Ein poster av skrekkfilmen Wolfen frå 1981

Wolfen (1981): Anmeldelse

Her var det mykje som appellerte til mine sansar! Historia er veldig enkel: Nokon jaktar og drep menneske i New York. Men når dei drep dei rikaste i byen, vaknar politiet og kallar inn sin beste mann som er nær pensjon. Med seg får han hjelp av ein spesialist. Kva som drep er eit mysterium. Korleis filmen går fram med stil og knallgode karakterar er grunnen til at eg gir toppkarakter heilt nede.

Ein sær, men knalltøff helt

Hovudpersonen er spelt av Albert Finney. ALBERT FINNEY!! Han brukar som regel å spele biroller som sjef eller autoritetspersonar. Dette er ein type rolle som Michael Douglas eller William Hurt hadde fått på denne tida, men her spelar altså Finney helten. Eg synest det er knalltøft! For han er så sær!

Kollegaen hans er spelt av Diane Venora; her ung og sexy. Gregory Hines er med på laget, steik kor eg diggar han! Han slenger inn litt humor i ei ganske så hard forteljing. Og ikkje minst, Edward James Olmos i ein knallprestasjon som indianar. Ja, og Tom Noonan som – surprise – ein særing. Dette er ei knall casting!

Filmens helt er spelt av Albert Finney. Wolfen 1981.
Filmens helt: Albert Finney. ALBERT FINNEY!!!

Predator-syn og apokalyptisk New York

Som sagt, her er det mykje detaljar og knallting eg elskar. Wolfen har eit jegersyn, slik Predator har. Og Schwarzenegger sin film tek element direkte frå Wolfen. Den karakteristiske lyden når Predator-synet slår inn, er eksakt det same som når filmen her hoppar til Wolfen-synet.

I Predator var det infraraudt, eller varmesignalar som kunne bli sett. Her er det dels det, men også nattsyn. Eg digga korleis dette er gjort. I starten tenkte eg at det kunne bli plagsamt, men så fekk det eit deilig kunstnarisk preg som fascinerte meg. Når kameraet reiser i fart langs bakken i New Yorks gater på nattestid, det var skikkeleg kult.

Mi favorittid i New York på film er på vinterstid. Slik som i The French Connection. Når trea er nakne og frosten kjem ut kjeften på folka. Det er noko med korleis New York ser ut på denne tida og slutten av åttitalet: så rå og brutal.

Praktiske locations som tek pusten frå deg

Finney og kollegaene hans finn spor som leier dei til eit forlate område i byen. Ei nedbrent kyrkje, med forlatne nedbrente bustadblokker. Scenene er fantastiske! Ein location som faktisk er ekte, som gir ein apokalyptisk vibe av ruinar. Og på eit så stort område!!! Eg blei heilt satt ut av kor mektig filmgrafisk det var!

I ei anna scene går Finney opp langs ei av byen sine største stålbruer med wire som sikkerheit. Heilt opp på toppen for å prate med James Olmos. Vi ser heile byen, og det er og ekte – og veldig skummelt! Korleis dei fekk dette til, og korleis dei fekk med seg Finney og Olmos til ein slik location – imponert!!

Ein annan ting er kor dempa dialogen er her i Wolfen. Karakterane snakkar lite med kvarandre og det fokuserast mest på blikk og rørsle. Det gir meg så stor glede når ein slik type film berre gjer ting på sin eigen måte og er noko anna enn alt det andre. Det er sært og sjeldan.

Det norske VHS coveret av Wolfen frå 1981.
RÅTT VHS COVER! Eg vil ha plakat takk!

Horner-musikk og eit ekstatisk klimaks

James Horner laga musikken! Her er han i oppvarming til Aliens – for kjente tonar dukka opp og blei gjenbrukt i akkurat Aliens. Slik som han pleiar. Musikken til Horner har eg alltid vore stor fan av, så det gir ei klar bonusglede for meg oppå alt anna som berre klaffar!

«Ahhhhhhhwoooooooo»

Eg skal røpe lite. Men 30 minutt før slutt var filmen veldig god. Siste akt med klimaks og knallgod mytologisk småprat frå indianargjengen til Olmos heva filmen til toppkarakter! Som dei fleste skrekkfilmar med monster, blir skikkelsen avslørt seint. Eg var litt redd for å bli skuffa. Tvert imot, eg blei ekstatisk! Er du på leit etter ein varulv-/ulveskrekkfilm som tør å vere noko annleis og som ER KNALL – anbefalar eg Wolfen på det STERKASTE.

Terminal-pila: ◀◁ 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *