Topp 25 filmmonster og skrekkikon: Dei beste skurkane i skrekkfilm!
I forrige del tok eg for meg dei beste skurkane i skrekkfilm – utan maske og make-up. No joiner Ator meg, og saman har vi laga ei felleskåring over tidenes filmmonster, slasher-skurkar og skrekkikon – altså alle dei råaste skapningane med maske og heftig make-up! Nok ein gong sende vi e-postar fram og tilbake inntil vi landa på ei topp 25-liste vi begge kunne stå inne for. Kommenter gjerne kva dokke lesarar synest er det aller, aller beste monsteret eller den beste skurken i skrekkfilm! God Spooktober!
Plass 25–16: Kva for nostalgiske filmmonster skremde oss i 80-tals skrekkfilm?
25. Critters
FS: Vi digga Critters i 1986–87. Eg vil kalle den ein ekte VHS-slager! Gremlins var ein av dei største filmane vi hadde sett, og kom året før på sjappa. Vi ville ha meir, og Critters var god trøst!
Ator: Kom i kjølvannet av Gremlins, og jeg husker godt de små, hårete, kjøttetende og rullende skapningene. Med pigger de kunne lamme mennesker med, og en enorm appetitt på menneskekjøtt.
Smells like cow crap to me, Dad.

24. Werewolf Lester
FS: Silver Bullet er ein ekte åttitals varulvfilm. Basert på Stephen King, var filmen i 1986 heilt fantastisk. Eg såg den før både The Howling og An American Werewolf in London. Sjølv om dei sistnemnde kanskje er betre filmar, vil det aldri forandre kor skremt eg blei av denne fæle varulven!
Ator: Var det skremmende elementet i Silver Bullet. Liker fortsatt ikke å gå alene i skogen etter så mange år.
There are no such things as werewolves!

23. Leviathan
FS: Leviathan er den beste Alien-kopien nokon sinne, med element av The Thing. I 1989 blei vi hodestups forelska i denne filmen – og monsteret. Jerry Goldsmith sitt soundtrack blei spelt dagleg, og eg fekk filmen på LaserDisc og såg den stødig gjennom nittitalet. Eg elskar Leviathan!
Ator: Fryktinngytende og slu monster som spilte godt på klaustrofobien med tette rom så dypt under vann. Et eksperiment som gikk totalt galt.
And Sixpack, if you call me Becky one more time I’m going to pop your tops, all six of them.

22. Terror Dog
FS: I Ghostbusters er det mange kule monster og spøkelser. Vi har den grøne, slimete «blobben», vi har Stay Puft Marshmallow Man og Gozer – så mange kule kandidatar. Men Terror Dog, som jaktar i New Yorks gater, sette mest inntrykk. Ghostbusters blei leigd jula 1985, saman med Gremlins. Med handa på hjartet: mi beste filmjul i heile mitt liv!
Ator: Selv om filmen var ment som en komedie, så gir dette hundemonsteret et grøss gjennom kroppen.
We came, we saw, we kicked its ass!

21. The Blob
FS: Vi digga remaken av The Blob (1988) i 1989. Eg diggar han endå! Chuck Russell gjorde ein knalljobb og laga ein remake som er betre enn originalen. Kevin Dillon er berre umogleg å mislike, og det slimete monsteret er knallbra laga. Ikkje sett The Blob? SJÅ DEN!
Ator: Slimete, etsende, kjøttetende masse som så ut som flytende Play-Doh, med et morderisk sinn fra verdensrommet. Gir en porsjon med gelé en ny mening.
The sky, it fell from the sky!

20. Torok
FS: Troll 2 stjel mykje av spotlighten til Troll frå 1986. Det er synd, for Troll er ein knallgod fantasyskrekk som fleire burde sjekke! Torok skremte ræva av meg den gongen. Og kvifor har ikkje Charles Band saksøkt – her heiter hovudpersonane Harry Potter Sr. og Junior! Troll er stappa med god make-up, og etter gjensyn i fjor likar eg filmen endå! Torok rules!
Ator: Skummelt lite troll med djevelske intensjoner. En du ikke ønsker å møte på.
Honey? Did you do a lot of drugs before we were married?

19. Black Ninja Hanjuro
FS: Ein gong i 1985 var eg sjuk og måtte vere heime. Det var då vanleg at eg blei kjørt til videosjappa for å leige ein film medan familien var på jobb og skule. Eg sat i sofaen med pledd, potetgull og brus og blei storsjarmert av denne sjukaste ninja-action-skrekk-sære filmen! Eit ninjaspøkelse besett ei sexy dame, og Sho Kosugi kjem for å redde ho frå demonen. Ninja III: The Domination er kanskje den beste ninjafilmen av dei alle!
Ator: Ond ninja-ånd. Alt du hadde trengt å si, var ninja.
You fool! You can not stop me! I am the ninja!

18. Graboids
FS: Den beste haifilmen etter Jaws er Tremors, om vi byter sjø med sand, og hav med ørken. Her er eit monster som er RÅKULT – ein slags dinosaur som reiser under jorda og angrip stakkars folk i ein ørkenby. Einaste trygge staden er på eit tak eller på ein stein. Kevin Bacon og Fred Ward er min favorittduo i skrekkfilm – kjemien mellom dei er suveren!
Ator: Et av de beste monstrene som har beveget seg under bakken. Det var som å oppleve Jaws på land.
This valley is just one long smorgasbord.

17. Beetlejuice
FS: Jepp, denne tidlege Tim Burton-filmen er fortsatt ein av hans beste. Men sjølv om Burton er god, er ingen betre enn Michael Keaton, som er så god i rolla som Beetlejuice at ingen andre kunne ha spelt han. Keaton er ein av mine største favorittar.
Ator: «The ghost with the most.» En av Keatons beste rollefigurer. Steinhakkende gal.
Let’s turn on the juice and see what shakes loose.

16. Molasar
FS: Michael Manns The Keep er ikkje like bra i dag som på åttitalet, då den var ein kuriositet. Vi veit det. Men i den rette alderen og det rette tiåret – på åttitalet – var The Keep HEILT FANTASTISK for oss barn. Slott, naziar og eit urgammalt monster skjult djupt i jorda under the Keep, som Hitler ville forske på for å skaffe overnaturlege våpen, var ein gong på åttitalet noko av det mest filmmagiske!
Ator: Kald og rolig etter å ha ventet i århundrer på at noen skulle slippe ham fri. Fri til å tilintetgjøre menneskeheten.
Obey me! Or I will return you to the diseased state I found you in!… and then I will slay BOTH of you!

Plass 15–11: Kva skjer når parasittar, dyr og demonar tek kontroll?
15. Creeps
FS: To store filmlegender er med på denne filmen: Fred Dekker som regissør, og Tom Atkins i ei av hovudrollene. Night of the Creeps blei ein instant klassikar, og etter gjensyn i fjor kan eg seie at den er like bra i dag! Slugs frå outer space kjem til jorda, går inn i kjeften til menneska og gjer dei om til zombiar (Creeps!).
Ator: Tenker på do-scenen og slimete snegler som iler rundt på gulvet. Spiser seg inn i hjernen som en parasitt – død eller levende, så styrer den alle.
What is this? A homicide, or a bad B-movie?

14. The Hidden
FS: Nok ein slug from outer space! Men The Hidden gjer ikkje menneske til zombiar, men opererer som ein kriminell parasitt som wreaks havoc med sine menneskelege former i storbyen LA. Kyle MacLachlan speler ein alien-politi og kjem for å hjelpe menneskerasen mot denne livsfarlege skapningen. For ein film! Claudia Christian er heilt rå, alle er rå! Vi har sett den stødig sidan 1988, og den sviktar aldri!
Ator: Det var ikke monsteret som var verst, heller hva det fikk uskyldige mennesker til å gjøre – som bankran, mord eller å kjøre ned en mann i rullestol med bil. Wow …
He sees something he wants, he steals it. If something gets in his way, he kills it. And right now, he’s hiding out in your city.

13. Bruce the Shark
FS: Vi ser han er falsk, men det er jo ein del av sjarmen! Samstundes skal det seiast at Bruce the Shark frå Haisommer ser 100 gonger betre ut enn alle CGI-haiar som har kome heilt opp til 2026! Tidenes kulaste kvithai i ein av tidenes beste filmar!
Ator: «We’re gonna need a bigger boat.» Gav redsel når sommeren kom og en skulle bade. Ikke noe gøy å hoppe ut i vannet.
Cage goes in the water, you go in the water. Shark’s in the water. Our shark.

12. Cujo
FS: Stakkars Cujo. Han jakta på feil kanin og fann han på feil dag inne i flaggermushola! Cujo er ein av mine favoritt-Stephen King-filmar, og fungerer kriminelt bra fordi dei fire St. Bernards som spelte Cujo er heilt SUPERRÅ, og Dee Wallace er KNALLTØFF! Filmen her starta mi interesse for FOLK I EIN KINKIG SITUASJON. Den dag i dag blir hundar som er litt smågalne kalla for CUJO! Legende, seier eg!
Ator: Frykten for at ens kjæledyr plutselig kunne angripe, er en frykt for alle som har et hjemme. Eller møter hunder på gata.
Something’s wrong with Cujo, mom!

11. Pazuzu
FS: Linda Blair – jenta som blei besett av demonen Pazuzu, og i same slengen fekk vi ein av skrekkfilmhistoria sine mest rystande skurkar: besette Regan, den lille 12-åringsjenta som fekk kristne tanter til å besvime. Personleg var eg oppe i tjueåra før eg torde å sette på akkurat denne filmen. The Exorcist er ein av dei mest skremmande filmane eg har sett! Tok eit gjensyn no i Spooktober 2026 – for ein film!
Ator: Å se hvordan transformasjonen til en søt og vakker jente kan resultere i ren uhygge og sjokkerende bilder. Demonisme er ikke noe å leke med.
Your mother sucks cocks in Hell, Karras, you faithless slime.

Topp 10: Kven er tidenes beste filmmonster, slasher-skurkar og skrekkikon?
10. Pinhead – Cenobites
FS: Pinhead med sine Cenobites hadde vore utmerka guidar i Ålesund sentrum: «We have such sights to show you!» Berre at Pinhead ikkje spøkar om slikt. For han er such sights kroppar og lem som blir rivne frå kvarandre, og at det beste i livet er å bli torturert sakte i heimen hans, helvete. Hellraiser (1987) forandra alt – då vi trudde ingen kunne toppe Freddy Krueger eller Jason Voorhees, kom altså Clive Barker og gav oss CENOBITES. På ein kald dag i helvete hadde eg plassert denne gjengen på topp.
Ator: Noe med stemmen og måten han beveger seg på, gir både en fascinasjon og grøss på samme tid. Som det sies: «Hell is pleasure and pain.»
Oh, no tears, please. It’s a waste of good suffering!

09. Pumpkinhead
FS: Nesten ingen veit kven eller kva Pumpkinhead er i desse dagar. Men eg og Ator sat i lag og såg traileren så mange gonger at filmen var ein episk skrekkfilm FØR vi såg han. «NOW IT BEGINS», seier heksa i traileren. Lance Henriksen mistar sin son på grunn av nokre ungdommar på racingsyklar. Han kallar på Pumpkinhead for å få hevn! Og Stan Winston regisserte og skapte monsteret. Ingen var betre enn Stan Winston når det kom til make-up!
Ator: Ble frelst av å se traileren til filmen og brutaliteten dette beistet gjennomfører.
What do you want, Ed Harley? Say it. Say it! Say it!

08. Christine (The Car)
FS: Vi har skrive mykje om John Carpenter og Christine i år. Christine er ein raud 1958 Plymouth Fury med store følelsar – kødd med ho, og du er død. Ho kan regenerere seg sjølv, og få menneskegutar til å bli forelska i ho. Samstundes er ho dødeleg sjalu!
Ator: En vakker, men farlig bil. Jeg fikk et nytt syn på eldre biler.
You better watch what you say about my car. She’s real sensitive.

07. Michael Myers
FS: Halloween, nok ein John Carpenter-klassikar. Eit must for kvar Spooktober! Michael Myers kunne ha vore storebror til Jason – begge er innadvende og likar ikkje prat. Myers hadde sikkert vore lengre oppe på lista om eg hadde sett den tidlegare i barndommen! Eg bannar sikkert i kyrkja når eg sei: diggar også den nye trilogien i Halloween (2018), Halloween Kills (2021), og Halloween Ends (2022) – fordi Michael Myers er så knall, og Carpenter laga musikken!!!
Ator: En slasher som gir ondskap – en ondskap som ikke stopper for noe som helst. Den mest tålmodige og utspekulerte av dem. Ikonisk utseende med Shatner-maska gav en kultstatus for generasjoner.
Death has come to your little town, Sheriff.

06. Gremlins
FS: Joe Dantes Gremlins er fullstendig crazy – det er også Chris Walas sine små, slimete monster, samt det sjukaste filmscoret Jerry Goldsmith har laga! Dette er min julefavoritt gjennom tidene!
Ator: Noe så søtt kunne bli til så ondskapsfulle vesener. Pure terror på to bein og to hender. Nostalgifølelser på alle plugger.
Get Out Of My Kitchen!

05. Deadites
FS: «Join us!» Desse Deadite-skapningane tok zombiedemonar til eit nytt nivå, og dei ser horrible ut den dag i dag. The Evil Dead og Evil Dead II er framleis ein inspirasjon når det kjem til filmlaging, fordi Sam Raimi leverer pur kreativ glede med skrekkhistoria sin største helt, Bruce «Ash» Campbell.
Ator: Kjellermonsteret skremte livskiten av de fleste, inkludert meg selv. Ikke gå ned i jordkjelleren uten en kraftig gunner …
Why have you disturbed our sleep; awakened us from our ancient slumber?

04. Seth Brundle
FS: Doktor Brundle er ikkje ein vond karakter per se – han er ganske likandes, heilt til fluga tek over showet og spyr syre på både hender og føter. Jeff Goldblum er fenomenal i rolla, og Chris Walas gjer ein fantastisk make-up-jobb i monsteravdelinga! The Fly er ein av åttitalets beste skrekkfilmar!
Ator: Transformasjonen fra menneske til grotesk monster er så genialt utført, samt at en kan se at hjernen forandrer seg mot noe så iskaldt og dysfunksjonelt som et dyrisk sinn.
My teeth have begun to fall out.

03. The Thing
FS: Rob Bottin fekk frie tøylar av John Carpenter og lagde effektar frå filmhimmelen! Monsteret her er ein mash-up av alt det har teke hendene sine borti, og resultatet er skrekklegendarisk frå ein annan planet. The Thing har vi skrevet om under Carpenter-september.
Ator: Gav veldig sterke inntrykk på meg om at selv om det ser ut som en hund eller et menneske, så var det utenomjordiske bak imitasjonen klar for å angripe på de mest hårreisende måter når det følte seg truet.
My God, what the hell happened here?

02. Jason Voorhees / Freddy Krueger
FS: Freddy – the comedian. Jason – the silent strong type. To heilt forskjellige personlegheiter, begge så viktige og store i livet mitt. På åttitalet var Freddy i A Nightmare On Elm Street, utan tvil, nummer éin. Eg digga han i hel. Med tid og stunder har pendelen svinga i Jason sin favør – no synest eg Jason er best. MEN, begge er så viktige i mine skrekk-formative år at desse to i dag stillast likt! Friday the 13TH: The Final Chapter er min store favoritt!
Hey, Ted, where the hell is the corkscrew?
Ator: Barndommens minner om slasherkongene tar fullstendig overhånd. En som ikke sier et ord, men brutalt slakter for fote. Den andre gir mareritt en helt annen betegnelse. Geniale drapsmenn som begge er mestere.
Welcome to prime time, bitch!
01. Xenomorph + Predator
FS: Mange, maaange har prøvd og feila til dei grader i å imitere Alien– og Predator-monstera. Xenomorph er eit reint kunstverk i design – det finst ikkje maken, og det vil aldri kome noko som slår dette vesenet i utsjånad og sjarm. Det same kan seiast om Predatoren – det er make-up-kunst på sitt beste. Alien og Predator er mine to største favoritt-franchisar – det er her eg er mest fan, i alle fall innan skrekk og sci-fi.
There’s something out there waiting for us… and it ain’t no man. We’re all gonna die.
Ator: To av de mest utenomjordiske badass-monstrene gjennom barndommen. Tror fascinasjonen av dem begge plasserer dem høyest av terror fra universet som har blitt fremstilt på film.
This is Ripley, last survivor of the Nostromo, signing off.
Boblarar: Kva for kultmonster og skrekkfilm-skurkar nådde nesten opp?
Maniac Cop
Ator: Som slagordet sier på coveret: «You have the right to remain silent … forever.» Elsker de ikke-snakkende slasherfigurene som dukket opp. Denne har en vri på lovens lange arm, så tommel opp.
FS: Robert Z’Dar er ein fantastisk skurk, med tidenes kjeveparti!
Frankenstein (Monsteret)
FS: Skulle gjerne ha inkludert Boris Karloff sin Frankenstein, slik eg tok med Psycho i forrige skurkeliste. Men eg såg ikkje desse gamle klassikarane før ut på 2000-talet, ergo fell Frankenstein utanfor. Eg synest figuren er kjemperå – og absolutt god nok til ei topp ti-plassering. Men eg gir ein shout-out her: Frankenstein er kulare enn Dracula!
Dracula (Bram Stoker’s Dracula)
Ator: Gary Oldmans karakter har en av de mest sensuelle, mystiske og visuelle fremtoningene av greven fra Transilvania. En drøm å se på skjermen.
FS: Eg slit med Dracula-fatigue. Er lei av karakteren. Men på nittitalet hadde pipa ein annan lyd! Eg digga Gary Oldman sin prestasjon og make-up i Francis Ford Coppolas Dracula. Oldman sitt bidrag er fortsatt min favoritt-Dracula.
Leatherface (The Texas Chain Saw Massacre)
Ator: Vi hørte om denne galningen med motorsag i barndommens filmbonanza, men det var i eldre alder jeg så filmene. Klin kokos gal.
FS: Grunnen til at Leatherface ikkje er på topp 25 – sjølv om eg diggar han i dag – er at eg personleg ikkje likte filmane noko særleg. Den første hadde for lite gore, og den andre var altfor tøysete. Eg set meir pris på Leatherface i dag, og han er ein formidabel galning!
Harry Warden (My Bloody Valentine)
Ator: Psykotisk slasher iført gruveantrekk, der favorittvåpenet var en hakke. Love it … Brutal og målrettet.
Captain Spaulding (House of 1000 Corpses) / Cutter (The Aftermath)
Ator: Geniale roller fra Sid Haig, som er den perfekte personen til å spille galning i filmene.
FS: Hugsar du då eg og du reiste til Ulsteinvik og kjøpte film: The Aftermath! Som blei legendarisk fordi dette var tidenes verste film – verre enn R.O.T.O.R.! Men Sid Haig, for ei legende. Dei lagar dei ikkje slik lenger!
Art the Clown (Terrifier)
Ator: Stille, men dødelig. Ikke nok med at klovneskrekken ikke har minsket siden barndommen, så kommer det en slik karakter.
FS: Eg lurer på kva slags person eg hadde vore i dag om eg såg denne då eg var 10 år!
The Prowler (aka Rosemary’s Killer)
Ator: Nok en stille, tungpustet drapsmann som elsker å ta livet av mennesker med hageredskaper. Brutal og nådeløs.
FS: Tom Savini med nokre heftige effektar!
The Creeper (Jeepers Creepers)
Ator: Kald og rolig, men brutal som bare det. Elsker at han bruker gamle, hjemmelagde våpen av bein og tenner. Sa jeg at han har vinger og kan fly?
FS: Diggar einaren, men ikkje regissøren! Justin Long er den perfekte idiot i nesten alt han spelar i!
Captain Blake (The Fog)
Ator: Kommer med tåken og har hevn som eneste motivasjon. Alle må betale med døden.
FS: Vi vaks opp med mykje havskodde ute i havgapet – ikkje anna å vente enn at filmen er ein klassikar!
Nosferatu (Nosferatu the Vampyre)
Ator: Bare det å ha Klaus Kinski i rollen gir denne vampyren det lille ekstra til å sjokkere oss.
FS: Kinski treng nesten ikkje make-up, tidenes filmansikt – og for eit rass!
Dr. Robert Elliott (Dressed to Kill)
Ator: Den sykeste psykologen, som elsker å kle seg ut i dameklær og er en slasher i bunn.
FS: Her er Brian De Palma i sitt ess – knallfilm og knallskurk!
Jerry Dandrige (Fright Night)
Ator: Denne karakteren skulle gjerne ha kommet seg inn på lista, men på en eventuell 26.-plass ville jeg garantert satt ham. Sleip, slu og så elegant, men i full vampyrmodus kan en virkelig bli skremt.
FS: Eg tok heldigvis med Dandrige på lista over skurkar utan maske – sorry Ator: «I thought I missed you. Don’t worry. Punk.» (You won’t – haha!)
Skeletor (Masters of the Universe, 1987)
Ator: Vi vokste opp med tegneserien på video, men denne filmatiserte skapningen gir så mye av seg selv at han er ti ganger mer ond enn sitt motstykke som tegneseriefigur.
FS: Frank Langella er 1000 gonger betre enn Jared Letos Skeletor. Diggar Dolph sin He-Man fortsatt!
Gage (Pet Sematary, 1989-utgåva)
Ator: Ingen maske eller konkret monster i den forstand, men et barn som har kommet tilbake fra den andre siden med et blankt og morderisk sinn. Ren ondskap i den levende verden. Jeg ble skremt av denne rollefiguren.
FS: «RAAAAACHEEEEL!»
Zombies
Ator: Flertall, siden vi så dem i Romero-trilogien og ikke minst i The Return of the Living Dead. Skremmende individer som spiser deg levende eller skriker etter hjerner.
FS: Har eg fortalt om då mamma tok med ein «film» heim i 1985 og gav til oss barna? Ja, det var Zombie Flesh Eaters! Oppdøl i ti år etter!
Suzanne (Night of the Demons, 1988)
Ator: Ypperlig spilt av Linnea Quigley, som gir en sensuell oppvisning før hun går rett over i monsterfasen og blir djevelens konkubine – der du står på menyen.
Frances (The Curse)
Ator: Etter transformasjonen fra en stille husmor til et fryktelig beist, satte denne skrekken i meg da jeg så filmen i yngre dager.
FS: Også kalla The Farm. Denne skal eg ta eit gjensyn med! Huskar vi digga den!
Sil (Species)
Ator: Et ekte, sensuelt utenomjordisk monster som har en trang til å forplante seg på jorden – og dreper alle som vil stoppe henne.
FS: Klassisk 90-tals skrekkfilm. Eg likar både filmen og ho fortsatt. Mest likar eg H.R. Giger sitt monsterdesign, og Michael Madsen!
Aylmer / «Elmer» (Brain Damage)
Ator: Slimete og sleipt monster som bruker hallusinerende midler for å få viljen sin. Elsker å spise menneskehjerner.
FS: «Braaains!» Feil film, men passande. Hugsar kor kjekt det var å få hendene i eit Fangoria-magasin og lese om denne. Lenge sidan sist – gjensyn snart!
Monster Baby (It’s Alive)
Ator: Hva kan være mer sjokkerende enn en mutantbaby som spiser mennesker?
FS: Desse var skremmande i si tid. It’s Alive og Phantasm var filmseriar vi digga!
The Depladon (DeepStar Six)
Ator: «Not all aliens come from outer space.» Bare det å tro at noe slikt muligens kan eksistere, gir gåsehud. Vet det er fiksjon, men en vet aldri … det er langt til bunnen fra overflaten.
FS: Ingen spelar eit betre rass enn Miguel Ferrer!
80s Action FilmNoregRundt hottast John Carpenter netflix profil Sci-Fi slakt Spooktober 2026 Stephen King Stranger Things Thor Dahlstrøm VHS Walter Hill





Flott liste, dere dekker vel de viktigste her. Den jeg savner er Tim Curry som Pennywise han er topp 5. Ellers har du edderkopper, alligatorer og krokodiller som er fantastiske filmmonstre men de har ikke så mye individuelle personligheter.
Takk Asle! Ja, Tim Curry er heilt genial som Pennywise! Trur Ator diggar han med. Han falt kanskje utanfor fordi den er mini-tv-serie – men vi leigde han på sjappa i si tid og såg den som om det var ein film. Så hadde fortent ein plass på lista, enig i det!
WTF?!!! Ingen Midnight Stalker eller Butcher Bob?
Nei, drag meg framover og inn i tuten til ho Kaviar-Linda. Veit du no ka!
Det e ei fordømt skam, og 100% Ator sin feil. Trur vi må ringe han Roald eller Kjell Gunnar! Steike mi tid. Ikkje sei noke til høvdingen på Frøystad 😀