The Faculty (1998): Anmeldelse
Eg synest The Faculty frå 1998 faktisk er betre enn Scream. Målet mitt her blir ikkje å argumentere i senk kvifor den slår Scream heilt objektivt – for det er jo umogleg, sidan Scream er hylla som den desidert største skrekkfilmen på nittitalet. Men eg vil fortelje deg kvifor eg set større pris på denne sci-fi-perla av Robert Rodriguez, meir enn Wes Craven sitt store comeback.
The Faculty har nemleg éin stor fordel: Den fekk ikkje sju etterfølgjarar, haugar og dungar med imitatorar, og den blei ikkje parodiert i Scary Movie-franchisen. Alt det der resulterte i at eg rett og slett blei mektig lei av Ghostface og meta-slashing!
Kevin Williamson: Mannen som redda skrekkfilmen?
Denne filmen er skriven av Kevin Williamson, mannen som gjorde skrekkfilm stort igjen med nettopp Scream. På eiga hand revitaliserte han heile sjangeren som låg for døden, nedtyngd av den eine fiaskoen etter den andre i form av endelause sequels av A Nightmare on Elm Street og Friday the 13th. Eg trudde først det var Wes Craven som stod bak dette skiftet, men ifølgje skrekkboka eg les no, «Screaming and Conjuring» av Clark Collis, var det manusforfattar Kevin Williamson – ikkje Craven aleine – som fekk folk tilbake i kinosalane.
Og Williamson blei ettertrakta! Dimension Films (Miramax) tilsette han for å konkurrere mot New Line Cinema, med kjempesuksess. Han skapte I Know What You Did Last Summer, Dawson’s Creek, var med på Halloween H20 og skreiv Scream 1, 2 og 3. Og sjølvsagt The Faculty, som blei ein moderat suksess på kino før den blei litt gløymd – og til slutt voks fram som ein sann kultfilm.
Ein sci-fi-cocktail av The Breakfast Club og The Thing
The Faculty er ein godtebutikk deluxe! Her er det så mykje å digge, og om ein vil: analysere. Det er inga hemmelegheit at filmen er tungt inspirert av Invasion of the Body Snatchers frå 1956, som sjølv blei laga på ny heile to gongar med knallsuksess, pluss ein litt meir medium versjon på 2000-talet. Filmen er smart nok til å fortelje oss at den første Body Snatchers er basert på ei bok, som igjen lånte frå ei anna bok eit par år tidlegare som heiter The Puppet Masters. Men her handlar det om ungdommar, og lærarane i staben (the faculty).
Filmen hoppar rett på sak i opninga. Vi får sjå at noko er fullstendig gale i lærarmiljøet, og at ein parasitt tek over sinn og kropp til gymlæraren og ein kollega. Vidare blir lærar etter lærar teken, og snart er det elevane sin tur. Eg har ikkje tenkt å skrive om filmen sine hendingar frå start til slutt, for denne er best å berre oppleve om du ikkje har sett han endå.

Kvifor eg diggar filmen
Kevin Williamson har ikkje berre laga ein hyllest til Body Snatchers, han har kombinert to andre filmar eg elskar: The Breakfast Club og The Thing. Og han har gjort det på ein utruleg smart måte.
Våre hovudpersonar er Zeke, spelt av Josh Hartnett (the criminal), Jordana Brewster som Delilah (the princess), Clea DuVall som Stokely (the basket case), Shawn Hatosy som Stan (the athlete) og Elijah Wood som Casey (the brain). Filmen fungerer bra fordi desse karakterane fungerer knallbra, og High School-settinga er blant den beste frå nittitalet. I gjengen er det også éi til, som er litt av eit puslespel: Laura Harris som den ferske, blide studenten Marybeth. Ho gir ein skikkeleg Laura Palmer-vibe og er ein slags final girl – utan at eg skal røpe for mykje!
Eit knallsterkt lærarkollegium
Mest av alt diggar eg lærarane. Sentralt står Robert Patrick, som her er i absolutt toppform som den sinte gymlæraren. Piper Laurie (Carrie) er knall. Den klumsete og rare Famke Janssen er i ei uvanleg rolle for henne. For ikkje å gløyme Salma Hayek og den alltid solide Daniel von Bargen.
Kven hugsar Harry Knowles? Den ultimate filmnerden som på nittitalet skapte verdas største filmblogg, Ain’t It Cool News. Han kunne velte ein film med meldingane sine og blei så populær at han dukka opp i diverse filmar, inkludert denne og Ghosts of Mars. Han hadde alt! Eg las ofte dei infantile anmeldingane hans, men mest av alt las eg kollegaene hans sine bidrag. Her var altså ein filmnerd vi alle kunne sjå opp til, heilt til han dreit på draget, viste seg å vere ein kåt gris, fekk eit skred av overgrepsskuldingar mot seg og mista alt. Heldigvis. Men rolla hans her er uansett lita.
Her er ein annan artig detalj: Faren til Elijah Wood blir spelt av Christopher McDonald, som vi alle elskar å hate som drittsekk-ektemannen i Thelma & Louise og Shooter McGavin i Happy Gilmore. Faren gjev sonen husarrest og tek frå han alle privilegium: telefon, internett, musikk… og pornoblada som er gøymt under senga. I ei scene litt seinare, når Wood prøver å snike seg ut om natta, dett han på bakken og faren kjem ut. Kva har han i handa? Eit pornoblad, sjølvsagt. Eg elskar slike småting!

Hjernevask og kopartråd-testen
Tilbake til filmen: Breakfast Club-gjengen blir vener, og saman tek dei opp kampen mot parasittane frå verdsrommet. Her er ein faktor eg elskar: Dei er misfits. Resten av skulen, som har blitt «hjernetekne», er ute etter dei for å gjere dei like. I den gamle Body Snatchers var det den «raude faren» (kommunismen) som var sentral. Her er det ungdommar som skal bli hjernevaska av dei eldre lærarane. Min djupe analyse? Dei skal bli gjort vaksne. For alle vaksne er jo hjernevaska, og skulen i seg sjølv er ei stor hjernevaskingsmaskin for å få deg raskast mogleg vaksen.
Det er spesielt éi scene her som er heilt fantastisk, fordi ho rett og slett kombinerer favorittscenene mine frå The Breakfast Club og The Thing. Vi hugsar alle då Bender tok med seg gjengen inn på eit rom for å røyke marihuana. Og vi gløymer aldri den glødande kopartråd-testen av blodet i The Thing. Her tek Zeke med seg gjengen heim etter at dei finn ut at stoffet han pushar på skulen kan drepe parasitten. Så alle må ta ein test: dei må sniffe og bli høge! To ikoniske scener, effektivt smelta saman til éi.

Kanskje Robert Rodriguez sin vakraste film?
Eg må understreke: The Faculty når ikkje heilt opp til knea på verken The Breakfast Club eller The Thing. Men eg diggar denne leikne oppskrifta til Williamson, som tydeleg er prega av dyp research. Og Robert Rodriguez er kanon i regissørstolen her.
Dette er ein storbudsjettsfilm, og eg synest det kanskje er hans vakraste verk reint visuelt. Rodriguez er jo mannen alle ser opp til om ein skal bli geriljaregissør; gjere det stort på små budsjett, lage alt sjølv og skyte kjapt. Men han blei aldri den massive auteuren på linje med Carpenter eller Tarantino. Eg trur grunnen er at han starta med Spy Kids-filmane (som eg òg likar godt!), blei for oppteken av franchisar og enda opp som ein forretningsmann. Eg elskar Desperado, From Dusk Till Dawn, Sin City og Planet Terror, men kvaliteten har diverre gått gradvis nedover med åra. Men uansett: Eg diggar Robert Rodriguez.
Klimakset er knallbra, og her blir filmen endå meir The Thing. Nokre småting trekkjer kanskje ned, som litt utdatert CGI, men det blir aldri plagsamt. Det viktigaste er at karakterane sit som eit skot, og plottet til Williamson er sylskarpt. Eg diggar High School-settinga og alle dei filmtekniske grepa.
Eg må berre konkludere med at The Faculty har ein svært velfortent status som kultfilm. Eg har no sett denne for fjerde gong sidan den kom, og filmen er ganske så morosam og høgst gjensynsbar. Ja, meir enn Scream, faktisk. Synest no eg, då.
Terminal-pila: ▲
80s Action FilmNoregRundt hottast John Carpenter netflix profil Sci-Fi Spooktober 2026 Stranger Things Thor Dahlstrøm VHS Walter Hill

Jeg likte filmen når den kom ut og digger den fortsatt, føler «den er» bedre en Scream , men så liker jeg og Invasion of the Bodysnatchers og temaet som henspilles her…
De lanserte The Puppet Masters i 1994 med Donald Sutherland og Julie Warner der David S. Goyer var blandt manus forfatterene..en film som er verdt et blikk selv om den ikke akkurat toppet kino listene hvis en har sans for Bodysnatchers
Her med! Elskar BODYSNATCHING! Diggar alle filmane, bortsett frå The Invasion (2007) som eg huska lite av. Har du sett den i det siste? Nesten frista å sjekke den.
The Puppet Masters – rett på lista. Ikkje sett sidan VHS ein gong i 94-95. Bra tips!!