Edward Fox som farleg soldat i actionfilmen Wild Geese II frå 1985.

Wild Geese II (1985) – Moro VHS-søppel!

«They don’t make «em like they used to», blir det sagt. Wild Geese II (1985) er definitivt ein type trashfilm som aldri blir laga lenger. Dette er galskap som kun kunne ha fått grønt lys på 80-talet! Det er søppel som underheld! Ator har også skrevet om filmen her!!

Berlin-jungel, Rudolf Hess og Rambo-vibbar

Filmen er ein spinnvill cocktail av The Third Man (1949) og Rambo: First Blood Part II. Frå den førstnemnde har vi dei forskjellige nasjonale sonene i Berlin med sine eigne interesser. Samstundes spelar Scott Glenn den livsfarlege leigesoldaten som skal redde Rudolf Hess frå Spandau-fengselet. Glenn er muskuløs og går ofte utan t-skjorte! Julia Nickson var Rambo sin store kjærleik, medan Barbara Carrera er kjærleiksinteressa til helten her. Edward Fox får æra av å vere oberst Trautman. I staden for jungel får vi ein byjungel i Berlin. Glenn blir torturert, og så vidare.

Plottet er så komplisert at eg ikkje har nok plass til å beskrive det! Det er heilt hinsides! Oppdraget gjeld Rudolf Hess, nazigalningen og Hitlers trufaste nummer to. Altså psykopaten som tok eit fly frå Luftwaffe og flaug under radaren midt under krigen. Han krasjlanda i Skottland og blei fengsla for livet. No skal han reddast! Målet er at han skal fortelje alle hemmelegheitene sine til eit nyheitskonglomerat. Difor tilset dei leigesoldaten Glenn til oppdraget. Å redde ein senil, gamal nazitoppleiar – det er hovudplottet.

Eg har gode minne frå Wild Geese II på åttitalet. Eg forstår godt kvifor den ti år gamle meg digga denne! Den kalde krigen og Berlinmuren var noko av det mest spennande på den tida. Rundt same tid lærte eg på skulen om andre verdskrig, og difor var Hess ekstra interessant. Her er leigesoldatar, eks-nazistar, snikmordarar, gale britar og vonde KGB. Det er rein miksmaks av alt mogleg frå spionhandboka i eventyrform.

Korleis hamna 12 Angry Men-forfattaren her?

Dette er noko Cannon Films kunne ha slept på same tid. Men nei, dette er faktisk ein produksjon frå britiske Thorn EMI. Med seg på laget har dei regissøren Peter Hunt (On Her Majesty’s Secret Service, Death Hunt). Han hadde lang fartstid som filmklippar på fem Sean Connery Bond-filmar. Wild Geese II blei hans tredje siste film.

Det som forundra meg mest, er manusforfattaren Reginald Rose. Han skreiv manuset til 12 Angry Men, som er rekna som filmhistoria sitt største rettssalsdrama. Så avsluttar han altså filmkarrieren sin med dette mirakelet! Filmen er basert på ei bok, akkurat slik den første The Wild Geese var. Forfattaren Daniel Carney skreiv oppfølgjaren The Square Circle fordi den første filmen blei ein stor suksess. Reginald Rose adapterte denne til film, sikkert med streng beskjed frå produsentane: «Vi vil ha ein Rambo-film!» Då er det ikkje anna å vente enn at Wild Geese II er ei herleg katastrofe!

Edward Fox på LSD og Laurence Olivier på ryggen

Scott Glenn er god i alle roller eg ser han i. Her er han likevel litt anonym fordi karakteren hans er så kald. Det morosame er å sjå Edward Fox (frå den store britiske Fox-skodespelarfamilien) slå seg laus i denne typen film. Han veit nøyaktig kva han spelar i! Medan Glenn og Carrera har sex, kjem Fox snikande inn og tek dei på senga. Det er flust av slike rare situasjonar kor han berre kødder. Eg måtte le!

Eit anna døme er når ein irsk soldat med vilje gir han LSD-piller i staden for malariamedisin. Deretter torturerer han Fox mentalt medan han ligg i full malaria- og LSD-rus. Tok Reginald Rose LSD medan han skreiv, skal tru?

Den største britiske skodespelarlegenda – NOKON SINNE – spelar Rudolf Hess. Nemleg Laurence Olivier, i ei av sine aller siste roller! Undervegs lurte eg på om han blei kidnappa, dopa ned og tvungen til å spele Hess. Glenn ber han på ryggen. Dei kler han ut som ein fotballsupporter. Når han endeleg får nokre replikkar, snakkar han som eit fromt og uskuldig barn. Men ser ein godt nok etter, har han framleis eit glimt av storheit i blikket. Det er imponerande, med tanke på at han var snart 80 år under innspelinga.

Scott Glenn som karate chopper ei kvinne i Wild Geese II (1985).
Karate chops! Tru meg, dette er ikkje ei uskuldig kvinne!

Karate chops, militærskule og sjuke vendingar

Her er så mange snodige detaljar. Scott Glenn snik seg inn i Spandau-fengselet og gøymer seg bak ei dør når vakta kjem. Han står klar med handa heva til KARATE CHOPS! Men vakta lukkar døra. Puuh! SÅ kjem ei ny vakt, og Glenn hoppar bak døra igjen – nok ein gong klar med KARATE CHOPS!

Ut av det blå får vi ein heil sekvens som rett frå ein militærskule. Ein britisk sersjant skal lære opp leigesoldatane til å bli ekte fengselsvaktar. Ein av gjengen er ein infiltratør – nemleg iren som gav Fox LSD. Han kjem på kant med den britiske sersjanten og får verkeleg gjennomgå. Ein halvtime seinare er dei skolerte og ferdig uteksaminerte. Sersjanten er på veg ut då iren går mot han og slenger IRA-kommentarar etter den gamle briten. Eg kunne ikkje tru det eg såg. Sersjanten skyt han i knea, leverer ein farvel-dialog og skyt han i hovudet. Kva i helsike er det eg ser på!?

Karakterane på den gode sida døyr dessutan på dei raraste måtar. Edward Fox snikskyt folk i skallen gjennom heile filmen. Ein side-redningsaksjon går rett til helvete. Vakter blir drepne, og fiendar blir drepne. Filmen har ein høg bodycount i løpet av si sjokkerande to timars speletid. Til slutt klarar dei endeleg å redde den senile Rudolf Hess frå fengselet gjennom ein hinsides sjuk plan. Men kva er hans einaste ønske her på jorda? Å døy fredeleg i fengselet – heimen sin. Etter to timar med rein galskap leverer dei difor Rudolf Hess rett tilbake. Der får han leve sine siste år i fred og ro. Eg kan ikkje tru dette her!

Laurence Olivier i actionfilmen Wild Geese II (1985).
Laurence Olivier som Hess – neddopa og utkledd!

Frityrlukt og videosjappedom

Dette var berre moro. For ein perfekt frityrfilm! For ein VHS-sjarm! Å trylle fram noko slikt er nærmast umogleg, og det kunne kun skje på åttitalet. Filmen er eit underhaldande krigseventyr med ein deilig aura av kald krig. Og han ser flott ut, må eg seie! Dette er akkurat den typen spionestetikk eg likar.

Patrick Stewart spelar òg her i ei lita rolle. Han har sjølv sagt at dette er den største, pinlegaste blemma på rullebladet sitt. Eg meiner han tek feil – dette er VHS-gull! Ja, manuset er noko av det mest håplause som er skapt, men! Kor går grensa mellom noko som er dårleg-bra, bra-bra og dårleg-dårleg? Eg har inga aning. Men eg blei skikkeleg underhalden! Eg fekk mi solide dose med barnslege frityrvibbar. Det einaste eg mangla, var mårburgeren til ho Mona! Slike filmar blir ikkje laga lenger. See it to believe it.

Terminal-pila: ▲

2 Comments

  1. Så gøy å lese! Husker jeg så denne på tv en gang mange år siden og ble veldig fascinert. Også veldig svak for den første Wild Geese, som jeg synes treffer bra med sin sentimentale skildring av leiesoldatenes kameratskap.

    1. Ja, Wild Geese er også knall! Herlig cast! Ekstra artig med Roger Moore i gjengen. Har planar om å ta gjensyn med North Sea Hijack (1979) og The Sea Wolves (1980) med Moore, som eg også har gode minner av. Det er noko spesielt med desse filmane. Wild Geese II var vi heilt galne etter då han kom på sjappa. Kjekt at noko slikt kan enno underhalde!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *