Halloween Kills (2021): «Evil Dies Tonight» i Haddonfield!
Den ekte moroa i trilogien startar med skrekkfilmen Halloween Kills (2021)! David Gordon Green og Danny McBride står bak manuset. Begge to kjem frå komediesjangeren, og eg sansar indirekte eit snev av svart humor i dei siste Halloween-filmane.
I Halloween (2018) blei «The Shape» fanga i ei dødsfelle av The Strodes. Dei tente på huset med Michael Myers innesperra i kjellaren. MEN, brannfolk kjem og sløkkjer brannen – ha ha! Myers tek livet av samtlege brannmenn! Planen til Laurie gjekk med andre ord rett i dass.
Ho blir i lag med familien sendt til Haddonfield sjukehus. Som vi hugsar, var sjukehuset sentralt i Halloween II (1981), og halve Kills går føre seg på nettopp dette sjukehuset. Det eine offeret etter det andre kjem inn. Will Patton hamna i senga ved sidan av Jamie Lee Curtis, og eg likar forholdet mellom dei. Men alt om The Strodes blir sett på sidelinja, for…

«Evil Dies Tonight» – og ein pilkar frå Fosnavågen!
Toaren handlar ikkje lenger om Laurie Strode vs. Michael Myers, men om Haddonfields innbyggjarar vs. Myers! No er det dei eldre på min alder som skal ta opp kampen mot «the pure evil». Godaste Anthony Michael Hall (The Breakfast Club) får ei stor rolle! Han ser ut som ein pilkar uta Fosnavågen her, og er byens motivator og ringleder for jakta mot Myers.
Myers har gått amok. Som i Halloween II aukar denne filmen killsa og nivået på blodig gore. Hall og innbyggjarane har fått nok. Dei lagar eit slagord, «Evil Dies Tonight!», og alle saman blir forvandla til ein hjernedaud mobb. Måten det er gjort på er så overdriven, og eg synest det er stor underhaldning å sjå desse idiotane tru at dei har sjans mot ein av tidenes beste skurkar i skrekkfilm.

Home Sweet Home: Kreative kills med kniv og neve
Ein annan del av Kills er heimen til Myers. I huset hans bur det no eit par: Big John og Little John (Michael McDonald frå MADtv!) – to karar som likar å skremme barna som går «trick or treat» på døra deira. Som med dei fleste karakterane i filmen her, skal dei få møte anten spissen på slaktarkniven eller hendene til Myers – hans to reine favorittvåpen.
Eg synest Gordon Green er flink med kreative kills i denne! Det blir brukt lysrør, og sidan Myers likar å bruke hendene, blir ein tenåring hamra i hel oppe i ei trapp mellom gelenderet.

Konfrontasjonen: Er dette meint å vere cheesy?
Etter at mobben – med Tommy (Anthony Michael Hall) i front – herjar på sjukehuset og tek livet av feil mentalsjukehuspasient, medan andre leitar og blir drepne på grotesk vis, blir endeleg Myers omringa av heile mobben. Byen skal no ta sin hevn, men feilar sjølvsagt «big time»! For Michael Myers er ikkje menneskeleg.
Det høyrest eigentleg skralt ut. Her er få likandes karakterar – dei eg likar, ligg på same rom på sjukehuset. Resten er ein gjeng håplause, hjernedaude idiotar som er reine offerlam for Myers. Men eg blir underhalden av dette! Her er meir gore, meir kills og ein formidabel Anthony Michael Hall. Her er framleis musikk av John Carpenter, og ein cameo av Charles Cyphers, som har spelt i mange Carpenter-filmar. Og her er mykje liv og røre. Tåpeleg er det, men eg meiner dette er meint å vere tåpeleg, på ein cheesy måte. Det er Michael Myers (og Hall) som stel showet – eg likar korleis han ser ut og kor nådelaus han er.
Bonus: Nokre kjappe ord om Halloween Ends (2022)
Halloween Ends såg eg i fjor. Kjapt fortalt så er han ei liten hyllest til Halloween III – ved at han går meir vekk frå «The Shape», og gjer ei Christine-vending om ein ung kar som jobbar på verkstad, slit slik som Arnie, og får dødeleg sjølvtillit frå eit monster. Samt eit totalt og knallbra klimaks der Laurie Strode og byen tek eit endeleg oppgjer!
Terminal-pila: ▲
80s Action FilmNoregRundt hottast John Carpenter netflix profil Sci-Fi slakt Spooktober 2026 Stephen King Stranger Things Thor Dahlstrøm VHS Walter Hill
