The Changeling (1980) liggande poster

The Changeling (1980): Anmeldelse

Eg har mist teljinga på kor mange «Haunted House»-filmar eg har sett det siste året. Den kanadiske The Changeling (1980) starta som ein typisk film innan sjangeren, men heldigvis gjekk han i ei meir spennande retning. Eg trong meir enn berre terrorisering av eit individ inne i eit stort hus.

George C. Scott blir vitne til at kone og barn blir drepne av ein lastebil på vinterføre — ei veldig forstyrrande scene i rein 70-talls stil. Han flyttar ut av huset sitt for å kome seg vekk frå minna. Nokre vener hjelper han med å finne ny residens medan han stablar seg på beina mentalt og skal leve som pianist. Men dette huset han flyttar inn i… det tek ikkje lang tid før eit nærvær gir lyd frå seg.

Eit uhyggeleg nærvær

Det var her eg frykta at Scott skulle gå rundt resten av filmen inne i huset og bli plaga til døde. Interessa mi steig kraftig då eit medium kjem for å hjelpe – ei modig dame med ein kollega som teiknar på ei blokk medan kollegaen skiftar ark, kontinuerleg. Dette var ei fantastisk scene, i klipp og intensitet, der ho plukkar opp ord i ein transetilstand medan Scott ser skeptisk på.

Men all skepsis (til vedkomande) flaug ut vindauget då Scott høyrde på kassettbandet av seansen. Han høyrer ei svak, kviskrande stemme, så mediet var genuint eit medium.

Mysteriet på loftet

Her var mange gode scener. I éi følgjer vi Scott opp til loftet, der han oppdagar trekk bak ein planke — EI SKJULT DØR. Inne på rommet står ein rullestol, OG ei speledåse som spelar melodien Scott komponerte nede i stova – som ingen har høyrt før. Huset SKRIK etter hjelp, men er det ei vond kraft eller ei god? Slik blei eg dregen inn i filmen; eit mysterium som skal løysast av ein traumatisert enkemann.

Her er fleire gode scener som ikkje skal røpast. Filmen brukar mange triks for å lage skummel stemning: lyden av ei barnestemme i musikken, dører som opnar seg, ein ball som trillar ned trappa. Dette var garantert veldig skummelt i 1980, og garantert skummelt for ferske skrekkentusiastar rundt om i bygdene i 2025. Personleg har eg dessverre blitt immun mot alle skrekkelege filmtriks – men eg elskar skrekk likevel!

Atmosfære og meisterleg regi

Eg diggar korleis kameraet glir gjennom huset, kanskje for å illustrere ånda. Gode vidvinklar blir brukte, og fangar dette herskapshuset formidabelt, slik Kubrick gjorde i The Shining som kom same år. Dette er ein annan type spøkelsesfilm enn den; meir eit puslespel som skal distrahere ein sørgjande Scott. Som btw løftar alle filmar han spelar i – han er ein av dei største.

Konklusjon

Gjenferdsfilmar slit ofte med eit godt klimaks, synest eg, men The Changeling har eit knall klimaks, og eg blei veldig nøgd med utviklinga av mysteriet frå start til slutt! Ekte håndverk dette her.

Terminal-pila: ▲

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *