Wake in Fright (1971): Filmomtale
Før eg skriv om filmen må eg skrive litt om meg sjølv. Eg slutta å drikke alkohol – fullstendig – i 2014, av grunnar eg ikkje skal kjede den som les dette med, anna enn at eg stod på grensa til hardbarka alkoholisme. Dei første åra som avhalds var knallharde. Kvar helg var eg nær å sprette ein øl og sluke han ned. Drikkepresset var stort og eg måtte kutte mange band. Hadde eg sett Wake In Fright i denne sårbare perioden, hadde eg falle av vassvogna, reist til Australia og drukke meg sanselaus i ein ukjend liten by i the outback! Hahaha! (Filmen på Letterboxd)

Eit personleg og sveitt mareritt
For ein film! Det er ikkje ofte eg finn meg personlege favorittar lenger – filmar som talar og treffer kvart eit punkt i min personlegdom. Altså filmar eg held så høgt, nesten som om det er ein privat ting og ingen andre vil forstå. Andre personlege filmar for meg er Barfly, Zorba the Greek, eller Johnny Handsome. Filmar som scorar høgt på vesenet Frank.
Wake in Fright er eit ekte mareritt. Filmen var ikkje som eg trudde han skulle vere. Eg såg for meg ei klassisk outback-Australia-historie om ein mann som blir terrorisert av dei lokale galningane, men filmen er meir à la Fear and Loathing in Las Vegas – OM ein skiftar ut Las Vegas med Bundanyabba; namnet på denne hysteriske småbyen i filmen. Dette er eit morosamt mareritt!

Velkomen til The Yabba
Gary Bond spelar ein barneskulelærar, John Grant, som har blitt plassert midt i ein ørken der eit jernbanespor skil to hus: skulen og hotellet. Det er siste dag før ferien og Grant skal til Sydney for å treffe den heite surfar-kjærasten sin. Han går til hotellet, drikk ein øl og set seg på toget der ein gjeng galningar drikk øl og syng.
John Grant hatar livet sitt, jobben sin, plassen han jobbar, faktisk heile kontinentet. Han vil vekk, heim til England. Han brukar kvar anledning til å vende hatet til humor med sarkasme og ironi, spesielt med dei lokale. Det er tydeleg han ikkje høyrer heime her, for han elskar kultur og bøker – the higher life.
Han hoppar av toget i Bundanyabba – The Yabba, som dei lokale seier. Flyet til Sydney skal ta av dagen etter, så Grant sjekkar inn på eit hotell. Men han er rastlaus, så han går gjennom byen og inn til ein bar, eit stort festlokale som minner meg om Oktoberfest i München.

Øl, øl og atter øl
Medan han står i eit hjørne og nyt ølet sitt, kjem ein hyggeleg eldre mann, Jock Crawford, som er nysgjerrig på Grant. Jock styrtar heile ølet sitt, ser på Grant, som òg styrtar sitt, tek glaset hans og går til baren og hentar to nye øl. Dei pratar litt til, og Jock styrtar ølet sitt igjen, kikkar på Grant i forventning om at han skal gjere det same. Grant styrtar ølet. Og Jock går til baren med dei to glasa. Men Grant følgjer han, og takkar for seg, for han må på hotellet for å sove. Han får ikkje gått ein meter før handa til Jock tek skuldra til Grant.
Neste scene: dei sit i baren og drikk. Og drikk. Øl etter øl. Det var no eg forstod at dette er ein annleis film, og at alt som skal kome var umogleg å tippe.

Nedstigninga til øl-helvetet
Grant og Jock går frå bar til bar. Medan dei ventar på biffmenyen frå kjøkkenet, går dei til eit rom som er stappa med folk der dei gamblar. To myntar blir kasta i lufta og folk satsar på heads or tails. Detaljane med statistane og alle i rommet tok pusten frå meg – det ser så autentisk ut! Grant synest det ser tåpeleg ut, men han bestemmer seg for å prøve. Så vinn han, igjen og igjen. Han satsar høgt, vinn! Og i gledesrus og ølrus spring han tilbake på hotellrommet sitt og kastar alle pengane i lufta, som eit barn. Det er nesten nok til å kome seg heim til England, innser han. Han tek pengane, spring tilbake til baren. Neste dag vaknar han, naken på senga og flyet hans har reist. Grant er stuck i Bundanyabba.
🚨 ÅTVARING: Milde spolarar i teksten under!
Meir kan eg ikkje skrive om handlinga – den må opplevast! Vi følgjer Grant på eit ekte ØL-EVENTYR, for her er det øl, om eg berre hadde øl, i kjøleskapet til Donald Pleasence er det øl. Øl og raping, øl og kengurujakt, øl og slåsskamp, øl i ørkenen, øl og total fortaping.

Kirurgisk skodespel og Sergio Leone-estetikk
Filmfotoet er fantastisk. Eg blei blenda av sola og det skarpe lyset når kameraet går frå dei mørke romma og når Grant kikkar ut gardinene etter ei hard natt. Filmlokasjonane er ubeskriveleg bra, rett frå ein Sergio Leone-western.
Ted Kotcheff har regissert filmen – mannen bak verdas beste actionfilm: First Blood. Han har stålkontroll på heile filmen. Musikken er av John Scott, ein dyktig komponist som laga musikk til mange av åttitalets perler (Deadly Pursuit, Greystoke).
Gary Bond er knallgod. Han minner meg om Peter O’Toole her, og med solbrillene og det blonde håret; Robert Redford. Men Oscaren går til Donald Pleasence – som toppar alle gale karakterar eg har sett på film! Han spelar ein alkoholisert britisk doktor, som også er fortapt i Bundanyabba, og detaljane i skodespelet er på kirurgisk nivå. Det er heilt fantastisk!
Filmen har ingen tradisjonell treaktsstruktur eller noko, den er som Barfly eller Zorba, der vi følgjer Grants nedstigning til øl-helvetet. Atmosfæren er plettfritt nydeleg; lydar av knirking på golv og stolar, og alltid den konstante buzzinga av fluger, og lyden av ølkorkar og svelging.

Når det siviliserte fell saman
På det djupare planet er det mykje å ta fatt i her. Alle svakheiter det er å finne i ein mann er til stades i filmen. Grant som gamblar, og som burde sagt nei etter øl nummer to. Grant som er utru. Menn som jaktar på kenguru (filmens mest brutale scener – det blei brukt foto frå ekte kengurujakt og det er grusamt å vere vitne til). Wake in Fright fortel oss mykje om menn, fortapte menn. Menn som slåst – og Grant er boklesaren, den siviliserte som blir plassert midt i det øl-barbariske og sjølv blir ein øl-barbar i prosessen.

Eg likte alt i denne filmen. Og eg elska slutten. No når eg tenkjer meg om, kanskje eg ikkje hadde falle av vassvogna likevel. Kanskje hadde filmen bekrefta at eg mest definitivt gjorde det rette valet. Eg har ikkje drukke ein øl sidan eg var på ein bar i London rett etter ein Hans Zimmer-konsert. I motsetning til Grant, drakk eg to, og kom meg på flyet heim til Noreg.
TERNINGKAST 6

Meir Filmomtalar:
Spoorloos (1988)
Out Cold (1989)
Straight Time (1978)
Miracle Mile (1988)