Claudia Christian

Profil: Claudia Christian

Filmloftet Spotlight

Her på Filmloftet vil eg hylle skodespelarar som er spesielle for meg, og kanskje gløymt av folk flest. Det finst utruleg mange av dei. Eg har sagt det før; desse folka er som «familien» min frå ein annan dimensjon på det himmelske fjernsynet. Skodespelarar eg sat med store auge og forsvann inn i, heilt til eg var som ein munk i full nirvana.

Claudia Christian dukka opp i livet mitt i filmen The Hidden (1987) – ein av dei verkeleg store åttitals science fiction-skrekkfilmane. Her spelar ho stripparen Brenda, som får kroppen sin teken over av eit fælt, valdeleg og slimete monster. Brenda blir stoppa av politiet, stig ut av bilen i ein raud, tettsitjande kjole og dreg femme fatale-faktoren heilt til topps når ho iskaldt tek fram ei rifle og skyt heile politibilen sund i småbitar.

The Hidden (1987) New Line Cinema

I Clean and Sober (1988) spelar ho ei birolle som narkoman i gruppa til hovudpersonen Michael Keaton. Det er ein knallgod dramafilm, og leverte eit solid springbrett før ho vidare fekk hovudrolla i skrekk-klassikaren Maniac Cop 2 (1990).

Brakkedraumar og Babylon 5

Det var likevel i tv-serien Babylon 5 eg blei heilt frelst, der Claudia Christian spelar Commander Susan Ivanova. Eg pløgde meg gjennom tv-serien under militærtenesta mi. Kvar einaste laurdag sat eg åleine på brakka og dagdrøymde om Ivanova og heile Babylon-universet. Det er ei tid eg seint gløymer.

Babylon 5 – Foto: Warner Bros. Television

Ei ny karriere

Historia tek heldigvis ikkje slutt der. Christian fekk nemleg ei knallkarriere innan videospel. Ho gav stemma si til legendariske karakterar som Aela the Huntress, Wolf-Queen Potema, Legate Rikke, og Sorli the Builder i eit av dei beste spela gjennom tidene: Skyrim. Vidare var ho også med i storspel som Fallout 4 og Fallout 76.

For meg har skodespelarar som Claudia Christian mykje større stjernekarisma enn dagens polerte, nye stjerner. Dei har noko heilt eige ved seg som rett og slett ikkje kan kopierast.

  • Fødd: 10. august 1965 i Glendale, California.
  • Signatur: Kjent for ei sterk, nesten røff utstråling og ei mørk, autoritær stemme. Ho var skreddarsydd for å spele beintøffe kvinner i action og sci-fi, lenge før det blei standarden i Hollywood.
  • Gjennombrotet: Før ho blei kultikon, dukka ho opp i alt frå såpeserien Dallas til The A-Team.
  • Hottast periode: 1987–1998, der ho gjekk frå B-film-heltinne til ubestridd sci-fi-dronning i Babylon 5.
  • Spel-dronninga: I tillegg til storverk som Skyrim og Fallout, har ho lånt stemma si til storheiter som StarCraft II, Halo 4 og World of Warcraft. Ho er ein levande legende i spelmiljøet!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *