Bad Influence (1990)

Bad Influence (1990) – Jappegalskap og mørk manipulasjon

Her er ein film som passar ypperleg som double feature i lag med American Psycho (2000) – og for den saks skuld Fight Club (1999). Han handlar om Michael, spelt av James Spader, som er ein jappe og jobbar som forretningsmann på kontor. Michael er den rake motsetnaden til Patrick Bateman; han er faktisk snill! Men snille folk blir fort utnytta; ein kollega plagar han, dreg han ned og saboterer sjansane hans for å stige i gradene. (filmen på Letterboxd)

Ein farleg vegvisar inn i mørket

Michael taklar ikkje konfrontasjon og er lett føyeleg. Ein dag på ein bar dukkar Alex opp. Han lever av konfrontasjon. Dei blir nære venner, og Alex lærer Michael å stå opp for seg sjølv – ikkje ulikt Edward Norton og Brad Pitt i Fight Club. Slik får Michael sjølvtillit, tek opp kampen mot kontorbølla og vinn.

Men Alex har ei mørk side. Vi sansar det ganske tidleg. Saman sprengjer dei grensene, og Michael blir med på eit ran. I alkoholrus og med høgt adrenalin ranar dei endå ein kiosk. Alex spør Michael kva han fryktar, og kva han vil ha. Han svarer at han fryktar ekteskap (han er forlova), og at han ønskjer seg ei forfremming på jobben. Careful what you wish for, osv…

Tyler Durden møter Patrick Bateman

Først når mobbarkollegaen til Michael blir banka sanselaus, forstår han at noko er gale. Alex er ikkje berre ein Tyler Durden, men òg ein fullblods psykopat – ein Patrick Bateman. Her er det scener der Alex ligg med to kvinner, og andre der han forlęt dei tilsynelatande livlause. Frå eit familiebilete i barndomsheimen han overnattar i, ser vi at Alex kjem frå ein veldig rik familie, akkurat slik som Bateman. Og han har null moral; han er ein fullstendig nihilist, øydelagd av rikdom.

Gjensyn med ei gløymd perle frå jappetida

Eg hugsa filmen så vidt, og dette var eit av dei betre gjensyna. Eg blei forbausa over kor lik denne filmen var American Psycho og Fight Club, både når det gjeld estetikk og plot. Sleng gjerne på Less Than Zero (1987) der James Spader òg spelar ei rolle. Det er denne ukjende verda av rikdom, rus og diskotek som er så spennande å dykke inn i.

Leilegheita til Michael har den klassiske jappe-stilen: høgt under taket, eit fancy stereoanlegg, ein moderne TV og eit videokamera. Vi får vere med på eksklusive klubbar med dåverande musikk. Første halvdel er litt av ein tur! Når Alex viser sitt sanne andlet, blir filmen meir av eit klassisk psykologisk thrillerdrama.

Bad Influence – MGM / Sony Pictures

Uventa krumspring og herleg spenning

Vegen mot klimakset er likevel ganske fornøyeleg. Broren til Michael, Pismo (Christian Clemenson), får ei større rolle etter kvart. Han er ein arbeidslaus eldre bror som likar å røyke hasj, og elles tigge pengar av yngrebroren sin. Saman jobbar desse to for å ta Alex, og eg likar denne delen utruleg godt. Det er noko nytt!

Curtis Hanson står bak regien, og her gjer han ein kjempejobb! Mange av scenene berre naut eg som god vin. Spesielt når videokameraet til Michael er i bruk under ei grusom drapsscene. Filmmusikken til Trevor Jones byggjer opp ei herleg stemning, med perkusjon og eit synthbeat som passar stilen utruleg bra.

Bad Influence – MGM / Sony Pictures

Skodespel i toppklasse og ein karrieremessig knekk

James Spader er knallflink. Han kan spele uskyldig, eller ein stor drittsekk – han meistrar alle typar roller. I tillegg har han ein heilt eigen, idiosynkratisk stil og stemme som gjer han veldig interessant og fargerik.

Rob Lowe gjer òg ei god rolle. Etter denne filmen forsvann han nesten frå radaren fordi han rota seg inn i ein sextape-skandale berre eit par år før. Det gav karrieren hans ein skikkeleg knekk, og det var faktisk Mike Myers som henta han inn att i Wayne’s World og Austin Powers, før han gjekk vidare til store TV-seriar som The West Wing.

Bad Influence har stil, er passe sær og fungerer som ein veldig effektiv sjangerfilm innanfor den psykologiske thrilleren – med eit godt manus og det heile. Eg blei så underhaldt at eg må gi:

TERNINGKAST 5 (ein sterk ein!)

Bad Influence – MGM / Sony Pictures

År: 1990

Regissør: Curtis Hanson

Manus: David Koepp

Produsent: Steve Tisch

Sjanger: Psykologisk thriller / Drama

Nasjonalitet: USA

Lengde: 1 time og 40 minutt (100 minutt)

Skodespelarar:

  • James Spader (Michael Boll)
  • Rob Lowe (Alex)
  • Lisa Zane (Claire)
  • Christian Clemenson (Pismo Boll)
  • Marcia Cross (Ruth Fielding)
  • Kathleen Wilhoite (Leslie)
  • David Duchovny (Klubbgjest)

Musikk:

  • Originalmusikk: Trevor Jones
  • Sentrale låtar i filmen:
    • Gavin Friday and The Man Seezer – «He Got What He Wanted»
    • Toots Hibbert – «Spiritual Healing»
    • The Nymphs – «The Highway»
    • Etta James – «Out of the Rain»

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *