Filmento Mori
Filmento Mori, kva tyder det? Ingenting. Kanskje: hugs at vi ser film, men skal døy. Eller: hugs å sjå film, før vi døyr. Som Queen syng: Who wants to live forever? Som vi alle hugsar frå filmen Highlander, der Connor MacLeod var dritlei av å leve evig. Kvifor var han det? Fordi alle han var glad i døydde – og der stod han att med sitt evige liv. Sett vekk frå rike influensarar og slike leve-for-all-tid-galningar, trur eg dei fleste av oss er glade for dei nesten garanterte åtti åra vi har fått lova i Noreg.
Eg tenkjer mykje på døden. Vel, ikkje heile tida, men. Han ligg der og ventar i skuggane. Ikkje veit eg når døden slår til, og det er vel like greitt. Dette er vel noko som kjem med alderen, og kanskje hovudårsaka til midtlivskrisa.
Natta Brandon døde
Dei siste åra har vi filmfans mista mange kjære skodespelarar og folk elles i filmindustrien som vi har vorte glade i. Eg skriv «dei siste åra», men kvart år er det ei legende som forlet oss. Eg hugsar då eg jobba sommaren i Geiranger som nattevakt på eit hotell. Då sat eg og såg på TV, og CNN fortalde meg at Marlon Brando var død. Det gjorde inntrykk, noko eg aldri gløymer. Dei store stjernene skal forlate planeten på same vis som alle andre vi kjenner.
Eg sit og høyrer på Jerry Goldsmith, ei storsamling av dei beste verka hans. I infoarket inne i CD-omslaget er forordet skrive av ein ekspert på dei store filmkomponistane i Hollywood. Han heiter David Wishart og var verkeleg ein ekspert på temaet. Eg vart nysgjerrig på Wishart og søkte litt rundt etter han. Diverre var han død. Og eg tenkte: trist, og all den kunnskapen tapt. Eg skal leggje ein link til eit intervju her.

Kven skal ta ryddejobben?
Slik er det. Vi alle skal døy. Det same skjedde då eg oppdaga den framifrå sida NorskVHS, der alle vi veteranar kan mimre og kike på gamle VHS-cover – personen bak heimesida har forlate planeten, diverre. Og eg tenkjer på den enorme VHS-samlinga hans, kva skjedde med ho? Eg har ofte vore innom Jukebox, den lokale platebutikken her på Sunnmøre. Plutseleg har Jeppe (sjefen) fått tak i store bunkar med vinylar i utmerka tilstand, og eg spør: «Kvar fekk du tak i desse?» Han svarar at det var arvegods. Så det som skjer når vi døyr, er at nokon i nær familie må gå gjennom alt vi eigde, og finne ut korleis ein skal bli kvitt alle filmane, CD-ane, vinylane, bøkene – ALT som var veldig kjært for oss då vi levde.
For vi kan ikkje ta med oss filmsamlinga til grava – filmento mori. Det er noko å tenkje på neste gong DU kjøper ein film; det er berre ein mellombels eigedom, og nokon må halde på omslaget til akkurat den filmen i framtida, og anten kaste han eller gje han vekk. Har ein peiling, blir det selt på Finn. Men det er ein jobb i seg sjølv. Nokon må gå gjennom alle tinga dine, før eller seinare.
Akkurat no er kjellaren min stappa med arvegods frå ho mor. Snart er det tre år sidan ho døydde, og enno er eg ikkje ferdig med å gå gjennom kasser for å finne ut kva som skal takast vare på og så vidare. Det er ein prosess, ein sakte ein. Slik likar eg det. Eg kjenner folk som hadde kasta alt utan å kike, men eg er ikkje slik. Det er veldig givande personleg. Og eg har oppdaga eit brev eller eit bilete som berre ligg inni mellom skrotet – nei, dette skal gjerast skikkeleg.

Gamle fysiske format
Eg har samla film på fysisk dei siste åra. Har avgrensa meg til å ikkje gå heilt amok. Det same med vinylsamlinga mi. Eg vil ikkje ha titusenvis av filmar og plater stappa inn i ulike rom og hyller. Eg er femti og har lært ein ting eller to. Ta til dømes VHS-samlinga mi. Eg samla hardt, og hadde vel rundt 500 filmar på VHS. No har eg 0. Eg gav vekk det meste og kasta resten, for lenge sidan. Det angrar eg på no. Kunne gjerne tenkt meg eit «analog-rom» med CRT-TV og ei videomaskin – skikkeleg old school. Inst inne veit eg likevel at det rommet knapt hadde vorte brukt, filmento mori.
Diskråte og forfallet til Laserdisc
Laserdisc var eit anna format eg samla på. Eg hadde cirka to hundre filmar. På nittitalet kosta ein film minst 300 kr. Mange av dei 450 kr. Visse boksar kosta meg 1200 kr, som Star Wars-boksen og Terminator og Aliens. Det var dyrt, men gleda var stor. No står dei i ein annan manns kjellar, og planen er å hente dei. Mest for vinylstorleiken si skuld, for filmplakatane. For Laserdisc hadde eit problem: diskråte. Japp, med tida rotna materialet som LD-en var laga av. Og det gav utslag på filmane i form av snø, som vart verre og verre – filmento mori.

Ingenting varer evig, ikkje ein gong filmsamlinga. Så det er noko å tenkje på. Samstundes må vi bruke pengar medan vi lever, og det er ein hobby trass alt. DVD-ane har eg teke vare på, men kasta plastikkomslaga – så alle filmane ligg i svarte lommer. Blu-ray og 4K står stilt ut oppe på rommet mitt, Filmloftet. Ein dag skal dei anten i kjellaren eller gjevast vekk – for heller ikkje eg lever evig. Kjem det eit 8K-format, berre gløym det. Nok er nok – 4K er det siste fysiske mediet eg skal samle på.
Og det er no 34 år sidan eg starta å samle på Laserdisc-filmar. Det kjennest som i går. Hoppar eg 34 år fram i tid, like raskt som tida har gått for meg no, er eg plutseleg 84 – fire år etter utgått på dato.
Tusen år fram i tid
Ein ting med meg er at eg har ein abstrakt tankegang. Der vanlege folk ser på tid som eit måleelement for si tid på planeten, er eg tusenvis av år bak og fram. Ja, og det er grunnen til at eg likar Dune-bøkene – som hoppar titusenvis av år inn i framtida. Kven vil hugse meg om tusen år, eller ti tusen år – eller endå meir, hundre tusen år? Ingen, sjølvsagt. Og ingen andre heller skal bli hugsa. Tida drukner alt. Ein dag skal sola døy, bli eit svart hol, og stolen og huset du sit i no, skal bli soge inn i det svarte holet, i lag med favorittfjellet ditt, favorittstranda og så vidare.
Medan vi ventar
Eg synest dette er ein sunn tanke, for det jekkar ned egoet. Folk vil anten leve evig eller bli hugsa i all æve. Nei, det skjer ikkje. Ein dag skal korkje Alexander den store eller Bob Dylan den store bli hugsa. Ein dag skal universet sløkkje, og folkesagaen vere over. Og det inkluderer di og mi kjære filmsamling. Medan vi ventar: sjå film og høyr på musikk, filmento mori.

Det ble eksistensielt det her. Fint skrevet Frank 🙂
Takk Leiv Magnus 🙂 Det er kjekt å vere i det hjørnet iblant. Og eg har godt av skrivetreninga, noko som er annleis enn filmomtalar!