Chinatown (1974): den siste store Hollywood-filmen?
Chinatown er ein type film som er vansklegast å skrive om. Desse gylne og klassiske filmane som står som oppreiste statuar frå åtti- og nittitalet. Bøker har blitt skrivne om dei, og alle dei store kritikarane har analysert og skapt karrierane sine på dei. Kva kan vel ein harmlaus øybuar som er glad i film, bidra med som er noko meir? Ikkje ein drit.
Men likevel må eg skrive, for det å skrive er sunt. Eg treng ikkje å analysere i hel noko, eller skrive ein fabelaktig, tradisjonell filmomtale! Nei, her står eg heilt fritt til å skrive akkurat kva eg vil. Ei nøtt eg prøvar å knekke.
Oppvaksen med dei udøyelege klassikarane
Chinatown har vore i livet mitt sidan slutten av åttitalet. Den var då, i lag med Gudfaren, Once Upon A Time In America, Apocalypse Now!, Gjøkeredet og The Deer Hunter, rekna som ein av dei aller største filmane! Dette visste vi utan å ha lese det ein einaste stad. Utan tilgang på internett, IMDb topp 250 og med minimalt med filmblad (som knapt dukka opp før 1990), var det ingen som kom og fortalde oss at dette var verdas beste filmar. Det låg berre i lufta då vi såg Oscar-utdelinga, eller når Pål Bang-Hansen kanskje tok dei fram. Vi blei kuraterte gjennom Måndagsfilmen og den lokale videosjappa. Men det viktigaste: vi skapte våre eigne meiningar.
You’re a very nosy fellow, kitty cat. You know what happens to nosy fellows?
Var 1974 slutten på kvalitetsfilmen?
Eg driv og les ei bok no, som eg har spart på fordi eg ville ta eit gjensyn med Chinatown først. Boka heiter The Big Goodbye: Chinatown and the Last Years of Hollywood og er skriven av Sam Wasson. I boka argumenterer han for at Chinatown var «peak Hollywood», og at dette var den siste store filmen for vaksne, før George Lucas og Steven Spielberg kom og øydela heile New Hollywood-bølgja som brilijerte på syttitalet.
Star Wars og Haisommer skapte blockbusteren, og samstundes franchisane med sine eigne leiketøy. Alt blei forandra! 1974 var det siste året kor rein og ekte film blei laga i Hollywood, meiner forfattaren. Det er sånn cirka det eg har fått med meg at Wasson si bok handlar om. Eg gler meg skikkeleg til å halde fram med boka, for dette synst eg er kjempeinteressant! Og det seier eg med litt smerte, fordi eg elskar Lucas og Spielberg. Og uansett tek Wasson feil, for John Carpenter laga noko av det beste eg har sett, samt Walter Hill – lenge etter 1974 – og åttitalet er mitt favoritt-tiår innan film. Steike ta Wasson!
Men det er fascinerande. Wasson er inne på noko. Sidan Jaws og Star Wars har konglomerata som tok over Hollywood satsa mykje hardare på blockbusters og franchiseskaping enn dei satsar på reine kvalitetsfilmar. Dette har pågått sidan 1975 og i alle fall etter 1977. Men eg skulle jo skrive om Chinatown. Er filmen den siste store?

Jack Nicholson briljerer i den gylne æraen
Filmen er jo knallbra, som alltid. Og det som verkeleg gjer Chinatown så knallbra, er Jack Nicholson. Han er med i absolutt alle scenene og har ein karisma som kvalifiserer han som tidenes beste mannlege skodespelar. Faye Dunaway er også med, og ho har eit preg frå ei svunnen tid – den klassiske «golden age» i Hollywood. Ho er kanonbra!
Æraen handlinga går føre seg i, i Los Angeles på seint trettital, ser så autentisk ut som det er mogleg å få til, og med denne gylne tonen i filmen hamnar eg i ei heilt anna verd. Jerry Goldsmith sitt filmscore hjelper også på – eit lydbilde han seinare tok liknande i bruk igjen i L.A. Confidential: ein av nittitalets aller beste filmar! (WASSON TEK FEIL, klart han tek FEIL!).
Når ein har folk som Roman Polanski, Robert Towne, Robert Evans, Goldsmith, og Nicholson med Dunaway i si stordomstid – alle i sin prime – som går i lag og lagar film… klart er resultatet ein supersolid sjangerfilm! Dette er ein stor film!
Tvisten som kanskje har mista litt kraft
Det einaste eg reagerer på, kanskje fordi eg har sett filmen over ti gongar, er filmen sin tvist. Den store løyndommen som blir avslørt den siste halvtimen. Eg hugsar reaksjonen min! Var dette første gong eg opplevde noko slikt? Usikker, eg trur kanskje eg såg Psycho etterpå. Og The Usual Suspects fleire år seinare. Uansett, heile filmen byggjer seg opp til denne tvisten. Det gjer også filmen litt mindre gjensjåbar, og effekten blir unekteleg svakare med åra.

Mi favorittscene og ei strålande 4K-oppleving
Difor ser eg etter andre ting. Jack Nicholson sitt skodespel, for eksempel. Mi favorittscene i heile Chinatown i dag? Då Jake, som karakteren heiter, blir beden om å vente når han er på besøk hos vassforsyningsdepartementet. Sjefen vil ikkje ta imot han, sekretæren ber han gå, men Jake set seg berre ned, og seier han kan vente. Så han sit der, tek seg ein røyk, tilbyr sekretæren ein – byrjar å nynne på ein song, plystrar og grev etter informasjon frå den stakkars kvinna. Ho får nok, og sørgjer for at Jake får møtet sitt på flekken. ELSKAR slike scener, for Nicholson briljerer med sjarm og stil.
Så kan eg nyte musikken til Goldsmith, eller filmfotoet som eg no såg for første gong i 4K på den største TV-en eg har eigd i mitt liv – berre det å få sjå Chinatown på best mogleg måte i mi eiga stove, var aldeles knall. Eg var også imponert av surrounden; lydar av byliv og fuglekvitring gjorde at eg verkeleg hamna i Los Angeles i 1937. Filmen er fortsatt fantastisk, og eg gler meg til å lese boka av denne Wasson.
Forget it, Jake. It’s Chinatown

Kva er Nicholson sin aller beste film?
Men kva er eigentleg Jack Nicholson sin beste film? Eg har tre heite kandidatar: Chinatown, Gjøkeredet eller Ondskapens hotell. Tre heilt forskjellige filmar, men med ein skodespelar som verda ikkje har sett maken til sidan. Jack Nicholson er SÅ GOD. Eg må ta eit gjensyn med Gjøkeredet. Eg trur faktisk den har potensialet til å vere nummer éin! Inntil eg tek nok eit gjensyn med Ondskapens hotell, that is.
NOK PRAT! – kva er dykkar største favoritt med Jack Nicholson?
