GRØSSARAR

Eg ser mykje skrekkfilm. For meg er grøss komfort, det er òg terapeutisk, men mest av alt er det MORO. Og eg elskar alle typar, frå alle tiår.

Når eg seier at eg elskar alle typar, så meiner eg det. Her kjem eg til å grave i alt frå seige 80-talsslashers og stilrein italiensk giallo, til krypande psykologisk skrekk og kosmisk galskap. Eg slukar det meste: heimsøkte hus, beinhard body horror, grumsete found footage og uroleg folk horror. Det speler inga rolle om det er eit dyrt prestisjeprosjekt eller ein ravande galen B-film laga for knappar og glansbilete. Har det puls – eller manglar puls, for den saks skuld – så er eg med.

Skrekkfilm
Ein knall skrekkfilm: Doctor Sleep (foto: Warner Bros. Pictures

Eg spurde Mike Flanagan under ein Q&A på Tumblr:

How do you feel about the Horror genre evolution for the last 10 years? It’s really getting interesting!

Og Mike Flanagan svara:

It has ALWAYS been interesting. Always.

Det synest eg var eit knallsvar! Skrekk er ein sjanger som aldri mistar grepet om publikum. Han blir alltid raffinert og vidareutvikla – ikkje nødvendigvis til det betre, men til noko anna; på ein ny måte, alltid. Ikkje minst finst det ufatteleg mykje gull å oppdage, for dei fleste skrekkfilmar går under radaren, og det gjeld for alle tiår.

Målet mitt med skrekk-avdelinga her på Filmloftet er nettopp dette: å dykke etter dei gløymde perlene.