Lost Highway (1997) anmeldelse: Eit surrealistisk Lynch-mysterium
Dette var kanskje mitt sjuande gjensyn med David Lynch sin Lost Highway. Undervegs slo det meg at eg aldri vil finne nye storfavorittar som Lynch, John Carpenter, Walter Hill og Steven Spielberg. Eg har kome til den alderen der leitinga har stoppa. Eg har mine favorittar for livet, utan plass til nye. Desse regissørane er meg, så bundne til min eigen identitet. Det blei heilt klart og tydeleg for meg under Lost Highway. Eg følte meg heime!
Eg gløymer aldri då eg såg Lost Highway første gong hausten 1997. Då forstod eg ikkje steike støv. Eg kan beskrive opplevinga med eitt teikn: ? Frå før digga vi David Lynch og syntest han var rar på ein herleg måte. Dette var likevel eit kunstnarisk steg vi ikkje var klare for. Det var eit taktskifte der Lynch berre laga 100 prosent det han sjølv ville. Filmen blei ei oppvarming til what’s to come i meisterverket Mulholland Drive (2001), Inland Empire (2006) og Twin Peaks sesong 3 (2017).

Film noir – og verdas sjukaste «tailgating»-scene
Ser eg reint objektivt på det som blir servert på storskjermen, er Lost Highway ein neo-noir-skrekkfilm med klassisk Lynch-mysterium. Her finn vi mange troper frå film noir. Vi har brunetta, blondina, helten, skurken og stakkaren som blir lurt av blondina til å drepe for pengar.
Vi møter jazzmusikaren Fred (Bill Pullman) og kona hans (Patricia Arquette), som får mystiske VHS-kassettar på døra. Kassettane viser film frå innsida av huset deira, steg for steg nærmare soverommet. Når paret har sex, slit Pullman, medan nydelege «Song to the Siren» av This Mortal Coil svevar i bakgrunnen. Noko mørkt skjer – Fred blir arrestert for drap!
Forvandlinga!
Men så skjer det som sprengjer alle rammer allereie i slutten av første akt. Etter at Fred hamnar på dødscelle, blir han fysisk omforma til den unge bilmekanikaren Pete (Balthazar Getty). Det er eit ekstremt kunstnarisk grep av rein og skjær surrealisme. Far out, man! Det virkar nesten som om Lynch sat med manuset og plutseleg ikkje orka meir av Pullman-karakteren. Dermed sletta han berre fyren i cella og bytta han ut med ein yngre, meir viril mann. Noko slikt hadde eg aldri opplevd før.

Rundt dette mysteriet kryr det av uforgløymelege øyeblikk og fantastiske skodespelarar i bittesmå roller. Her dukkar Richard Pryor, Gary Busey, Jack Nance, Giovanni Ribisi og sjølvaste Henry Rollins opp! Men høgdepunktet av rein underhaldning er mafiasjefen Mr. Eddy, spela av Robert Loggia. Når ein bil pressar Loggia heilt opp i ræva på landevegen, klikkar det for mafiasjefen. I ei hysterisk sjuk scene pressar han fyren av vegen, gir han juling og held ei rasande lekse om «tailgating». Eg ler kvar einaste gong! Dette er garantert David Lynch som snakkar direkte via Loggia, etter éin tailgating for mykje i trafikken.
Kva meiner eigentleg David Lynch? (Og treng vi ein fasit?)
Etter sju gjensyn – har eg blitt noko klokare på sjølve plottet? Nei. Så kjem vi til analysane: Kvifor skjedde dette? Kva meiner David Lynch her? Eg har kika litt på diverse meiningar på det vide internettet, men er lite interessert i å studere dette. Eg føler det forstyrrar mine eigne tankar om eg les andre sine tolkingar. Eg likar å føle meg fram i mi eiga Lynch-verd. Målet er å føle, ikkje å intellektualisere med pipe og raudvin – sjølv om det òg kan vere morosamt.
Nei, eg nyt filmen med «høgre» hjernehalvdel, der den kreative gleda ligg. Å ikkje forstå er ein del av leiken, og det mest kritiske av alt: Eg vil ikkje ha ein fasit!

The Mystery Man
Den einaste vesle teorien eg leikar med, handlar om den djevelske «The Mystery Man» (Robert Blake). Han dukkar opp overalt, kan vere to plassar samtidig, og elskar å ta kontroll med eit VHS-kamera. Er han djevelen på skuldra deira? Eller… er dette sjølvaste David Lynch? Eg fekk ofte den kjensla på ein veldig meta-måte. Til sjuande og sist er det jo han med kameraet som bestemmer skjebnen til alle – som ein gud i filmuniverset!
Men nok kvasi-analyse før hovudet mitt eksploderer! Då eg stakk lisjetåa i kunstverda på kunstfagskulen, skulle både studentar og kunstnarar alltid forklare kunstverket sitt. På kunstmuseet merka eg at svært få kunstnarar lèt verket vere eit mysterium. Vi blir heller mata med teskei om kva alt handlar om. David Lynch gjer ikkje det, og det var nettopp der han starta, som kunststudent og målar. Kanskje lærte han tidleg at alt ikkje må forklarast. Det beste er når vi sjølve dannar oss eigne meiningar om det vi ser framfor oss.
Eit udødeleg 90-talssoundtrack: Frå David Bowie til Lou Reed
Ein kan heller ikkje snakke om Lost Highway utan å nemne musikken. Eg kjøpte faktisk soundtracket på CD i 1997 før eg såg filmen. Den plata fekk kjørt seg hardt – og gjer det framleis!
Opningslåten «I’m Deranged» av David Bowie meiner eg den dag i dag er hans aller beste song. I tillegg får vi Nine Inch Nails, The Smashing Pumpkins og Rammstein i ei salig 90-talsnostalgi. Og så har vi Lou Reed med sin versjon av «This Magic Moment». Den låten heilfrelste meg til å kjøpe alle CD-ane hans, inkludert alt av The Velvet Underground. På grunn av denne filmen er Lou Reed framleis inne på min personlege topp 5-liste over musikkartistar. Eg kan takke Lynch!

Dommen: Er Lost Highway David Lynch sin beste film?
Eg forstår kanskje ikkje plottet frå A til Å, men eg forstår Lynch-atmosfæren, musikken og det himmelske mysteriet. Lost Highway blir berre betre for kvar gong eg ser han. Eg oppdagar alltid ei ny brikke i David Lynch sitt fantastiske sinn.
Eg kastar meg inn i filmen og stolar på at Lynch leiar meg gjennom heile reisa på the lost highway. For her blir ein LOST som sjåar! Og det er ei fantastisk kjensle! Det vil ikkje overraske meg om Lost Highway endar opp som Lynch sin beste film på mine eldre dagar. Dette er ein type film eg kunne ha sett kvart år utan å kjede meg eit sekund. Ein STOR nittitalsfilm, og eg gir full pott:
Terminal-pila: ◀◁
80s Action David Lynch FilmNoregRundt hottast John Carpenter netflix profil Sci-Fi slakt Spooktober 2026 Stephen King Stranger Things Thor Dahlstrøm VHS Walter Hill
