Fearbank Productions amatørfilm

Fearbank Productions: FILMKAVALKADE

Ekte sunnmørsslasharar og lokal stjernestatus

Eg har fått tilsendt ein ny snutt frå Fearbank Productions: Ein kavalkade av filmane vi laga frå 1989 til 1999. Det første klippet viser The Midnight Stalker, som blei filma på ekte 8mm-film. Han varte i tre minutt (som var nøyaktig lengda på sjølve Kodak-filmen).

Filmane vi laga åra etter blei filma med videokamera, Hi8 meiner eg å hugse. Det blei The Midnight Stalker I og II, vaskeekte sunnmørsslasharar! Desse gjorde oss raskt til lokale filmstjerner.

Så slo vi på stortromma, og laga ganske så ambisiøst ein Die Hard-kopi i Hostile Takeover, eit prosjekt vi brukte eit heilt år på. Vi filma i Herøy rådhus på kveldstid og fekk fritt herje i bygget. Til rollebesetninga brukte vi vener og veners vener, og vi blei ein herleg, stor gjeng. Mot juletider året etter leigde vi Herøy Kulturhus-kinoen og hadde ekte premiere i ein kinosal. Det kom over hundre personar!

Fearbank Productions amatørfilm
The Midnight Stalker II

Geriljafilming og eit livsfarleg klimaks

Å lage action var så kjekt at vi laga ein til: Killing Immortals. Her nytta vi rein geriljafilming, og vi gjorde ting verkeleg på kanten. Som å lage ei vill biljakt på vegane i Herøy, med eit klimaks på Herøybrua der vi hang utanfor rekkverket i klatretau. Tjue meter nedanfor kikka vi rett ned i fjøresteinane. Det blei premiere nok ein gong på Herøy kino, denne gongen med 150 betalande.

I same periode laga vi slasheren Mental. Toaren var eit gedigent prosjekt. No nytta Fearbank Productions skodespelarar frå både Herøy, Ulsteinvik og Hareid, og det tok godt over eit år før filmen var ferdig. Til premieren leigde vi eit festlokale på kafeen til Samvirkelaget, og absolutt alle som var med på filmen kom på fest – godt over 30 vener. Det var utruleg moro!

Pur glede på premieredagen

Til sist har vi Butcher Bob, som de kan sjå her på YouTube-kanalen. Det kjem mykje meir frå Fearbank Productions framover. Regissøren går no gjennom desse gamle filmane og fjernar copyright-musikk, slik at vi får lasta alt opp på YouTube (dei er ekstremt strenge på slikt).

Å vere med på å lage film er noko av det kjekkaste eg har fått æra av å vere med på i heile mitt liv. Kvifor? Fordi ein gjer morosame ting i lag med vener, og får nye vener i same slengen. Det var sjølvsagt også hardt arbeid og uendeleg lange kveldar (spesielt for regissøren, klipparen og kameramannen) – men på premieredagen var det aldri noko anna enn pur glede.

Fearbank Productions amatørfilm
Hostile Takeover

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *