Ein poster av David Cronenberg sin The Fly (1986).

The Fly (1986): Cronenbergs meisterverk

Det er noko med filmar frå 1986 som gjev meg meir enn andre tiår, og sci-fi-grøssaren The Fly er heilt klart éin av dei. Mange av mine største favorittar er frå akkurat dette året. Det kan hende at det er fordi denne perioden var ei gyllen VHS-tid, og filmane hadde noko spesielt i form av estetikk i seg. For det er det estetiske, ein utsjånad på filmen som kun filmar frå dette året hadde, som treffer meg midt i filmhjartet. David Cronenberg sinThe Fly er ein av desse, og den tok eg eit rystande gjensyn med i går.

Ei gyllen tid på videosjappa

“Be afraid. Be very afraid” står det no under Filmloftet-logoen. Dette er eit sitat frå Geena Davis i filmen. På traileren blei dette sitatet brukt som filmen sin tagline. Vi såg denne traileren på repeat, så orda gjev gjenklang i all æve. Så såg vi filmen, på repeat. Den kom under Video Billetten frå Mayco, som hadde lisens på CBS/FOX sine filmar. Ei skattekiste som plutseleg stod framfor oss på videosjappa, og vi kunne endeleg fråtse i filmar som The Omen, Alien og Aliens, Big Trouble in Litte China og Highlander. For ei tid å vere 11 år!

The Fly var stor, ein av dei største skrekkfilmane den gongen. Eg synest framleis den er ein av dei største! Og det er David Cronenberg sin beste film! (Eg tek ei rangering av hans filmar heilt til slutt).

Kvifor synest eg dette er Cronenbergs beste, og ein av dei beste skrekkfilmane? Filmen er så solid. På 96 minutt er den frå start til slutt heilt feilfri, utan noko daukjøt. Eg vil kalle dette ein perfekt film! Det er ikkje enkelt på så kort tid, men ein meister som Cronenberg visste kva han gjorde.

Det norske VHS coveret som viser Jeff Goldblum på framsida av The Fly (1986).
«Noe gikk galt. Fryktelig galt»

Eit trekantdrama

Vi blir kasta rett i handlinga. Jeff Goldblum spelar forskaren Brundle, som møter journalisten Veronica (Geena Davis) på ei forskarsamling. Ho blir med han heim fordi han vil vise ho noko spesielt: teleporteren som sender ein gjenstand frå A til B. Veronica får eksklusiv tilgang til oppfinninga, og dei innleier eit romantisk forhold.

David Cronenberg held filmen skremmande minimalistisk. Her er tre karakterar å forholde seg til: Brundle, Veronica og Veronicas ekskjæreste og sjef, Borans, spelt fabelaktig av John Getz. Midt i sci-fi-grøssen får vi eit trekantdrama med desse karakterane.

Jeff Goldblum

Jeff Goldblum som Brundle er ein enorm prestasjon. I desse dagar har vi blitt vande til slike eksentriske karakterar, som Goldblum sjølv replikerte i både Jurassic Park og Independence Day. Brundle er ein veldig sær og idiosynkratisk karakter, men så likandes. Vel, bortsett frå då han lagar kjøtdeig av ein bavian i eit eksperiment-gått-feil, men han spør om tilgjeving frå bavian nummer to. Rolla er krevjande, både fysisk og mentalt. Brundle går frå å vere ein nerd, til ein atletisk sexgalning, til eit gradvis monster som krev store rundar med make-up.

Jeff Goldblum som blir filma av Geena Davis frå David Cronenberg sin The Fly (1986).
Veronica som dokumenterer Brundle in action!

Geena Davis

Geena Davis hadde ikkje spelt i noko stort; kun småroller i filmar som Fletch og Tootsie. Her viser ho sjarmen og ferdigheitene sine, noko som gjev hint til ei stor framtid i roller som Thelma & Louise. Veronica er ei tøff dame med bein i nasa. Det er ho som sjekkar opp Brundle, etter å ha dumpa sjefen sin. Eg elskar korleis Geena Davis spelar ho, med stor sjølvtillit og eit snev av humor. Ho er også eit godt menneske, og den romantiske forteljinga med ho og Brundle er overtydande og uhyre effektiv, særleg sidan Cronenberg brukte så lite tid på oppbygginga.

John Getz

Min favoritt denne gongen var John Getz som sjefen Borans. For ein karakter! Getz spelar han med sleskete presisjon. Han er framleis desperat forelska i Veronica, og bruker kvar ei scene på å vinne ho tilbake. Når ho avfeier han, søkk han lågt og ber kun om uforplikta sex. Eg måtte flire mange gonger av det sleipe og skjeggete andletet hans, smilet og tennene når han prøver å sjarmere ho. Og desperasjonen når ho seier nei!

Eit kjærleiksdrama mellom Jeff Goldblum og Geena Davis i frå filmen The Fly (1986).
Ein tragisk, men romantisk film. Ja, og sci-fi pluss skrekk!

Body horror i særklasse

I ei hjarteskjerande scene der Veronica og Brundle skal stikke i lag på ferie, men som Borans saboterer i siste liten, drikk Brundle seg full og blir sjalu og mistenksam. Noko som gjer at han bruker seg sjølv som forsøkskanin og sender seg sjølv gjennom maskina. Før det har han ein dialog med ein bavian, som blir plaga av ei fluge. Fluga blir med inn i maskina, og når Brundle blir sendt til teleporter nummer to, har fluga og Brundle blitt til éin person. Like etter kjem Veronica tilbake etter å ha ordna opp med sin plagsame eks, men ho er for sein. Dette er ei tragisk kjærleikshistorie meir enn skrekk. I alle fall til dette punktet.

Filmen fyk av garde! Eg er konstant underhalden! No skiftar filmen natur, slik Jeff Goldblum sin karakter skiftar natur, til halvt menneske, halvt fluge! Eg føler The Thing har mykje til felles med The Fly, spesielt i make-up-avdelinga. Transformasjonen til Brundle er av magisk vis enorme effektar frå Chris Walas, som er noko av det beste slik Rob Bottins effektar frå The Thing er.

Jeff Goldblum i full make-up som Brundle frå The Fly (1986).
Jeff Goldblum i full og knallbra make-up av Chris Walas!

Forvandlinga!

Brundle er først full av energi, med stor appetitt for søtsaker og sex. Veronica ser at noko er gale frå start. Eg elskar når forvandlinga kjem i små dosar. Først nokre svarte, tjukke hår på ryggen hans, så fell neglene ut. Andletet hans får utslett. Veke for veke blir han meir grotesk.

Han kastar Geena Davis på dør når ho ikkje vil bli sendt i maskina hans for at ho skal “bli som han”. Så han stikk på byen for å jakte på ein partnar som kan joine han i ekstasen. I eit mannsrituale vinn han kvinnfolket ved å bryte handleddet til ein svær mann i handbak. Ho blir med heim. I det han skal tvinge ho gjennom maskina, dukkar Veronica opp og leverer dei magiske orda “Be afraid. Be very afraid”. Til trass for hans utruskap, er ho bekymra for Brundle. Så ho prøver å hjelpe han, ved å forstå at noko gjekk gale.

  1. The Fly
  2. Videodrome
  3. Scanners
  4. Crash
  5. A History of Violence
  6. eXistenZ
  7. Eastern Promises
  8. The Brood
  9. Dead Ringers
  10. Naked Lunch

Klimaks, tragedie og Cronenbergs beste

Herifrå blir filmen meir og meir grotesk i retning BODY HORROR. Eg elskar effektane, tragedien og karakterane. No har eg ikkje sett filmen på tjue år snart, men eg kjenner kvar ei scene inn og ut. Når Brundle spyr ut enzym for å fordøye, og når Cronenberg bruker enzymet til andre kreative måtar som i dag er legendariske, blir eg maks underhalden. Eg blir like forundra over transformasjonen, og når Brundle går på veggane, og når han sit framfor datamaskina med hanskar for å finne ut kva som gjekk gale og korleis fikse det. Cronenberg skjuler ingenting, slik Carpenter ikkje skjulte noko i The Thing.

Fluga som kom inn saman med Jeff Goldblum i maskina, frå The Fly (1986).
Fluga som blir med Goldblum på reisa – legendarisk scene!

Howard Shore

Eit anna element som forsterkar The Fly for min del, er Howard Shore sitt dystre og operette-aktige filmscore. Cronenberg og Shore jobbar like bra i lag som Angelo Badalamenti og David Lynch, Steven Spielberg og John Williams, eller Jerry Goldsmith og Joe Dante. Min filmsmak er forma veldig etter filmmusikk. Skal ein film nå legendarisk status i mi filmverd, må musikken vere like god som filmen. Eg såg nettopp The Birds, der Hitchcock valde å ikkje bruke filmmusikk. Det er eit interessant grep, men eg meiner filmar mistar sin filmmagi utan eit godt score. Howard Shore leverer her klassisk erke-Shore-musikk slik vi hugsar han frå The Silence of the Lambs og andre Cronenberg-filmar. Han òg er ein meister!

Klimakset er fullt av energi og stappa med spenning. Plutseleg er filmen over, nok ein gong. Og eg sit att i sofaen med ein filmekstase som gløder som sola. Dette er eit meisterverk, som tilfredsstiller ei enkel filmsjel på måtar kun Cronenberg og hans likemenn klarar! Jeff Goldblum, Geena Davis og John Getz leverer prestasjonar som mest av alt hevar filmen opp blant det beste innan skrekk. Treng vi å analysere forteljinga? Er det ikkje nok å bli underhalden? Nokre snakkar om at forvandlinga er symbolsk for AIDS, andre dreg inn Franz Kafka. For meg er dette ei uhyre enkel, tragisk-romantisk forteljing der sci-fi møter skrekk, og vi blir medrivne av at nok ein gong kan ikkje mennesket leike «Gud».

Terminal-pila: ◀◁ 

80s Action FilmNoregRundt hottast John Carpenter netflix profil Sci-Fi Spooktober 2026 Stranger Things Thor Dahlstrøm VHS Walter Hill

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *