From Russia with Love (1963)
Først såg eg Dr. No (1962). Eg hadde ikkje anna val: eg måtte sjå From Russia with Love, som merkeleg nok aldri fekk ein norsk tittel. I morgon skal eg sjå Goldfinger. Denne gongen held det med tre James Bond-filmar. Sist Bond-maraton såg eg Roger Moore sine. Eg starta med A View to a Kill og jobba meg bakover. Nokre år før det igjen tok eg Timothy Dalton sine to. Eg likar å hoppe fram og tilbake, frå skodespelar og tiår. Trur faktisk eg ikkje har sett ALLE på rekkje og rad sidan tidleg nittitalet, men det går aldri lenge mellom Bond-sjåingane.
Eg merkar at det er fleire grunnar til at eg føretrekkjer alt frå Sean Connery fram til Timothy Dalton. Ikkje berre det at det er filmfotografisk nostalgisk. Ein annan ting, som er heilt kritisk og er sjølve HOVUDÅRSAKA til at eg likar dei gamle best: Den kalde krigen. Vesten versus Sovjetunionen gir meg den ekte spionkjensla – frå den tida då spionasje verkeleg var spennande.
Etter Berlinmurens fall døydde på ein måte verda til James Bond. I GoldenEye blei det spelt på dette, og sidan den gong har skurkane vore frå alt anna. SPECTRE er hovudfienden her, ikkje Sovjet vel å merke, men likevel var James Bond si verd skapt ut av den kalde krigen og tida under og etter andre verdskrig. Når Daniel Craig kjem inn i biletet, er verda så annleis. Eg likte best den gamle verda kring Bond. I desse dagar tykkjer eg Slow Horses (serien med Gary Oldman) passar mykje betre til dagens politiske landskap. Slow Horses er moderne. Men nok om det.

🎬 Robert Shaw og Falske Masker
Kor eg kosa meg! Tittelsekvensen i opninga er berre ein av dei aller beste! Bakprojeksjon av nakne eller lettkledde kvinnesilhuettar i rørsle med ypperleg grafisk filmdesign. Vanlegvis er dette laga av Maurice Binder, men her er det Robert Brownjohn som står for kunsten (noko han òg gjorde på Goldfinger).
Men før det får vi den klassiske actionopninga: Denne gongen går James Bond i ein park, medan ein FANTASTISK Robert Shaw følgjer etter han, sakte som ein panter i jungelen. Eg hugsar enno sjokket frå barndommen då Shaw drep Bond – berre for å avsløre at det var ei maske! Eg trur Ethan Hunt frå Mission: Impossible har studert denne filmen nøye.
Filmen byggjer vidare på SPECTRE, og Dr. No blir nemnd. For aller første gong får vi møte den ikoniske Nummer 1 (Blofeld) som klappar ein kvit katt. Vi blir òg introduserte for Rosa Klebb, spelt av Lotte Lenya, som jobbar som KGB-offiser, men som eigentleg er ein SPECTRE-skurk. Ho lurer Romanova (Daniela Bianchi) – ein KGB-agent – til å tru at ho jobbar for Sovjet for å lokke Bond i ei felle og stjele ei dekrypteringsmaskin.
🔫 KGB-agenter, Q og snikmord i Istanbul
Rosa Klebb er så knall. Ho har eigentleg ikkje mykje skjermtid, men eg hugsar henne alltid. Når ho pratar med Romanova og tek på kneet hennar og skuldrene – noko som hintar om at ho er lesbisk – dreg det tankane mine direkte til Javier Bardem sin homofile karakter, Silva (i Skyfall), som nesten sjekkar opp Bond der han sit fanga.
I Dr. No var vi på Jamaica; no tek Bond oss til Istanbul i Tyrkia, der alle partane er samla. Bond kosar seg med dama han knuste i kortspel i opninga av Dr. No, og blir brått kalla inn til M sitt kontor. Praten med Moneypenny er alltid eit høgdepunkt – denne lette småflørtinga. Lois Maxwell spelar henne heilt fram til A View to a Kill (ho døydde i 2007). Maxwell er mi ultimate Moneypenny.
Q, spelt av Desmond Llewelyn, kjem for aller første gong inn og gir James Bond ein smartkoffert! Han spelte Q i heile 17 filmar, og er i mine auge ei legende som løftar dagen min ved første augekast! Han døydde i 1999 etter lang og tru teneste.

James Bond Theme
Bond kjem til hotellrommet sitt i Istanbul og sjekkar rommet for mikrofonar, og dei peisar hardt på med THE JAMES BOND THEME under ei så enkel scene – der Bond berre går rundt i eit rom. Eg elskar det. Ei anna årsak til at eg og Daniel Craig-filmane aldri fann heilt tonen, var nettopp at musikken aldri var skikkeleg til stades – for meg er denne musikken kritisk.
Istanbul er ein eksotisk og spennande plass. Det er utruleg gode scener med Kerim Bey – byens kingpin som står på rett side (Bond si side). Saman ror dei med båt på eit vatn under byen, i det antikke vassreservoaret som blei bygd under Konstantin. Ein russar sprengjer kontoret til Kerim, som akkurat unngår eksplosjonen. Bond kjem inn, ser kontoret sprengt i filler og seier tørt: «Well, who won?» – eg lo høgt.

🚂 Tog, sigøynarar og snikfilming
Delen i Istanbul er veldig bra. Vi får snikmord med spesialrifla til Bond, og intense actionscener i sigøynarleiren som endar med at Bond reddar to kvinner frå å drepe kvarandre – og premien? Ein threesome (ikkje vist direkte, då, men…). Og eg elska scena der M sit heime i England i lag med Moneypenny og andre embetsmenn og høyrer på ein tape der Bond pratar med Romanova og avslører intime detaljar om M og James i Tokyo: «Once me and M had an exciting evening in Tokyo…» M slår kjapt av og sender Moneypenny sporenstreks ut av kontoret!
Det mest sinnssjuke er når Bond og Romanova går til sengs saman, og det blir avslørt at ROBERT SHAW STÅR PÅ BAKSIDA OG FILMAR DEI GJENNOM EIT SPEIL – han snikfilmar og lagar ein PORNOFILM!

Togsekvensen!
Så kjem den desiderte favorittdelen min av From Russia with Love: togscena. Togscener i spionfilmar frå den kalde krigen – det er noko eg diggar hardt. Nesten ein fjerdedel av filmen går føre seg på toget som køyrer gjennom Aust-Europa. Robert Shaw ligg og lurer i bakgrunnen på toget, og Bond legg ikkje merke til han – han er verkeleg ein panter.
Dei beste scenene i filmen er når karakteren til Robert Shaw, Grant, lèt som om han er ein britisk spion som skal hjelpe Bond. Dei pratar i lag i kupeen, og Shaw seier «old man» i annakvar setning for å understreke kor tvers igjennom britisk han liksom er! Han studerer Bond, erkenemesiset sitt, og leikar seg med han. Det er så kult korleis SPECTRE-folka trur at dei er så fordømt smarte og mykje betre enn alle andre – før dei taper mot James kvar einaste bidige gong. Men steike, for ein legendarisk slåsskamp som skjer mellom Bond og Shaw – eg må berre slå fast at Shaw i alle fall er topp 5 blant mest minneverdige skurkar frå heile filmserien.
Så får vi helikopterscena der James og Romanova køyrer ein lastebil med blomar og ein galning kastar granatar etter dei. Bond stoppar og spring ut i fjellandskapet, i ei scene som er henta rett ut av Hitchcock sin North by Northwest der Cary Grant blir jaga av eit fly.
Til slutt får vi ei jaktscene på sjøen, der Bond igjen blir forfølgd – denne gongen av skurken Morzenny, som endar opp med å bli brend opp av bensin. Han blir spelt av Walter Gotell. Alle som kjenner Bond-historia si veit at Gotell fekk ei ny rolle eit tiår seinare som sjølvaste General Gogol, sjefen for KGB. Denne rolla hadde han i seks Bond-filmar, med The Living Daylights som den siste.
🎬 Konklusjon
Eg hamna i filmhimmelen! Dei tre første Bond-filmane har alltid lege høgt på lista mi. Her er det ikkje så altfor mykje action, og skurkane er framleis berre sårbare menneske. Filmen har stil, han har klasse, og han er verkeleg noko for seg sjølv. Frå Istanbul til den intense togreisa, båtjakt og endestasjonen i Venezia – dette er eit reint Indiana Jones-eventyr. Eg tippar Spielberg elskar From Russia with Love!
Han er hakket betre enn Dr. No – og ei fantastisk god oppvarming til den aller beste Bond-filmen, min store favoritt som eg verkeleg gler meg til å sjå igjen og skrive om, nemleg: GOLDFINGER.
Terningkast: 5 – BANG – (ein beinhard femmar med pluss bak!)
Filmen på LETTERBOXD











