HEIMELAGA FILM

FEARBANK PRODUCTIONS

Regissøren er broren min. Vi byrja å lage film i 1985, då bror min fekk eit 8mm-kamera og klippeutstyr. Film var dyrt, og éin rull varte berre i tre minutt. Så kvart år laga vi tre minutt lange actionfilmar, der bror filma og klippte, og eg skaffa skodespelarar (venene mine) og laga effektane. Premierane vart haldne i stova, med foreldre og vener, på framvisar og lerret. Rein filmglede!

År for år vart vi flinkare. Bror min stakk til Drammen og studerte film på folkehøgskulen. Samstundes vart vi kjende med ein filmgalen familie på heimeøya vår. Filmnettverket vaks, og alle som var interesserte i film, vart med.

I 1989 laga vi vår første splatter: The Midnight Stalker, inspirert av Friday the 13th. To oppfølgjarar kjempa seg ut av mørkret. Så mekka vi ein Die Hard-ripoff: Hostile Takeover, og deretter endå ein actionfilm med namnet Killing Immortals.

Det balla på seg: Vi leigde kino og hadde premierar med live-konsert (metal), sidan vi spelte musikk òg. På det meste kom det 150 betalande!

BUTCHER BOB

Men som med livet elles; tida gjekk og alle reiste kvar sin veg. I 1999 samlast vi for siste gong (i ferien) og laga Butcher Bob. For første gong snakka vi norsk, og alt vi hadde lært dei siste 14 åra vart teke i bruk. Vi satsa tungt på stor sjokkfaktor.

I tida etter var filmen berre tilgjengeleg som bonusmateriale langt inne i ein undermeny på ein DVD med eit svartmetall-band og alle innan det miljøet fekk sjå filmen.

Så vart det stille, heilt fram til i fjor. Då vart filmen brått vist på festivalen Ramaskrik, men ingen av oss var til stades. Kvifor? Vel, vi har passert 50 og ambisjonane er long gone. Men så utruleg kjekt at nokon ville vise han der!

Fearbank Productions
BUTCHER BOB (1999)

Heimelaga film

No har eg fått eit skikkeleg kick av å skrive om film OG lage innhald til filmbloggen min. Eg har lenge grubla på kva eg skal skrive om. Den siste tida har eg tenkt mykje på heimelaga film, og på alle som laga film rundt om i landet slik vi gjorde.

Om DU er slik vi var, og laga film som du deler på t.d. YouTube — ta kontakt på Filmloftet.no! Då kan eg gje prosjektet ditt litt velfortent spotlight og skrive ein ærleg omtale av filmen!