Filmplakat for James Bond-filmen Thunderball (1965) med Sean Connery som agent 007 i undervassaction, regissert av Terence Young.

Thunderball (1965) – Nostalgi, Spectre og Sean Connery

Thunderball (1965) er ein James Bond-film eg assosierer med fargen raud og skikkeleg undervass-spetakkel. Eg har sett desse Bond-filmane med Sean Connery, Roger Moore og Timothy Dalton så mange gonger at eg kjenner dei ut og inn. Og eg likar framleis Thunderball, men han blir ikkje plassert høgt på lista. Connery sine tre siste er dei tre svakaste Bond-filmane hans.

Largo, Disco Volante og den klassiske Spectre-planen

Largo er nummer to i Spectre-organisasjonen. I motsetnad til nummer ni, som blei straffa av nummer éin med elektrisk sjokk, er nummer to gullguten til sjefen. Largo har ein plan: å stele to atombomber frå eit fly, stikke av med superbåten sin, Disco Volante, og presse Storbritannia og USA for pengar. Elles … Men James Bond og resten av 00-hæren er på saka!

Det norske VHS-coveret av Thunderball (1965).

Er Spectre-filmane dei svakaste i James Bond-serien?

Eg fekk ei lita AHA-openberring under Thunderball: alle Bond-filmar der Spectre er ein del av hovudhandlinga, er dei svakaste Bond-filmane! Det blir for mykje teikneserie – sjølv om DET er moro. Men Spectre er for Austin Powers og Dr. Evil. Spectre er ufrivillig komisk.

Det er laga åtte Bond-filmar med Spectre som antagonist. Dei beste er From Russia with Love på topp, On Her Majesty’s Secret Service som nummer to og Dr. No på tredje. Daniel Craig sine Spectre (2015) og No Time to Die (2021) er dei verste – og noko av det verste som er laga i Bond-serien. Kva slags manusgalning drep Bond, slik dei gjorde i den siste?! Det er det mest horrible som har skjedd i ein Bond-film. Eg er spent på korleis dei skal løyse det i den neste med Pattinson!

Diamonds Are Forever har sine augeblink, men han er dels svak, syns eg. James Bond i Japan (You Only Live Twice) er Goldfinger on CRACK! Dei går fullstendig amok med vulkanøy, Spectre-base med rare, farga drakter og full pakke, og den er mest Austin Powers av dei alle. Eg syns han er moro, men det er ein av dei svake.

Domino og Largo frå James Bond-filmen Thunderball (1965).
Domino godkjent. Largo er litt svak skurk. Thunderball (1965)

Treig undervasskrig – men full av herleg nostalgi

Thunderball har nokre problem. Han blir litt kjedeleg i lengda. Filmen er lang, og her er mykje undervass-scener. Endåtil ein undervasskrig – vel, det er litt moro, men veldig teikneserie. Og sjefsskurken Largo er litt for tåpeleg; rett og slett ein svak karakter.

Men i barndommen elska eg Thunderball, You Only Live Twice og desse Spectre-filmane med Connery. Så eg fekk mykje god og herleg nostalgi. Når James Bond dansar og snur Spectre-dama slik at ho blir skoten i staden for han – klassisk! Den verste scena er når Bond skal få massasje i ei strekkemaskin, og ei hand skrur maskina på full styrke; superkomisk!

Eksotiske Karibia, Terence Young og John Barry

Som vanleg ser filmen flott ut! Eg likar scenene under vatn, og lokasjonane frå Karibia er eksotisk fanga på film. John Barry sin musikk har sine augeblink òg, men James Bond-temaet blir spelt veldig lite her. Alle Bond-filmar med lite Bond-tema har ein tendens til å score lågare hos meg personleg. Terence Young stod bak regien, og dette var hans tredje og siste film i serien.

Kvifor gir eg framleis Thunderball tommel opp?

Grunnen til at eg gir Thunderball ein tommel opp bortsett frå nostalgien, er Sean Connery. Han er så god, til trass for sin typiske mannssjåvinisme. Sjølv om filmen er treig, følte eg meg avslappa. Og det var berre kos å sjå Bond symje rundt i sin ikoniske raude symjedrakt og kjempe mot teikneserieskurkar i form av Spectre.

Terminal-pila: ▲

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *