Avatar: Fire and Ash (2025) Poster med skurken

Avatar: Fire and Ash (2025): Anmeldelse

Dette er ein svær blåkval av ein film, men i lengda på tre timar og sytten minutt kjennest han ikkje som eit episk storverk. Den første Avatar i 2009 gjekk eg to gongar for å sjå på kino. Eg var imponert, den gongen.

Då eg fekk sett Avatar: The Way of Water i ein formidabel heimekino, blei eg igjen fortrylla av Pandora, og verda James Cameron no har brukt over ein tredjedel av livet sitt på å skape. Men eit gjensyn med Avatar 2 har rett og slett ikkje frista. Heller ikkje einaren – og begge står i ei 4K-utgåve i hylla. Avatar 3 følest meir som ei pliktsjåing. Så korleis opplevde eg han?

Mange snakkar om at Fire and Ash berre er same turen som toaren om igjen. Eg er einig. Avatar har mista WOW-effekten. Når James Cameron stangar hovudet i veggen og ikkje utviklar ei historie som rettferdiggjer tre timar, kan ein mistenkje at regissøren har blitt for oppslukt av sjølve Pandora. Han er trass alt Guden av denne verda, og historia har enkelt og greitt blitt neglisjert.

Avatar: Fire and Ash Foto: 20th Century Studios / Disney
Foto: 20th Century Studios / Disney

Den dysfunksjonelle Sully-familien

Vi følgjer familien Sully. Her er kona Neytiri som hatar mennesket og ønskjer dei døde for all jævelskapen dei har gjort mot planeten hennar. Her er tenåringssonen Lo’ak, som er sint på pappa. Og den tause minstejenta, Tuk. I den utvida familien har vi den spirituelle halv-Avataren Kiri, adoptivdottera. Og så Spider, mennskesonen til skurken Quaritch.

Jake slit med familien – dei er sinte og sure veldig mykje av tida. Det tok tid før eg byrja å bry meg om dei. Etter ein time eller to innsåg eg at her manglar det karakterar eg verkeleg bryr meg om; nokon som stikk seg ut.

Familien Sully bur hos sjøfolket. Så stikk dei ut på eventyr i lufta over jungelen for å frakte Spider heim til sine eigne, for han må gå med ei maske og treng oksygen. Eg kryssa fingrane for at Spider skulle få ein tidleg exit, men nei. Spider er den desidert verste karakteren i franchisen.

Askeklanen og drapet på mystikken

På veg til destinasjonen blir karavanen dei haikar med angripen, og her startar mine største problem med Avatar 3. Det er Askeklanen som angrip, med Varang som leiar. Denne klanen er Na’vi, frå same planet og av same rase. Dei blir framstilte som ein rebelsk skurkestamme – tydeleg inspirert av indianarar. Problemet mitt er at plutseleg er ikkje lenger rasen Na’vi eit symbol på håp.

For meg var Na’vi-ane dei reine, skapningane langt ute i universet som levde i pakt med naturen på fredeleg vis. No introduserer Cameron ein fiendtleg stamme som drep og plyndrar andre Na’vi-ar. Plutseleg er desse blå skapningane berre menneskekopiar, og det er lite som skil dei frå min eigen rase. Det øydelegg mystikken deira fullstendig.

Kvifor må alt alltid menneskeleggjerast? Kvifor ikkje skrive Na’vi som noko vi aldri før har sett? Er det fordi Cameron er menneske, og det rett og slett er ei umogleg oppgåve? Er han redd det blir for kjedeleg for oss å sjå noko heilt framandt? Det er nok difor Cameron lagar familiedynamikk gjenkjennande rett frå samfunnet her på jorda.

Dystopiske byar og fresande katter

Pandora ser framleis fantastisk ut, og det er detaljar i fleng. Men historia er svak, her er det ingen framdrift. Vi har Stephen Lang sin Miles Quaritch som jaktar på Jake, akkurat som han har gjort i seks timar i dei førre filmane. Om igjen og om igjen er han nær ved å fange han. Han tek eit gissel frå familien og ropar «Come out, Jake». Cameron er òg usikker på om han skal vere god eller ond; karakteren blir ubehageleg ambivalent.

Så var det dialogen. «Do you still love me?» seier Spider når Jake vurderer å avlive han. Det er massevis av slike banale dialogar. Og all denne familiekrangle-brølinga, for ikkje å snakke om den forbaska kattefresinga deira. Eg har nettopp sett ein av historiens verste filmar, Cats, der det var uhorveleg mykje fresing og HALAR. Avatar var nær ved å implodere for meg på grunn av dette.

(SPOILERS VIDARE!)

Men James Cameron er rutinert, og han klarer å involvere meg igjen, gong på gong. Og sa eg at Pandora ser fantastisk ut? Vi får endeleg eit innblikk i menneskebasen, ein by. Han er skikkeleg dystopisk, rett ut frå Blade Runner. Det er ingen tvil om kva Cameron meiner om mennesket. Og eg likar dette, for eg er heilt einig med Cameron: Menneska er som eit øydeleggjande virus.

Jake har blitt fanga av sin nemesis, og er stilt ut i ei gapestokk-boks der byens innbyggjarar tek bilete av planetens «most wanted» med smartskjermane sine. Eg blir aldri heilt overtydd om at dette samfunnet hatar Jake og ønskjer han død, rett og slett fordi for lite er blitt utforska i denne delen av historia. Men scenene i industribyen er eit friskt pust frå all den vakre naturen vi elles blir mata med. Jake blir redda av kona, og det lange klimakset nærmar seg.

Klanane samlast i Avatar: Fire and Ash Foto: 20th Century Studios / Disney
Foto: 20th Century Studios / Disney

Marvel-klimaks og storslått spetakkel

Då vakna eg, igjen! Pandora ser heilt nydeleg ut. Jake og familien er tilbake hos sjøfolket. Dei samlar alle klanane, og får endåtil dei store kvalane på si side etter mykje nøling. Så brakar det laust! Eg kosar meg. Suget etter potetgull melder seg. Men…

James Cameron har sett for mange Marvel-filmar. Han følgjer den nymotens klimaks-strukturen: Heltane knuser skurkane med noko valdsamt. YES! DEI VINN! Alt ser toppers ut. Nei. Plutseleg snur det, ikkje heilt uventa. Askeklanen kjem flygande. Kvalane blir drepne, og dei taper på absolutt alle frontar. Alt ser håplaust ut. Så bremsar det endå meir ned. Vi får ei unødvendig fødselsscene midt i slaget. Cameron trøyttar oss ut. Heltane ser ut til å tape fullstendig. MEN VI VEIT ALLE AT AKKURAT NÅR HÅPET ER UTE, SNUR DET IGJEN.

Konklusjon

Onde Na’vi-ar øydela Pandora for meg. Na’vi-ane er no berre same røkla som mennesket. Så kvifor skal eg bry meg? Eg tippar dette er hovudgrunnen til franchisen si nedoverpil på billettlukene. Vi har ein skurk som kan klonast, så mindre står på spel. Han kan døy og døy, og dei kan berre sende han tilbake. Her er det familiedynamikk snytt ut av ein vanleg tv-serie. Kona til Jake hatar mennesket, men ho klagar ikkje når heksa frå Askeklanen drep og gjer det aller verste: Skjer av ånde-halen til sin eigen rase.

Men Pandora ser utvilsamt himmelsk ut. Det er ingen tvil om at dette er laga med massiv lidenskap. Likevel er det ikkje nok – her må det vere noko meir, og noko nytt.

Diverre er Fire and Ash berre meir av det same. Historia er ikkje god nok til å rettferdiggjere ei speletid på 3 timar og 15 minutt (2 timar og 30 minutt burde vore absolutt maks). Cameron er «lost» ein eller annan stad på planeten han sjølv skapte. Kanskje han er fanga i ein detalj om korleis ei plante skal sjå ut. Historia tok han i alle fall i ei altfor kjedeleg retning.

Terminal-pila: ▶

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *