Filmslakt 2026

Sommarens filmslakt på Filmloftet

Kanskje det er på tide med ei oppdatering kring nye filmar eg mislikar. Ein del av moroa med å sjå film og vere med på leiken, er jo å snakke drit om filmar vi ikkje likar, og for min del gjeld dette spesielt nye, moderne filmar som fortener filmslakt.

Vi lever i ei tid med stor usemje. Nokre filmar blir hylla noko valdsamt, til mi store forundring. Det har Rotten Tomatoes (som eg aldri sjekkar, men ser scoren til overalt) sytt for. Film har forandra seg mykje dei siste ti–femten åra. Eit nytt språk er i utvikling – men no skal eg ikkje rote meg inn i noka kvasifilmfilosofisk tankerekkje, men gå direkte på desse moderne filmane som har hausta ufortent skryt etter mi meining.

Eit veksande monster av forakt

Eg hatar tida vi lever i no, og eg kjem til å bruke resten av livet til å gje næring til hatet – det er som eit monster som veks i meg og blir større og større. MEN, er ein film bra, så gjev eg ros – det er så enkelt. I dag skal eg ikkje gje ros, i dag skal eg slakte.

Nyleg såg eg The Secret Agent, som var nominert til fleire Oscar. Eg sat i 90 minutt og venta på at filmen skulle starte. Han varer i heile 161 minutt, så eg måtte lide meg gjennom heile greia. Filmen var så tvitydig og strukturlaus, med eit håplaust forsøk frå ein regissør på å vere «auteur», at eg blei deprimert som Marvin, med Marvin-stemme. Kanskje føler ein seg smart om ein likar denne filmen – eg derimot sprettar opp buken og røskar ut alle innvolar.

Filmslakt 2026
Ikkje forvent James Bond! The Secret Agent

Religion og ufiltrert kåtskap

Over til The Testament of Ann Lee… Mona Fastvold, som var med på å skape ein film eg verkeleg likte, The Brutalist, skuffa meg til dei grader her. Kva handla han om? Eit fellesskap på 1700-talet som kallar seg «shaking Quakers». Dei likar å riste seg sjølve, lage lyd og danse i all løyndom. Her er ufiltrert kåtskap og folk som er rusa på Jesus, men eg blei aldri overtydd om at dette var på 1700-talet. Eg fekk i staden ei sterk kjensle av å sitje på eit teater i New York i notid og sjå ei gruppe dansarar improvisere og late som om det er høgkunst.

Wake Up Dead Man og detektiv Blanc har teke Netflix med storm. Alle skryter høgt av filmen her til lands. Det berre stadfestar at den generelle filmsmaken stinkar, og at folk flest har ein heilt elendig smak. For denne filmen var så pinleg dårleg at eg ikkje har ord. Daniel Craig er tidenes verste Bond, og som Blanc har han sikra seg evig tid på mi personlege svarteliste.

Elsk for denne filmen er eit sjukeleg teikn for samfunnet. Wake up Dead Man

Høgkunst for dei som ikkje skjønar seg på kunst

Den togfilmen om han apatiske trehoggaren var forresten temmeleg oppskrytt, men eg skal la vere å buksprette filmen fullstendig før eg tek eit gjensyn (noko eg aldri kjem til å gjere). Eg fekk kjensla av: høgkunst for folk flest (som ikkje skjønar seg på kunst).

Og Superman var superdårleg, så dårleg at eg blei overtydd om at eg aldri skal sjå ein oppfølgjar eller Supergirl eller noko som helst av James Gunn nokosinne igjen, for her har vi ein filmskapar som er litt vel høg på seg sjølv.

Filmslakt 2026
Den nye Supergirl, skal eg aldri sjå. Skal aldri sjå ein James Gunn film ever igjen.

Usympatiske karakterar og koreanske bomskot

No skal eg leggje frå meg slaktekniven, men eg er ikkje heilt ferdig. Eg har sett fleire skuffelsar som har hausta skryt frå alle kantar, men som eg synest berre var heilt okay. Marty Supreme… Ein bordtennisutøvar, spelt av ein annan fyr som er høg på seg sjølv og som eg personleg byrjar å bli litt lei av – så lei at Dune 3 står i stor fare. Eg snakkar sjølvsagt om Timotei Chalabais. Her var det god musikk, men filmen er så nevrotisk og hovudkarakteren er så usympatisk at filmen ber om bråk. Eg taklar ikkje så energiske folk, og heller ikkje slike energiske filmar. Det skal seiast at The Smashing Machine med Steinen Johnson var mykje verre.

No Other Choice av filmverdas mest kjære Park Chan-wook var heller ingen høgdare. Her var det fleire forsøk på å få oss til å le. Eg lo ikkje. Og eg syntest historia var tåpeleg. Jada jada, film er eit visuelt medium, men historia er minst like viktig! Same kva Chan-wook lagar, får filmen skryt. Decision to Leave var òg ein skuffelse. Ein «critical darling», er han Park utan tvil, men eg synest regissøren er ein pakke med blanda drops. Oldboy er legendarisk, og The Handmaiden var fantastisk. Stoker og Thirst var midt på treet.

Filmslakt 2026
No Other Choice – eg velg å sei: middelmåtig!

Ei leksjon i god smak

Dette var ei lita oppdatering, for å opplyse Noregs befolkning og lære bort god smak. Hugs, om du ikkje forstår ein film, betyr det ikkje at han nødvendigvis er bra – noter dykk det, er de snille. Vi lever i ei tøff tid der sjangerfilmen har snubla og begynt å kannibalisere seg sjølv. Difor tyr fleire av oss til såkalla art house – kunstfilm, også kalla indie – i rein desperasjon og sug etter betre filmar. Vi snur kvar ein stein i desse moderne tider.

Eg har sett ein del av desse òg, og her er det mykje sørgjeleg. Men sidan dei er stempla som indie/kunstfilm, er folk som regel litt snillare med dei på grunn av lågt budsjett og så vidare. Heilt ærleg ser eg mykje skrap frå den fronten òg. Rett-på-video-filmar frå nittitalet er faktisk kjekkare å sjå. MEN, når eg først ser ein moderne film som verkeleg klaffar, slik som Sirat (2025), då er gleda stor.

Filmslakt 2026
TRASH – her snakkar vi film!

Elles er min filmomtale av Trash, eg meiner Thrash, av sjølvaste Tommy Wirkola – den mest lesne filmomtalen her på bloggen. Kvifor? Fordi eg gav han god kritikk? Ja, eg meinte han var bra, og sjølv om 99.999% av verda hatar filmen, blei eg underhalden og fekk smake Bjørn Dennehys vreide. Det skal vere sagt at eg heller tek eit gjensyn med den filmen enn noka av røkla eg har snakka drit om over.

Ja, smaken er som baken, men ærlegheit varer lengst!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *