Jack’s Back (1988) – Rein 80-talssjarm!
Når eg kikar på VHS-coveret, verkar Jack’s Back (1988) veldig kjent. Han gjekk meg hus forbi på åttitalet, trur eg. Det kjennest likevel som ein film eg alltid har sett, fordi alt eg diggar med 80-talsfilm er til stades her – frå estetikk og skodespelarar til musikken. Eg storkosa meg nok ein gong med James Spader frå denne perioden, etter at eg såg Bad Influence (1990) tidlegare i år.

Jack the Ripper i Los Angeles
Dette er ein film med ekte skaparglede i plottet, skriven av ein leiken manusforfattar. Det er utan tvil best å gå inn utan å vite for mykje. Det einaste eg skal fortelje, er at han handlar om ein gal mordar som kopierer Jack the Ripper til den minste detalj. Åstaden er Los Angeles, og offera er prostituerte. James Spader jobbar på eit legekontor downtown, og her er det fleire mistenkte enn eg klarte å telje.
This isn’t Twilight Zone, Sam. It’s real life.
Eit stjernelag i birollene
Birollene er stappa med kjende fjes. Robert Picardo spelar politipsykologen, og han er nok mest kjend blant Trekkies-fansen. Eg kjenner og diggar han derimot mest frå Joe Dante sine knallfilmar: The Howling, Explorers, Innerspace, The «Burbs, Gremlins 2 og Matinee.
Chris Mulkey spelar ein politimann. For meg er han enorm fordi han var med i fleire Walter Hill-filmar, First Blood og The Hidden. Dessutan har han jobba stødig heilt fram til moderne tid. Aller best var han likevel som Hank Jennings i Twin Peaks.
Cynthia Gibb spelar i hovudrolla – alltid like søt og uskuldig. Ho må vere den mest uskuldige skodespelaren frå heile åttitalet. I Oliver Stones Salvador spelte ho ei nonne, og ho var dottera til Scott Wilson i knakaren Malone (1987) med Burt Reynolds. Ikkje minst var ho med i Filmloftets store yndlingsfilm, ishockeyfilmen Youngblood, saman med Rob Lowe, Patrick Swayze og Ed Lauter!

Rowdy Herrington og James Spader i toppform
Dette var Rowdy Herrington sin debutfilm som regissør. Året etter regisserte han Patrick Swayze i Road House, og med det fekk han ei stjerne i min personlege «walk-of-fame» på hjernebarken. Han skapte også historia her i Jack’s Back. Det er nettopp denne energien og forteljargleda som løftar filmen opp til eit særs underhaldande nivå.
Aller best er sjølvsagt James Spader. Her får vi sjå alle sidene hans som skodespelar. Han kan vere superrar, sjarmerande, tøff og kul, uskuldig og nerdete – full pakke! For kvar film eg ser han i, stig han nærare og nærare topp ti-lista mi over mannlege favorittskodespelarar – om han ikkje allereie har fortent ein plass der no. Det skal mykje til for å kome inn på ei særs trang topp ti-liste, men James Spader har alle kvalitetane eg set stor pris på.
Frityrlukt og videosjappesjarm
Her er det mest videosjappesjarm – eg blei skikkeleg sjarmert! Eg blei sjarmert av James Spader og Cynthia Gibb, og av køddinga mellom politifolka med Chris Mulkey i front. I tillegg blei eg sjarmert av plottet som tek masse vendingar, og spenninga rundt kva som vil skje vidare.
Til slutt blei eg totalt sjarmert av 80-talsestetikken med røykfulle rom, vakre fargar, nattscener og eit tjukt lag med knall synth. Dette er ein film som verkeleg må løftast fram – anbefalt på det sterkaste!
