Audiovisuelle filmar med komedie: Saltburn (2023)

Sjangerkrasj og absurd komedie i moderne film


«Film er eit audiovisuelt medium»

Det blir ofte sagt. Spesielt om filmar som har eit plott og eit manus som ikkje treffer alle like godt. Eg les stadig «men film er eit audiovisuelt medium» brukt som eit forsvar for ein film som får kritikk av enkelte for plottet eller forteljinga. Det vil seie at ein film ikkje alltid treng eit knallsterkt plott, så lenge filmfotografen og resten av gjengen gjer ein storjobb.

Sjølv kan eg like ein film på heilt ulike måtar. Kanskje er atmosfæren akkurat min type, eller ein skodespelar fangar meg heilt gjennom filmen, som til dømes Russell Crowe i Nuremberg eller The Pope’s Exorcist. Eg kan digge filmar utelukkande på grunn av regissøren sin stil og estetikk, noko som har blitt prosessert gjennom mine sansar i fleire tiår og vore med på å utvikle smakssansen min. Då er ikkje plottet personleg nødvendig for at eg dundrar til med eit terningkast 6.

Så eg forstår godt dei som seier at film er eit audiovisuelt medium, og at eit intrikat plott, slik ein finn i bøker, ikkje alltid er strengt nødvendig på film.

Russell Crowe i The Pope's Exorcist
The Pope’s Exorcist © 2023 CTMG, Inc.

Sjangerkrasj og absurd komedie i moderne film

Filmen One Battle After Another hadde eg store problem med, endå han verkeleg er audiovisuell. Han hamnar i selskap med ei rekkje andre filmar eg har slite med dei siste åra: Anora, The Banshees of Inisherin, Poor Things, og Saltburn.

Reint audiovisuelt er desse filmane knallbra laga. Men dei har noko til felles: Dei inkorporerer komedie, alle som ein. Dei hamnar i eit nytt type landskap, nesten ein heilt ny sjanger, der alt blir miksa saman i ein blendar. Tematikken er alvorleg, men med eit tydeleg snev av absurd og mørk komedie. Ein kunstfilm, men ikkje heilt. Ein sjangerfilm, men ikkje heilt.

Her krasjar det som oftast for meg. Dette er rett og slett ikkje ei retning eg likar. Desse filmane er jo kjempepopulære! Så formelen har utan tvil vore suksessrik. Det er berre det at eg ikkje fell for humoren, slik fleirtalet tydelegvis gjorde.

Dette handlar ikkje nødvendigvis om plott eller forteljing. Det handlar meir om at desse filmane eksperimenterer så mykje med sjangrar, surrealisme og absurditet. Det blir kasta så mykje ned i gryta at vi ikkje lenger klarer å definere kva filmane eigentleg er eller vil. Her slit eg. Og aller mest: Eg synest ikkje dette var god komedie!

One Battle After Another (2025)
audiovisuell film
Veldig vakker audiovisuell film, men! One Battle After Another (2025)

Når humoren feilar, feilar filmen

Det er heilt kritisk at eg ler for at filmen skal heve seg opp til å bli meisterleg. For ein film som klarer å balansere filmsjangrar OG filmkunst, og som fungerer eksakt etter regissøren sin intensjon om å spele på publikum som ein ukulele, MÅ vere meisterleg. Men det gjeld ikkje desse filmane. Humoren i desse filmane trefte ikkje min.

Derfor er det vanskeleg å diskutere dei, for ingen skal våge å seie kva eg skal synest er morosamt, eller kva du bør le av.

Saltburn? Å liggje i eit badekar og slurpe sæd – ja, der har vi den moderne komedien. IKKJE MOROSAMT for meg.

Audiovisuell og absurd komedie - Poor Things med Bella
Poor Things: Foto: Searchlight Pictures

Når ein film sprøyter humor inn i seg og forventar at vi skal le av det, så lyt filmen og fansen tole å høyre det. For når du stappar komedie inn i relativt alvorlege tema, i eit ope sjanger-kunstprosjekt, er faren uhorveleg stor for at komedien nøytraliserer heile filmen og gjer han tøysete.

Meg som er problemet? Min humor sei du?

«Javel, så min form for humor stinkar,» tenkjer de som er fans av desse filmane. «Slapp av, ikkje overtenk, berre len deg tilbake og nyt det, le med oss, le med oss!»

Med dette blir det jo umogleg å diskutere filmane på ein fornuftig måte. Det blir humor mot humor. Filmane kan geniforklarast så mykje dei berre vil, men det kjem aldri til å forandre synspunktet mitt. For eg lo jo ikkje.

Saltburn hadde vakkert filmfoto, men null dybde.
Saltburn: Foto: Amazon MGM Studios

Filmar der komedien fungerte med det audiovisuelle

The Wolf of Wall Street (2013) er eit godt døme. Den såg eg på kino, og eg lo godt då DiCaprio kraup langs bakken mot bilen sin. Filmen var stappa av idiotar som eg syntest var morosame. Satiren om Wall Street og dekadente forretningsfolk var vellukka i mine auge.

Eg spreidde gleda mi for filmen i tida etterpå. Nokre av venene mine trudde eg var galen som hylla han. Kvifor? Fordi dei ikkje lo. Dei syntest filmen var altfor tøysete, og såg på han som eit lågmål frå ein elles legendarisk regissør. Det var ikkje vits i å diskutere det ein gong: Komedien mislukkast heilt for dei – game over man!

Og det forstår eg godt! Eg har aldri sett på The Wolf of Wall Street som noko meisterverk uansett. Han var gøy der og då, men noko meir var han ikkje. The Triangle of Sadness (2022): Eg lo. Er filmen eit stort meisterverk? Langt ifrå. Ein film som nyttar komedie som eit berande grep i forteljinga, kan nesten aldri bli eit ekte meisterverk.

The Wolf of Wall Street: Foto: Paramount Pictures
The Wolf of Wall Street: Foto: Paramount Pictures

Bortsett frå…

Yttarst få, i så fall. Lat meg sjå: Dr. Strangelove (1964) – ja, eg synest han er meisterleg. Men eg har vel aldri ledd meg i hel av han. MASH (1970) – ja, eg elskar han. Being There (Velkommen, Mr. Chance, 1979) klarte å balansere drama og komedie veldig godt. Eg likte òg Wag the Dog i si tid. Men elles er filmar som nyttar komedie i alle moglege former, aldri noko som kan bli heilt der oppe. I alle fall ikkje for meg. Reine komediar, ja, men ikkje dei som blandar alle sjangrar og håpar på full klaff på absolutt alle punkt frå publikum.

Film er eit audiovisuelt medium, ja. Men han er mykje meir òg, og alt kan diskuterast. Smak er smak.


Meir kvasifilosofisk filmprat? Alt var BETRE FØR (part I)

2 Comments

  1. «Dei inkorporerer komedie, alle som ein. Dei hamnar i eit nytt type landskap, nesten ein heilt ny sjanger, der alt blir miksa saman i ein blendar. Tematikken er alvorleg, men med eit tydeleg snev av absurd og mørk komedie. Ein kunstfilm, men ikkje heilt. Ein sjangerfilm, men ikkje heilt.»

    Her tenker jeg du er på ballen. Og her sliter jeg også med det å nesegrust hylle disse filmene du nevner. Jeg liker flere av de godt (OBAA likte jeg bedre enn deg tydeligvis, hehe).
    Men når komedien (om den er god, dårlig, mørk eller lystig) blir for overdøvende så sliter jeg med å koble meg på emosjonelt rett og slett.

    1. Har grubla lenge på dette, for det er viktig for meg å kunne peike på kor feilen for meg, ligg. Og det er no ingen tvil: komedie kan raskt bli bitter i lapskausen! 🙂 Men der er sikkert meir og! Her må det grublast endåmeir, haha!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *