Anmeldelse: The Mackintosh Man (1973)
Endeleg er Spooktober over, og ting går tilbake til business as usual her på Filmloftet. Det vil seie: videosjappefilmar! Eg skal skrive ein Spooktober-rapport omsider, men no var eg så gira på å sjå noko anna at The Mackintosh Man (1973) blei første film ut for november.
Undercover i ekte spionstil
Paul Newman spelar «The Mackintosh Man», ein kald spion som tek på seg eit veldig farleg oppdrag for den britiske staten. Han går undercover som innsett i fengselet for å finne ein agent og avsløre ein ring med forrædarar. Regissør John Huston tek oss med på ei lita rundreise her i ekte spionstil.
Rett i fellen med Walter Hill og Newman
Walter Hill skreiv manuset, men var langt ifrå nøgd med resultatet. Min filmhelt stod bak første halvdel av manuset, medan resten var skrive av andre. Det er alltid godt å sjå Paul Newman. Her skal han liksom ha australsk aksent – forgetaboutit! Og han spelar karakteren ganske rett fram, litt nøytralt. Men likevel bra nok i mine auge.
Rett i fellen, som han heitte på norsk, er ein typisk spionfilm frå denne æraen. Her er det lite av den moroa som vi får frå James Bond, fordi John Huston går for ein seriøs spionthriller. Maurice Jarre står bak eit catchy tema, som bryt litt med den seriøse tonen Huston går for.

Videosjappesjarm og frityrlukt
Jodå, frityrlukta er god! Dette er ein spionthriller som er heilt grei å sjå ein dag alt anna ikkje fungerer. Ein veldig enkel thriller, utan noko visvas. Eg likte reisa til Newman her, og med namn som Huston, Hill og Jarre tilknytt prosjektet, er det vanskeleg for meg å mislike dette.
Eg såg på det norske VHS-coveret før eg sette på filmen, så eg blei godt varma opp av sjappesjarmen frå den gode VHS-tida heilt frå start. Eg kunne for så vidt ha vore litt streng og gitt filmen «midt på», men eg sat att med ei så god VHS-kjensle at eg skal vere snill.
Terminal-pila: ▲
80s Action David Lynch FilmNoregRundt hottast John Carpenter netflix profil Sci-Fi slakt Spooktober 2026 Stephen King Stranger Things Thor Dahlstrøm VHS Walter Hill
