American Psycho (2000) Foto: Lions Gate Films / Columbia Pictures

American Psycho (2000) Filmomtale

Filmen har vakse enormt på meg i løpet av desse 26 åra. For kvart gjensyn har han berre blitt litt betre, og han var trass alt knallbra allereie første gongen. No, under dette gjensynet, var American Psycho betre enn nokon gong.

Jappetida fanga på ekte film

Eg la merke til mange ting under dette gjensynet. Først og fremst: Filmfotoet er KNALL, dette er film – ekte film! Eg har sett mykje retrofilm frå 80-talet, men ingenting gjev 80-talskjensla betre enn American Psycho. Kanskje fordi 80-talet framleis kjendest så ferskt i 2000, berre tjue år etter. Eg trur dette var den aller første filmen eg såg der handlinga faktisk spela på åttitalet.

Dette er Christian Bales store fagprøve. Han er perfekt, og han gjer ei Oscar-verdig rolle som Patrick Bateman. Han fengsla meg totalt med manerismane og humoren. At han i dag blir rekna som ein av dei største nolevande skodespelarane, overraskar meg ikkje eit sekund – dette var eit gigantisk gjennombrot.

Kva slags film er dette eigentleg? Nokre trur det er ein grøssar, andre meiner det er ein beinhard satire over Wall Street. For meg er han både det og eit komedie- og finansdrama som underheld noko enormt. Eg tenkjer at han høyrer heime saman med titlar som Fight Club, Bright Lights, Big City og Wall Street. The Wolf of Wall Street er innanfor same greia: Ei utforsking av kva som skjer med oss når vi jagar suksess og på død og liv skal vere heilt perfekte.

Patrick Bateman fortel alt vi treng å vite allereie når filmen opnar:

«There is an idea of a Patrick Bateman, some kind of abstraction, but there is no real me. Only an entity, something illusory. And though I can hide my cold gaze, and you can shake my hand and feel flesh gripping yours and maybe you can even sense our life styles are probably comparable, I simply am not there.»

American Psycho (2000) – Foto: Lions Gate Films / Columbia Pictures

Bak den greske gudemaska

Patrick er ein rikmannsson som jobbar høgt oppe i skyskraparen til far sin. Han ser ut som ein gresk gud. Patrick går på jobb kvar eineste dag (men jobbar ikkje). Han et på New York sine mest fancy restaurantar (bortsett frå Dorsia) i lag med alle dei såkalla venene sine. Og på natta er det fest på eksklusive klubbar, med store inntak av kokain. For så å drepe kvinner, hundar eller uteliggarar utover morgonkvisten.

I jakta på suksess og perfeksjonisme («We could always look better») har det klikka fullstendig for jappen. Bale gjer ein knalljobb med å framstille Bateman som ein kar med dei heilt perfekte meiningane om verdsproblema. Han meistrar kvar einaste samtale i rikmannsklubben. Her er det ikkje éin einaste ærleg dialog som kjem frå Patrick sin kjeft gjennom heile filmen, med unntak av i klimakset og via forteljarstemma.

Når dei misogyne, rike mannfolka sit og et lunsj og deler visittkorta sine med kvarandre (ei legendarisk scene) medan misunninga rår, snakkar dei om kvinner som reint kjøt. «There are no girls with good personalities,» seier dei i kor og bryt ut i latter. Scena minner meg om den klassiske Monty Python-sketsjen der ein gjeng aristokratar sit og overgår kvarandre i å ha hatt den fælaste oppveksten. Om ein ikkje ser humoren og den totale galskapen i denne misogyne runkeklubben, misforstår ein heile filmen. Og om ein faktisk ser opp til dette, då er det verkeleg på tide å bestille seg ein time hos psykolog.

Mannosfæren! – Foto: Lions Gate Films / Columbia Pictures

Mary Harrons umoglege prestasjon

Regissør Mary Harron er sjølve nøkkelen til at filmen fungerer så ypperleg. Vi får eit kvinneleg regissørblikk på Bret Easton Ellis si bok, som kanskje er noko av det mest sjokkerande som nokosinne er skrive. Eg las boka på vidaregåande. Faktisk var det den aller første boka eg las i sin heilskap på engelsk, og eg blei heilt besett av ho. Boka gav meg ei heilt unik oppleving – ho var eit hundre prosent mindfuck.

Det heile startar sakte i boka. Eg hugsar at eg nesten blei sjarmert av Bateman (nerdesida). Og sidan romanen er skriven i førsteperson, blei det desto meir sjokkerande når han starta med torturen og drepinga. Eg sat og tenkte «nei, nei, nei, KVA ER DET DU GJER, PATRICK?!», men eg klarte ikkje å slutte å lese. Dei grafiske detaljane i boka kan absolutt ingenting overgå, sjølv ut frå eit tretti år gamalt minne. Ikkje ein gong Terrifier 3 kjem i nærleiken – boka var beint fram hinsides brutal.

Mary Harron gjorde ein nesten umogleg jobb då ho skulle omforme denne romanen til film, og resultatet er ei av dei beste filmatiseringane eg nokosinne har sett.

American Psycho (2000)
Musikknerden Patrick – Foto: Lions Gate Films / Columbia Pictures

Komediegull og musikkmani

Eg elskar å sjå Christian Bale navigere seg gjennom kvardagen. Å vere vitne til panikken som oppstår i han når nokon kjem for nært innpå han, og dei paniske unnskyldningane han alltid kjem med: «I gotta return some videotapes.» Korleis han krampaktig speler rolla som Mr. Perfect i sosiale lag – Bale treffer spikaren på hovudet kvar einaste gong med reint komediegull.

Og musikkbruken er FANTASTISK! Scenene der han tyt i det uendelege om Genesis, Phil Collins, Huey Lewis and the News og Whitney Houston, og greier ut om kva som er det definitive albumet – eg elskar desse dialogane. Og eg diggar jo desse CD-ane sjølv! Ute på klubbane får vi servert Pump Up the Volume av M/A/R/R/S og True Faith av New Order. Filmmusikken blandar inn David Bowie og The Cure, og alt dette skapar ein fullstendig fabelaktig atmosfære.

American Psycho (2000) – Foto: Lions Gate Films / Columbia Pictures

SPOILERS UNDER!

Eit klimaks i fritt fall

Så kjem klimakset. Filmen går over i eit radig tempo, eit sjukt effektivt narrativ som rett og slett rasar av garde. Bateman klikkar fullstendig. Ute på gata skyt og drep han heilt tilfeldige menneske. Politibilar eksploderer ut av det blå, og han kikkar rart og forundra på sin eigen pistol. Han spring gjennom gatene i full berserk-modus, opp til kontoret sitt der han ringer advokaten, skriftar alle drapa han har gjort, og græt som eit lite barn.

Men så viser det seg at advokaten tek alt saman som ein dårleg spøk. Paul Allen, som Patrick brutalt tok livet av tidlegare i filmen (i rein misunning over eit visittkort), er visstnok ikkje drepen likevel, men bur i London? Sekretæren til Bateman finn den private notatboka hans, som er stappfull av sadistiske teikningar av drap og skiten fantasi.

Teorien om at alle drapa berre gjekk føre seg i Patrick sin eigen fantasi, er ein knallgod twist. I dag kan han kanskje verke litt oppbrukt og bli avslørt på rein refleks av erfarne sjåarar. Då eg las boka i 1994/95, var dette det største WOW-augeblikket eg nokosinne hadde opplevd. Dette var trass alt lenge før eg hadde sett M. Night Shyamalan, David Fincher og alle dei moderne twist-meistrane slå seg laus. Då eg såg filmen visste eg det naturlegvis frå før, men det slo likevel knallhardt.

Men var det eigentleg berre ein fantasi?

Regissør Mary Harron har sjølv uttala at det ikkje var fantasi. Ho meiner han faktisk var ein gal drapsmann, og at poenget med at advokaten ikkje trur på han, er at denne Wall Street-verda er så ekstremt sjølvoppteken. Karakterane er så oppslukte av sin eigen navle at dei rett og slett ikkje registrerer ein brutal mordar midt i blant seg – dei bryr seg rett og slett ikkje.

Dette er ein genial måte å tolke det på. Grunnen til at eg likevel lener meg mot fantasi-teorien, er den absurde sekvensen der han går amok på gata og plaffer ned alt, for så å sjå forundra på pistolen sin. I boka blei denne sekvensen fortalt i tredjeperson (eit genialt grep å hoppe frå første- til tredjeperson), og det heile var så vilt at det kjendest som den reine feberfantasi frå ein ekstremt sinnsjuk person. Men her finst det mange teoriar, og det fine er at vi kan tolke det akkurat slik vi vil.

American Psycho (2000) – Foto: Lions Gate Films / Columbia Pictures

Ei maske utan menneske

At Mary Harron valde å hente ut komedien frå dette bekmørke materialet, var ei genial løysing. Filmen har noko befriande enkelt ved seg; han hoppar lett og saumlaust frå scene til scene utan at narrativet stoppar opp. Det blir gjort så elegant at eg blir like overraska kvar gong slutten kjem. Satiren set eit knallhardt og intellektuelt lys på verdas største drittsekkar på Wall Street, og heile den mørke, moralske råteskapen som følgjer med eit slikt liv. Jakta på ekstrem suksess korrumperer sjela, og til slutt sit ein berre att med ei perfekt maske – heilt utan eit menneske bakom.

American Psycho er utan tvil ein av 2000-talets aller beste filmar. Med ei speletid på 1 time og 40 minutt rullar han over skjermen som ein straumlinjeforma, bekmørk draum. Mary Harron beviser for alvor at ein ikkje treng tre timar for å skape eit filmatisk meisterverk. Filmen på Letterboxd

Terningkast: 6

Bak Filmcoveret

  • Tittel: American Psycho
  • År: 2000
  • Regissør: Mary Harron
  • Manus: Mary Harron og Guinevere Turner (basert på romanen av Bret Easton Ellis)
  • Produsentar: Edward R. Pressman, Chris Hanley, Christian Halsey Solomon
  • Sjanger: Satire / Svart komedie / Drama
  • Nasjonalitet: USA / Canada
  • Lengde: 1 time og 41 minutt (101 minutt)

Skodespelarar:

  • Christian Bale (Patrick Bateman)
  • Willem Dafoe (Donald Kimball)
  • Jared Leto (Paul Allen)
  • Reese Witherspoon (Evelyn Williams)
  • Chloë Sevigny (Jean)
  • Samantha Mathis (Courtney Rawlinson)
  • Justin Theroux (Timothy Bryce)
  • Matt Ross (Luis Carruthers)
  • Bill Sage (David Van Patten)

Musikk:

  • Originalmusikk: John Cale
  • Sentrale låtar i filmen:
    • Huey Lewis and the News – «Hip to Be Square»
    • Phil Collins – «Sussudio»
    • Genesis – «In Too Deep»
    • Whitney Houston – «The Greatest Love of All»
    • New Order – «True Faith»
    • David Bowie – «Something in the Air»
    • The Cure – «Watching Me Fall»
    • M/A/R/R/S – «Pump Up the Volume»

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *