei opning og gjekk rett mot han. Darius III stakk av med halen mellom beina av rein skrekk, og tok med seg moralen til heile hæren.

I slaget får vi både litt gammaldags CGI og mange ekte statistar. I rein Braveheart-stil blir folk hogde ned. Stone brukar ei ørn sitt point-of-view, så vi får sjå slaget ovanfrå før vi stupar direkte inn i kampen. Det er meisterleg sett saman, og blodet brusar. Det er berre The Lord of the Rings som har klart å kome til ei slik høgd.

Eit episk slag i filmen Alexander (2004).
Episk Slag! Alexander (2004)

Reisa mot Aust

Så kjem delen eg likar best: aust. Alexander erobrar Babylon, som den første frå vesten. Eg likar korleis Alexander tilpassar seg kulturar og lærer av dei lokale. Han tek med seg hæren, og dei reiser lengre aust, gjennom Afghanistan heilt til Himalaya stoppar han, så ned langs Induselva sørover gjennom Pakistan og tilbake til Babylon. Denne biten er ikkje alltid like fantastisk, men eg likar eventyret og alt dramaet når soldatane er misfornøgde. Nokre går imot han og blir straffa hardt. Denne seksjonen triggar historiebuffen i meg, og eg elskar korleis Stone fangar alle fjella og naturen. Samstundes er filmen komisk dårleg – dvs. morosam!

Problemet med Alexander er at Oliver Stone ville fortelje heile historia på tre timar, ergo all eksposisjonen med Anthony Hopkins som forteljar. Denne historia burde ha vore delt opp i tre, slik som Ringenes herre, for å dekke alle kampane og heile ferda. Med så mykje hopping i tid blir det litt forvirrande og slapt. Men eg er no glad han laga alt i éin film, for ein eventuell nummer éin hadde blitt slakta uansett, og vi hadde aldri fått del to og tre.

Alexander som kikar mot fjella i aust. Alexander (2004).
Alexander til verdens ende. Alexander (2004)

Vangelis og Rodrigo Prieto løftar heile opplevinga

Vangelis har laga filmscoret, og dette scoret er halve filmen. Ja, Vangelis hadde fortent noko betre til tonane sine, men det blei som det blei. Eg elskar denne musikken, har høyrt han på repeat gjennom åra sidan 2004, og scoret er heilt der oppe med Blade Runner og 1492. Hymna i koret gir meg bakkekontakt med filmen og sender meg rett inn i han.

Rodrigo Prieto står bak filmfotoet. Han filma òg Brokeback Mountain, The Wolf of Wall Street og Killers of the Flower Moon. Alexander er rålekker, syns eg – akkurat slik eg likar mine sverd- og sandalfilmar.

Siste slaget ved Indus-elva i filmen Alexander (2004).
Det siste slaget ved Indus-elva. Alexander (2004)

The Odyssey vs. Alexander: Kva film vinn duellen?

Desse to filmane kan samanliknast. Alexander vaks opp med Homer-dikta, og helten hans var Akilles. Homer sine karakterar blir ofte brukte i filmen. Odyssevs reiste til Troja, Alexander til Babylon. Etter det store slaget stakk begge vidare inn i ukjende territorium og møtte mykje rart. Eg likte Alexander betre av den enkle grunnen at han underheldt meg! Christopher Nolan sin The Odyssey underheldt ikkje. For meg blei han for overseriøs, for realistisk, og har ein heilt annan estetikk enn Stone sin Alexander. Eg syns karakterane i Alexander er mykje meir spennande enn Nolan sine. Nolan brukar sine som brikker på eit sjakkbrett, eller som pynt der filmfoto betydde meir enn noko anna. Gode karakterar er veldig viktig for meg, spesielt i slike filmar. The Odyssey var episk kjedeleg, og Alexander var ein vidunderleg fiasko – det er konklusjonen min.

Kvifor gir eg framleis Alexander tommel opp?

Oliver Stone forstod ikkje kvifor filmen bomba. Han gav ut ein ny cut, så ein til, og ein til, og i 2014 gav han ut sin fjerde og siste versjon (The Ultimate Cut). Han meinte filmen var fantastisk og gav aldri opp. Men han klarte aldri å vinne over kritikarane. Problemet til Stone var at han gjekk inn «giddy as a schoolboy». Han skryt av og forgudar Alexander, heilt sikkert frå barndommen av. Så blei han vaksen og skulle sende ut den store kjærleiken sin for Alexander til resten av verda. Men han blei blind på reisa – blind på eigne ferdigheiter, og blind av overmot. Eg trur Stone rota seg vekk i ein ukjend sjanger, for Oliver Stone er framleis ein av dei største regissørane i Hollywood.

Eg, derimot, har no sett Alexander for sjette gong. Og eg blir underhalden kvar einaste gong! All overspelinga, dramaet, den homoerotiske tonen, slaga, musikken, den vidunderlege feilinga og mi eiga interesse for figuren Alexander er grunnen til at eg gir filmen tommel opp.

Terminal-pila: ▲

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *