Resident Evil (2026): Frå A til B
Eg er ingen storfan av spelserien Resident Evil. Eg spelte det i starten, men blei ikkje biten av den mutante basillen. Dette blir ein kort omtale av Resident Evil (2026), for her er det jo ikkje noko plott. Eg kan melde at for første gong skuffar Zach Cregger meg – men det spørs om eg skal la denne passere, sidan Cregger har laga ein film for spelfansen.
Kva handlar eigentleg Resident Evil (2026) om?
Handlinga! Austin Abrams får ein pakke han skal levere i Raccoon City. Vi følgjer han på reisa – that’s all, folks. Her er det null plott, berre ei reise. Men er det ei morosam reise?!
Heilt ærleg: dette er ikkje min type humor. Eg skulle heller ønskje denne reisa var pur skrekk. Eg blei ikkje skremd på noko tidspunkt i filmen, og Cregger satsar på ein lett tone saman med den komiske halvdelen av filmen. Jepp, kanskje min humor stinkar – men det er i alle fall MIN humor. Når halve filmen er komedie og ikkje klarer å få meg til å le, ja då er filmen i trøbbel.

Som å sjå på nokon andre spele dataspel
Eg mista fullstendig teljinga på alle gongane Austin Abrams ropte «what the fuck» i ei eller anna utgåve. Fyren liknar forresten litt på ein hobbit. Først køyrer han. Så går han. Det er som eit dataspel – det er som å sjå på nokon andre spele. Frå A til B, med hindringar og diverse monster som Abrams skal kome seg forbi.
Eg hadde slått av for lengst hadde det ikkje vore for knallflott filmfoto og god vinterstemning (i alle fall i første halvdel). Det merkast at Cregger lagar filmen med god energi og eit mål om å underhalde. Monstera blir tøffare og tøffare, og Abrams finn nye våpen. Eg fekk heller lyst til å spele sjølv og sleppe den «morosame» skrikinga frå hovudpersonen med all den evige bannskapen hans.
Ein ekte eingongsfilm
Det er vanskeleg å svelgje ein film utan eit godt plott – i alle fall når eg ikkje bryr meg noko særleg om hovudkarakteren eller syns han er morosam. Men eg likte det visuelle, den korte speletida og nokre element i den kreative avdelinga. Kanskje hadde eg likt filmen litt betre på ein god dag, om eg skrudde av sinnet og den kritiske delen av hjernen. Samstundes kan eg aldri sjå føre meg at det blir noko gjensyn med Resident Evil, for dette er ein ekte eingongsfilm.
Terminal-pila: ▶
(midt på)
80s Action David Lynch FilmNoregRundt hottast James Bond John Carpenter netflix profil Sci-Fi slakt Spooktober 2026 Stephen King Stranger Things Thor Dahlstrøm VHS Walter Hill
