Ein poster av Michael Myers frå Halloween (2018).

Halloween (2018) anmeldelse: Vellykka retur for Michael Myers!

Først må eg understreke at Halloween-trilogien frå 2018 til 2022 ikkje når opp til knea på John Carpenters originale Halloween (1978)! Når det er sagt, så likar eg denne trilogien regissert av David Gordon Green. Mange gjer det ikkje. Halloween Ends har 2,2 på Letterboxd, og Halloween Kills har 2,6. Den første frå 2018 har ein god score på 3,2 – men faktisk synest eg den første er den svakaste av dei tre.

Vekk med sysken-tullet: Tilbake til 1978

Green har gjort leksa si. Det er tydeleg at desse filmane er laga av ein fan av John Carpenters legendariske skrekkfilm. Halloween (2018) hoppar glatt over Halloween II og alle filmane som kom etter. Det er smart, for i Rick Rosenthal sin oppfølgjar blei Laurie Strode introdusert som systera til Michael Myers – typisk oppfølgjar-plotting som ikkje tente noko stort føremål.

Haddonfield, 31. oktober 2018. Det er 40 år sidan Michael Myers terroriserte Laurie Strode og drap alle vennane hennar. I førti år har Myers sete innesperra og venta tolmodig. Strode har ikkje kasta vekk tida si; ho har bygd eit fort av heimen sin, lært seg kampsport og drive med dagleg skytetrening. Eg diggar huset hennar! Dottera og barnebarnet til Laurie er traumebarn, og barnevernet henta dottera i sin oppvekst, på grunn av mora si paranoia og Myers-frykt.

Eg skal vere kjapp! Okay, Myers flyktar sjølvsagt. Eg gjev skulda til nokre idiotar som lagar krimpodd – dei blir sjølvsagt drepne! Myers finn maska si i bilen deira. Cue John Carpenter!

John Carpenter på settet og besøkar Jamie Lee Curtis under laginga av Halloween (2018).
John Carpenter som besøkar Jamie Lee Curtis under innspelinga av Halloween (2018)

Grunn 1 og 2: Carpenter på vinyl og sylskarp widescreen

Her er den første grunnen til at eg likar desse tre filmane: Cody og John Carpenter lagar musikken. Når eg sit og ser, lyttar eg samstundes nøye til filmscoret, som eg òg eig på vinyl!

David Gordon Green plasserer inn hyllester gjennom heile filmen. Myers som står bak ein blafrande klesvask ute i bakgarden. Når han tek ein bil og køyrer. Eit kvitt laken med to hol i. Barnebarnet som kikar ut vindauget frå pulten sin på skulen og ser bestemora Jamie Lee Curtis – ja, Green snur på det og leikar seg. Denne gongen er det Laurie Strode som fell ned frå balkongen i andre etasje, og Myers som kikar ned på ho for å sjå om ho er død. Slike ting dukkar opp over heile filmen! Eg likar dette!

Litt daukjøt

Filmen har litt daukjøt, som i delen der barnebarnet er på halloweendans med vennane sine – men kudos for lite mobilbruk, og for at desse ungdomane kjennest litt tidlause ut. Eg må klage litt på at filmen har lite gore. Men Green har som sagt studert originalen nøye: John Carpenters Halloween hadde nesten null blod og gørr i seg!

Grunn 2

Grunn nummer to til at eg likar denne reboot-oppfølgjaren: Filmane ser fantastiske ut. På min Sony 83-tommar sit eg berre og nyt 4K-en og alle detaljane, som kvar einaste skugge i Myers si Captain Kirk-maske, som her er 40 år gammal. Eg nyt den tekniske kvaliteten, og ikkje minst at Green har følgt Carpenters regel om å filme i den feitaste widescreen-en, slik at sjølv monster-TV-en min har svarte striper oppe og nede. Eg elskar desse svarte stripene.

Vi får òg sjå glimt av gode, gamle Donald Pleasence som «Dr. Loomis». Myers sin nye psykolog heiter Ranbir Sartain. Han er endå meir besett av koden Myers enn forgjengaren sin. Den store fetisjen hans er dette onde vesenet som ikkje pratar. Han er faktisk så besett at han sjølv drep for å få vite korleis det er å vere ond! Ein ting eg mistenkjer under denne syninga, er at det var Sartain som sørgde for at Myers slapp fri frå bussen – for vi får aldri sjå detaljane kring sjølve frigjeringa.

Jamie Lee Curtis som Laurie Strode, som kikar på barnebarnet sitt. Frå James Gordon Green sin Halloween (2018).
Myers kika inn i originalen – no kikar Laurie inn skulevindauget på barnebarnet sitt.

Gamle heltar og herleg låge forventningar

Grunn nummer tre: Jamie Lee Curtis (og Will Patton, SOM EG DIGGAR). Nokre folk har kanskje eit problem med å sjå heltane sine frå gamle dagar vekse opp og bli grå og gamle. Eg set sånn pris på det! Å framleis få sjå Jamie på storskjermen i nye filmar, gjev meg ei unik glede. Dei betyr så mykje for meg, slike som ho, Sigourney Weaver og Linda Hamilton. At dei får jobbe endå, for fansen – det er knall, det!

Den siste halvtimen er best. Familien Strode har bunkra seg inne i bestemors hus, og den stygge, fæle ulven luskar på utsida og vil ta dei alle. Men Laurie har trent på denne augneblinken i førti år. Dette er ikkje eit fort, men ei felle! Jau, ein kan bli litt irritert på nokre val som blir tekne, og tenkje på kva vi sjølve ville ha gjort og så vidare… Men når Myers kikar opp frå kjellarbunkersen med gitter framfor utgangen, og the Strodes tenner på fella si – det er knall! Heile den første filmen er ein perfekt set-up til dei to neste.

Grunn nummer 4

Grunn nummer fire! Denne er kritisk, og kanskje sjølve hovudgrunnen: Forventningane mine er VELDIG låge. Då eg såg desse filmane tilbake då dei kom, var eg ingen fan. Men sidan har eg teke gjensyn etter gjensyn. Eg føler meg så avslappa, fordi eg ikkje forventar å sjå noko meisterverk frå gamle dagar. Her er det berre ei enkel og god Halloween-stemning som eg set pris på. Det er rein chill i sofaen med Carpenters musikk, eit flott filmfoto, ei Jamie Lee som gjer meg nostalgisk, og litt småhumring over idiotar som blir drepne. Dette er berre enkel skrekk-kos utan forventningar.

No var eigentleg planen å skrive om alle tre filmane her i éin artikkel. Men det var jaggu umogleg! Så eg må oppsummere her og heller kome tilbake til dei andre to, som sikkert treng kvar sin artikkel.

Ein fin liten skrekkfilm

Halloween (2018) er ein vellykka reboot og ein direkte oppfølgjar til originalen. Det er tydeleg at handlinga dreier seg om Myers vs. Strode, stappa med easter eggs og hyllester. Her blir ikkje krutet oppfunne på nytt, ikkje eingong raffinert. Dette er berre ein fin liten skrekkfilm som er koseleg å sjå under Spooktober i dagane opp mot Halloween.

Terminal-pila: ▲

80s Action FilmNoregRundt hottast John Carpenter netflix profil Sci-Fi slakt Spooktober 2026 Stephen King Stranger Things Thor Dahlstrøm VHS Walter Hill

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *